Glamping og glasskunst, ein perfekt familieutflukt på Hadeland Glassverk og Thorbjørnrud Hotell
- Eva
- 15. juni
- 4 min lesing
Oppdatert: 16. juni
Tenk deg å vakna opp i eit glampingtelt med utsikt over Randsfjorden, høyra fuglane kvitre og kjenna sommarroa bre seg, før dagen fortset med glasblåsing, kreative aktivitetar og bollar frå bakeriet på Hadeland Glassverk.
Detta var ei perfekt, kortreist familieutflukt med overnatting på Thorbjørnrud Hotell i glampingtelta deiras og ein heil dag med opplevingar for både store og små på Hadeland Glassverk.
//Reklame, opphaldet var i samarbeid med Thorbjørnrud Hotell og Hadeland Glassverk, og me fekk ein tur me seint vil gløyma!
Glampingopplevinga på Thorbjørnrud hotell
Når me svinga inn til Thorbjørnrud Hotell, var det første som møtte oss på sida av vegen vinrankane og dei majestetiske trea som danna ein allé fram til hotellet. Den historiske delen av hotellet er eit flott kvitt hus med ein velstelt hage utanfor.
Me blei tatt godt imot i resepsjonen og vist til glampingteltet vårt, der me skulle tilbringa natta. Teltet var romsleg og fresht, med fargerike dekorputer. Me budde i eit familietelt med dobbeltseng og to enkle senger, og med utsikt rett mot Randsfjorden. Ungane sprang straks ned på stranda for å utforska. Det var ikkje heilt badetemperatur då me var der i starten av juni, men me tippar det blir topp seinare i sommar!
Til middag rusla me bort til hotellet og fekk bord i den flotte spisesalen, sjå den sjarmerande tapeten! Me fekk servert ein 4-retters middag: and til forrett, nydeleg jordskokksuppe (dei smakane hugsar eg endå!), langtidssteikt okse med ein smakfull saus til hovudrett, og panacotta med bær til dessert. Barna kunne velja mellom pizza og pølse, med sorbet til dessert. Me var mette og nøgde! Servitørane var oppmerksame og serviceinnstilte, det gjer heile restaurantopplevinga ekstra god.
Etter middag blei det speling og legobygging i loungen på hotellet, og me rusla rundt og såg på den flotte kunsten i gangane. For kveldsstellet hadde me tilgang til eit hotellrom med do og dusj, snakk om luksus for glamping! Alle fire sovna godt og sov heile natta.
Neste morgon vakna me til fuglekvitter og utsikt over Randsfjorden. Så fredeleg! Ungane leika på stranda medan eg pakka. Frukosten fekk me servert på hotellet, ein rikhaldig og innbydande frukostbuffet. Etterpå vandra me ein runde i hagen og såg på urtene, blomane og bikubene. I det koselige drivhuset heng lampar frå Hadeland Glassverk, så gjennomført og vakkert! Etter dette var det klart for neste etappe: berre nokre få minutt i bil til Hadeland Glassverk.
Familiedag på Hadeland Glassverk
Hadeland Glassverk byr på mykje for både små og store. Me starta med å gå rundt og sjå på alt det vakre dei lagar der, og jammen blei det med eit par glas heim! Barna ville støypa lys, så me gjekk inn i Lys- og Tinnstøyperiet. Der kunne dei støypa to lys kvar, stas å ha eigne lys å ta med heim.
Så gjekk me vidare til Glasshytta, der ungane fekk blåsa sitt eige glas, ei stor oppleving! Me sette oss ned og såg på dei dyktige glasblåsarane i arbeid. Det er fascinerande å sjå teknikken, tolmodigheita og presisjonen deira. Mange sat og lot seg fasinera, inkludert oss.
I samme lokale laga me glas mosaikk bilder, så masse kjekke aktiviteter å gjera! Me kjente at no var det dags for litt mat så me satt oss ute på Mester Pizzeria og nytte nydelege italienske pizza i sola, så deilig bunn! Like ved var det leikeplass så ungane kunne leika der. Honninghuset var ekstra sjarmerande, med nydeleg lukt og gjennomført stil. Me avslutta besøket med deilige bollar frå Bakeriet, og var både mette og fornøgde!
Sommartilbod og aktivitetar
No i sommar (29. juni til 4. august) har Hadeland Glassverk Barnas Bondegård, der ein kan helsa på sauer, bukkar, esel, kaniner og høner, samt ri på hest mot ein liten kostnad.
Kvar dag mellom kl. 10 og 16.30 kan du blåsa ditt eige glas, delta i aktivitetar som lysstøyping, Ung Arna, og mykje meir, ta ein kikk på nettsida her. På Hadeland Glassverk et nok å gjera, heile dagen for heile familien!
Praktiske tips og info:
Glasblåste glas må stå i ca. 1,5 time før dei kan takast med heim
Mosaikkkunst må òg tørke litt
Ca. 1 time køyring frå både Oslo og Gjøvik
Gratis parkering
Ca. 10 min å gå frå Jevnaker stasjon til både hotellet og Hadeland Glassverk
10 min med bil til Kistefos Museum
Randsfjorden Badepark ligg ca. 5 min unna med bil
Telta har vifteovn, tepper og dyner, men om ein er kald av seg kan det vera lurt å ha med tjukkesokkar og fleece genser.
Utanfor telta er det sitteplasser så ein kan nyta sola og omgjevelsane
For oss var dette den perfekte kombinasjonen av ro, opplevingar og kvalitetstid med familien, utan å måtte reise langt. Me kosa oss verkeleg på denne turen, og fekk med oss både glamping i naturskjønne omgjevnader, god mat på Thorbjørnrud Hotell, og ein dag full av opplevingar på Hadeland Glassverk. Tusen takk for oss, me kjem gjerne att! 🏕️🧡
Comments