top of page

📾 5 Instaperler i Vest-Norge du mĂ„ fĂ„ med deg; fjell, fjord og utsikt!

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • 11. juli 2025
  • 5 min lesing

Oppdatert: 4. feb.

Fjell, fjord og fotoglede; dette er vestlandsperlene som ser like bra ut i virkeligheten som pÄ skjermen!

Vestlandet er fullt av dramatiske landskap og sjarmerande bygder; ein draum for bĂ„de reiselystne og Instagram-glade sjeler. I dette innlegget deler eg 5 fotogene stopp du bĂžr fĂ„ med deg i sommar, frĂ„ dei turkise brevatna i Oldedalen til surfestranda pĂ„ Hoddevik, blomstrande smĂ„bygder, fossefall og fjordutsiktar du vil hugsa lenge. đŸ“·đŸ’™



📍1. Oldevatnet: turkist vatn og mektige fjell

Tenk deg Ä padla pÄ eit turkist brevatn, omgitt av hÞge fjell og isbrear, det var akkurat det eg gjorde pÄ Oldevatnet. Eg budde pÄ ei hytte ved Gryta Camping, og i det eg steig ut av bilen og sÄg vatnet, blei eg heilt bergtatt! Sola skein, og eg kasta frÄ meg sekken i hytta fÞr eg lÄnte kajakk og padleÄrer i resepsjonen, no mÄtte eg berre ut pÄ vatnet.


Midtfjords sat eg heilt stille i kajakken og berre sugde inn utsikta: det klare vatnet, dei dramatiske fjella og breane som glinsa i det fjerne. Eit verkeleg instamoment! 📾


Om kvelden grilla eg ved vatnet og nÞyt stillheita fÞr eg sovna godt i hytta mi. Neste morgon gjekk eg til fjells til Storesteinen og Gytrifossen , ein bratt tur pÄ ca. ein time med flott utsikt over Oldevatnet og eit mektig fossefall.


FĂžr eg reiste vidare, tok eg eit forfriskande bad i brevatnet – det var iskaldt, men herleg! PĂ„ veg vidare kĂžyrde eg til Yri Neset, der dei hadde laga til ein blomstrande «instaspot» med sirkel, utsikt og fotoglede 🌾


📍2. Stadtlandet: vill vestkyst, surfing og utsiktar

Med "Ut mot havet" pĂ„ full guffe kĂžyrde eg den smale, svingete vegen opp til Vestkapp, det kjentes som eg var pĂ„ veg til enden av verda. Skyene rulla raskt over himmelen, og landskapet opna seg dramatisk med grĂžne bakkar, sauer og bratte stup ned i havet đŸŒŹïžđŸŒŠ Det var nesten som Ă„ stĂ„ midt i eit kunstverk. Her ligg det ein kafĂ© med panoramautsikt; perfekt for ein matbet med utsyn mot storhavet.


Hoddevik er ei perle for bĂ„de augo og sjela. Den svingete vegen ned er eit instamoment i seg sjĂžlv! Nede venta ei kvit sandstrand omkransa av mektige fjell. Eg gjekk barfot i sanda, sĂ„g surfarar danse pĂ„ bĂžlgene og sat i timesvis og berre nĂžyt stillheita og lunsjen min. Her kunne eg blitt heile dagen! đŸ„đŸŒâ€â™‚ïžâ˜€ïž Ein sjĂžlvbetjent, kul kiosk gjorde opplevinga ekstra sjarmerande.


SĂ„ kĂžyrde eg vidare til Ervik, og det var som Ă„ stiga inn i ein saga. Ein hest kom ridande langs stranda mens surfarar leika seg i bĂžlgene, eit syn eg aldri glĂžymer 🐎🌊 Dette er ein av dei mest kjente surfestadane i Noreg. Er det noko eg angra pĂ„ er det at eg ikkje hadde bubil, for her skulle eg blitt over natta.



📍3. Lustrafjorden: roser, ro og romantikk ved fjorden

Tenk deg ei lita bygd der roser klatrar langs kvitmĂ„la husveggar, smĂ„ naust ligg tett i tett, og fjorden glitrar i turkis, Solvorn er nettopp slik 🌾 Eg sat og dingla med beina frĂ„ bryggekanten ved den koselege restauranten Kvitabui Matnaust & Galleri, og berre nĂžyt stemninga.


Eg budde pĂ„ Villa Solvorn, og det var som Ă„ gĂ„ rett inn i eit postkort. Hagen var full av blomster og ei lita fontene, og inne var romma innreia med sjarme, pastellputar og gamle skattar đŸȘŽđŸ›ïž FellesomrĂ„da minna om eit lite museum. Her kunne eg verkeleg senka skuldrane! Eg bada ved den vesle badestranda som sĂ„g ut til Ă„ vera eit samlingspunkt for heile bygda, her var det liv og latter i sommardagen!


