Pakkeliste til safari i Afrika, klær, utstyr og tips til reisen
- Eva

- for 4 døgn siden
- 4 min lesing
Oppdatert: for 4 døgn siden
Skal du på safari i Afrika, men usikker på kva du bør pakke? Etter å ha vore på safari i Kenya, har eg samla alt eg lærte i denne guiden. Her får du ei praktisk og gjennomtenkt pakkeliste med fokus på komfort, klima, dyreopplevingar og tryggleik, frå klær og sko til kamera, myggspray og solbeskyttelse. Passar òg for safari i Tanzania, Sør-Afrika og andre afrikanske reisemål. Det første du kan tenka på er å pakka i sekk og ikkje koffert. Det er ikkje masse plass i bilane til baggaje, så pakk lett og smart.
1. Klær; komfort og kamuflasje
Lette og pustande klær i nøytrale fargar (khaki, beige, grøn)
Langarma skjorte og langbukse (mot sol og mygg)
Lett jakke eller fleece, det kan vera kaldt tidleg og seint
Solhatt/caps og solbriller
Badetøy, mange lodgar har basseng
Gode sko, joggesko eller tursko funkar fint. Sandalar/flippers til bruk på hotellet
Eg er kjent som #frkvissomatte og pakkar alltid for masse med meg ;) Intet unntak på denna turen. Men eg er glad eg hadde ulike tskjorter, vide bukser, solhatt. Eg burde ha hatt med meg fleire shortsar då eg brukte kun det på game drive og på dagtid ellers. Ein pyntar seg ikkje på safari til middag, men skiftar gjerne kle etter dagen i støvet og sola. Eg hadde med meg eit par enkle kjolar, fordi eg syns det er kjekt å kle seg litt til middag på enkelte stader me budde. Eg reiste i eit par joggesko, og hadde eit par med meg. Det viste seg å vera veldig praktisk då me gjekk i kumøkk i Maasai villagen, og fint å kunna ha reine sko når me kom attende på lodgen ;) Eg hadde med eit par sandalar, det kunne eg ha bytta ut med flippers, mest pga plassen sandalane tok ifht flippers.
2. Utstyr og småting som gjer forskjell
Solkrem med høg faktor, bilane kan opnast på taket, og sola kikkar rett inn, så ha tilgjengelig solkrem i sekken heile tida.
Myggspray eller -rollon (helst med DEET): Det varrierar kor ein er ifht kor masse mygg det er, samt forskjellar på dei ulike årstidene. Men det er eit must å pakka ned.
Liten dagstursekk. Fint å ha med ei lett jakke, snaks ol. Eg brukte Zeeksack min som handbaggasje på flyet og hadde den med i bilen på utflukter.
Itillegg hadde eg ei lita mageveske med verdisaker; pass, penger og telefon. Veska på bilder er frå Hippi Grace.
Våtserviettar og handsprit. Det er ulikt tilførsel med vatn på toaletta, så lurt å ha med noko ein kan vaska seg med etter dobesøk
Toalettpapir. På dei fleste toalett i gaten til nasjonalparken og bensinstasjonar er det toalettpapir, men kjekt å ha med i sekken der det ikkje er det ;
Powerbank + adapter: Det seier seg sjølv at det blir tatt nokon bilder på Safari, så det er fint å alltid vera berett med powerbank! Ein vil ikkje vera strømtom med det unike møtet med løva ;) ⚡
Reiseforsikring, kopi av pass + det gule passet (der det krevs):
Hodelykt/lommelykt: Når du skal gå frå teltet/rommet på kvelden er det fint med lys. Nokon overnattingsplasser har det på romma.
3. Kamera og kikkert, for å ta vare på magien
Kamera med zoom (eller mobil med godt kamera)
Kikkert, undervurdert, men gull verdt!
Ekstra minnekort og batteri
Eg hadde med meg mitt kamera; Sony ZV-E10 og det var gull verdt når me fekk sjå den siste av The Big Five, nemleg Leoparden som klatra opp i eit tre. Me stod eit stykke unna pga fleire bilar, så då var det fint å kunna zooma inn! Ellers tok eg masse bilder med mobilen, for den er veldig lett tilgjengelig.
Les gjerne også: The Big Five – dei mektige dyra eg fekk sjå på nært hald
4. Medisin og helse
Malariaprofylakse (avhengig av område, sjekk med lege/vaksinasjonskontor)
Eigne medisinar
Eventuelt reiseapotek med allergitablettar, reisesjuketablettarplaster, Paracet, Imodium
Husk å sjekk med reisevaksinekontoret i god til før avreise ifht kva vaksiner du må ha med. Det gule passet må du huska å medbringa.
5. Viktige tips å ha med på turen
Unngå sterke parfymer, det kan forstyrre dyra
Snakk med guidane, dei sit på enorm kunnskap. Altså eg lærte så masse om både dyra, kulturen og naturen av vår guide og sjåfør frå Geffrey`s Travel. Han kjente området inn og ut!
Bruk kleda fleire dagar, det er vanleg og praktisk
Mange av overnattingsplassane tilbyr klesvask dersom du er det over fleire netter. Så blir det mindre kle å pakka.
Respekter dyra og naturen, du er på besøk i deira heim. Unngå høg stemma og skriking. For ja du har lyst å både ropa og skrika når du ser dyra, men det er fint å kontrollera seg litt der ;)
Gjer plass i sekken for nye minner (og kanskje ein suvenir eller to). Det er eigne souvenirbutikkar rundtom med masse kjekke gjennstander å ha med seg heim!
Eit minne for livet
Å reisa på safari er ei reise for livet, og med riktig pakking blir opplevinga endå betre.
Eg håpar denne lista gjer deg tryggare og meir klar. Drøymer du om safari men ikkje heilt veit kor du skal begynna? Send meg gjerne ein mail på: info@reisermedglede.no så hjelper eg deg i gang i samarbeid med reisebyrået Geoffreys Travel i Kenya som eg reiste med.
God tur og god jakt etter dei store opplevingane!

















Kommentarer