top of page

San Sebastian, reisebrev- pintxos barer, strand og kultur

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • 14. juli
  • 3 min lesing

Oppdatert: 14. juli

Me ankom San Sebastian med tog frå Bordeaux i 2 tia. Då bar det rett ned på strandpromenaden for lunsj med utsikt over det turkis blå havet! Eg veit ikkje med deg, men eg blir så glad når eg ser havet <3

Me åt den beste burgeren eg har smakt i Spania på La Perla! Derifrå var det ikkje mange steg før me hadde sand mellom tærne! Du kan tru det var deilig med eit bad etter å ha vore kokt i Bordaux i 2 dager ;)


Me rusla opp to kvartal så kom me til Pension Alemana, der blei me møtt av ein hyggelig mann som ønska oss velkommen og viste oss hjørnerommet vårt med delvis sjøutsikt! Fortsatt ikkje Eva standard, men me skal greia oss her i 2 netter ;) Utsikten og servicen vog opp! For å sei det slik så er det ikkje rimelig med overnatting i San Sebastian i høgsesong, så me er fornøyde med detta!

Etter ein siesta blei det jakten på tapasbarer, det var ikkje ratt få av dei i gamlebyen ;) Her var det skikkelig spansk stemning der folk stod tett i tett i baren og ute i gatene! Detta likar me! Me fekk oss ein barkrakk i baren der me kunne betrakta all den gode pintxosen og bestilla på løpende band! Det er jo slik her at ein tar eit glas og eit par retter så går ein vidare til neste pintox bar. I morgen må me gå ut litt tidligare for å få bedre plass!


På kvelden var det duka for Norge-England i VM, det var stor stemning med masse Nordmenn på ein pub me fant, og sjølvsagt blei det roing


Dag 2: Dagen starta litt overskya, men det var berre deilig, så kunne me utforska endå meit uten å svetta. Me starta med litt frukost på ein kafe før me rusla opp i gamlebyen og fortsatte tapasjakten der! Me fant den eine gode restauranten etter den andre! Og det var litt smart å gå opp der på formiddagen for då var det litt mindre folk enn på kvelden.

Etterpå tok me ein taxi bor til banen som tok oss opp til toppen på Igeldo Mendiko. Her var det panoramautikt over San Sebastian :D Eg hadde sett på instagram at det var ein vannbane som gjekk på utsida med nydeleg utsikt. Me hadde flaks og fekk plass før dei stende for dagen! Heile fornøyelseparken er inspirert frå gammalt av, med gammaldagse boder og karuseller. Me hoppa på ein berg og dalbane, eg skreik så eg har vondt i halsen endå, Ludwig grein og dei to andre syns detta va morro ;)



Vel nedatt blei det ein dukkert i havet før me tok siesta på rommet. Så bar det ut i gatene for meir tapas, for ja det er jo det ein gjere i San Sebastian, ete og ete! Matkulturen er jo heilt fantastisk! Det er ein stor grunn til me reiste her! Me åt oss gjennom gatene, og ein ser jo kva restaurantar som er poppis når køen går ut gjennom døra. Mitt hottaste tips: ha på deg gode sko og smør deg med tolmod! For skal ein gå på dei beste tapasbarane, så må ein stå i kø og det er høg stemning!


Neste dag fant me leigebilen og satt kursen nedover i Rioja! Detta blir spennande :) Håpar du vil henga med både på bloggen og sosiale medier; Instagram og Facebook


Detta er eit reisemål som har stått på lista veldig lenge, mest pga matkulturen, og det levde opp til forventningane! Me skal definitivt tilbake, kanskje på ei anna årstid der det er hakke mindre turistar og litt svalare. Har du ikkje satt San Sebastian på lista di, så bør du gjera det no!

Eg oppdaterar detta reisebrevet til eit blogginnlegg med restaurant tips seinare :)

Kommentarer


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page