Litt lenger inne i fjorden, i Luster, overnatta eg i eit glampingtelt heilt nede ved vatnet pĂ„ DalsĂžren Camping â›ș Eg sovna til lyden av bĂžlgeskvulp og vakna til eit syn av den turkise Lustrafjorden badande i morgonlys. Plassen var frodig og velstelt, med badstu, blomar og gode fellesomrĂ„de. Eg henta nysteikt brĂžd frĂ„ Lustrabui og nytte frukosten i fjĂžresteinane- ein perfekt start pĂ„ dagen đŸ„–đŸŒŠ



Velkommen til mi heimbygd, vakre Strandebarm, der husa ligg som ei perlerad langs fjorden og fjella ruvar i bakgrunnen. Her finn du ekte bygdero, vakker natur og mange smĂ„ skattar langs vegen 💙

Det finst mange fjellturar Ă„ velje mellom, men favoritten min er turen til Klepp, stĂžlen vĂ„r. Dei smĂ„ sela (hyttene) ligg tett i tett, med fantastisk utsikt utover Hardangerfjorden. Turen tek ca. 1 time kvar veg frĂ„ bygda, men du kan ogsĂ„ kĂžyra eit stykke opp GrĂžningsvegen for Ă„ korte inn ruta đŸ„ŸđŸŒż

Nede ved fjorden finn du Strandebarm Marina, eit triveleg samlingspunkt om sommaren. Her kan du nyte is og pizza pĂ„ SjĂžkafĂ©en, bada pĂ„ den flotte sandstranda eller lĂ„ne kajakk, SUP-brett eller kano hos SjĂžAktiv Strandebarm. I tillegg er det grillhytte, minigolf, fine turstiar, og gjesteplassar for deg som kjem sjĂžvegen ⚓☀


Ta turen innom Breievne Gard og kjĂžp med deg ferks juice, bĂŠr og dei tradisjonelle mjelkekakene, eller bli verande for ein smakfull glampingovernatting med utsikt over bygda! 🍓â›ș

I sommar er det servering pÄ Hallvardsnaustet, med komletorsdag, sjÞmatbord og sÞndagsmiddag, ein perfekt avslutning pÄ ein dag i bygda.


I Strandebarm finn du keramikkverkstad, kunstgalleri, retromuseum mm.

📍 Du kan lesa meir om Strandebarm i dette blogginnlegget:



📍5. Eidfjord – majestetiske fjell og mektige Vþringsfossen

Eidfjord er ei instaperle som verkeleg tar pusten frĂ„ deg! Det har blitt eit fast stopp kvar gong eg kĂžyrer over fjellet – for det fĂžrste som mĂžter deg frĂ„ aust, er dei majestetiske fjella, den stille fjorden og den sjarmerande bygda mellom alt 🌄💩


FrÄ rommet pÄ VÞringfoss Hotell sÄg eg sola gÄ ned bak fjella, og neste morgon vakna eg til strÄlande sol og fjellutsikt frÄ senga. Ein perfekt start pÄ ein aktiv dag!


Eg hoppa pĂ„ ein fartsfylt tur med Hardangerfjord Safari, og etterpĂ„ gjekk turen til KjeĂ„sen, garden «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Her kan du velje mellom Ă„ gĂ„ den bratte stien eller kĂžyre opp, begge delar gjer deg ei fantastisk utsikt og ei unik oppleving đŸžïžđŸš¶â€â™€ïž

I Eidfjord sentrum finn du ogsĂ„ fleire fotogene stopp, blant anna instaframe pĂ„ Østangen, like ved den store huska (ca. 2 min frĂ„ hotellet), og ein annan oppe pĂ„ Hodna, om lag 15 min Ă„ gĂ„ frĂ„ sentrum 📾

📍 Eg har fleire Eidfjord-tips til deg her: Majestetiske Eidfjord




✹ Klar for ditt neste instavenlege eventyr?

Vestlandet byr pĂ„ eit hav av vakre opplevingar, bokstaveleg talt! FrĂ„ kvite strender og dramatiske fjell til smĂ„ bygder med roser i hagen og glitrande fjordar! Sesse 5 instaperlene er berre starten 🌾📾

Har du vore pĂ„ nokon av desse stadene, eller har du din eigen vestlandsfavoritt? Legg igjen ein kommentar eller del innlegget med nokon du kunne tenkt deg Ă„ reisa saman med! 💬💛

Og hugs– det vakre treng ikkje alltid vera langt unna. Noko av det mest magiske finst kanskje berre ein fjelltur eller biltur unna.


🧭 Praktiske tips til turen

  • 🚗 Beregn god tid i trafikken, i hĂžgsesong kan det vera bĂ„de vegarbeid og mykje trafikk, sĂŠrleg pĂ„ smale fjellvegar og ved ferjekĂžar.

  • â›ș Sjekk ut kvar det er lov med fricamping, ver alltid respektfull overfor natur og grunneigarar.

  • ⚠ VĂŠr forsiktig pĂ„ hĂžgder og smale stiar, bruk godt fottĂžy, og ikkje ta sjansar for eit bilde.

  • 🏡 Ikkje gĂ„ inn i hagar eller private eigedomar, sjĂžlv om noko ser fotovennleg ut, mĂ„ du alltid ha lĂžyve.

  • ⛎ Last ned ferjeappar som Reis Nordvest og Entur, dei gjer deg oppdaterte rutetider og oversikt over billettar og trafikk.

  • đŸŒŠïž Sjekk vĂȘret og pakk deretter, vĂȘret kan skifte fort pĂ„ Vestlandet, sĂ„ ta med bĂ„de solkrem og regnjakke.

  • 🔋 Ha med powerbank og nedlasta kart, dekninga kan vera varierande i fjell og avsides omrĂ„de.

  • đŸ§Œ Ta med sĂžppel heim, la naturen vera like fin for dei som kjem etter deg.


God reise!


-Eva

Kommentarer


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page