top of page
  • Forfatterens bildeEva

Herregud så vakker du er Sevilla!

Oppdatert: 30. mai 2022



"Herrgud så vakkert" sa eg kor henn eg snudde meg! Vakre bygninger, vakker brustein, vakre palmer, vakre fliser, ja til og med lyktestolpane var vakre! Sevilla er rett og slett vakker <3 Faktisk den vakraste byen eg har vore i! I tillegg har eg vore så heldig at eg har budd og studert der eit semester i 2005.






Sevilla er regionshovedstaden i Andalucia, Spania, som er ein region full av vakker arkitektur, tempramentfull flamenco dans og deilig tapas. For ikkje å snakka om god stemning!

Både dag, kveld og natt er det yrande folkeliv i gatene så beundrar den nydelige arkitekturen og kosa seg med deilig tapas.


!Must see i Sevilla er Plaza de España, vakrare plass, bygning og område skal ein leita lenge etter. Berre sjå på bildet! Bygningen lager ein bue med tårn på kvar side, og ein kanal med båtar langs med bygningen. Midt på plassen er det flott brustein kunst som lagar eit fint mønster. Det er så mange vakre fliser og sammensetningen av flisene er så nydelig! Plutselig høyrte me noko tramp, klapp og musikk, det var ein flamencodanser så trampa hardt i golvet og svinga seg rundt etter alle dansens kunster.


Det er vanskelig å beskriva kor vakkert det egentlig var her, eg lar eg bildene tala for seg sjølv!





Frå Plaza de Espana kjørte ein hest med kjerra oss til katedralen som ligger i gamlebyen Santa Cruz. Det var ikkje ein billig tur, heile 40euro. Men me fekk god guiding på veien der kusken peika og fortalte om parker, statuer og plasser på veien, så det blei ein opplevelse med godt innhald. Vel framme på torget ved Katedralen var det oppstilt masse hestar med kjerre, som du ser blei det eit nydelig bilde sammen med palmer og katedralen.



Catedral de Santa María de la Sede som er katedralens fulle navn, er faktisk den største gotiske katedralen og den 3.største kyrkja i verden. Den er diger, og sjekk dei flotte utsmukkingane. Tar ein turen opp i klokketårnet La Giralda, får du utsikt utover heile Sevilla. Dette flotte klokketårnet pryder utsikten frå alle takteasser òg.



Det er så mange flotte plasser å gå å sjå på om ein ønsker. Men mitt tips er å velge seg ut eit par- tre plasser ein vil besøke og bruk heller god tid der. (alt etter kor lang tid du har i byen). Nettopp fordi det er så herlig å gå rundt å berre nyta, for byen er drops for auga!



Restaurant tips:

I gamle byen Santa Cruz som ligger ved katedralen, finner du den eine tapas restauranten etter den andre som byr på tapas, paella og anna god mat. Her er det berre å pøva seg fram. Eg likar å ta eit par tapasrettar og sangria på ein plass og gå vidare til neste og eta noko nytt der. På den måten får ein smakt på masse forskjellig og testa fleire restaurantar. Det er ikkje alltid det er så lett om ein er ei større gruppa, då kan bordreservasjon vera lurt.



Calle Mateos Gago er ei svært poppulær tapasgate. Her ligger tapas restaurantene på kvar side nedover, men det kan væra lurt å gå litt før du er skikkelig svulten, for her er det poppulært. Ein god mix av spanjolar og turistar går ut seint for å eta. Ei anna populær og koslig tapas gate er Calle Argote de Molina. Her er det svært lite trafikk og ein ser tårnet på katedralen.


Restaurant Bodega Belmonte er stillig og koslig innreda med fliser bak bardisken og utstoppa oksehoder hengande oppunder taket. Her fekk me deilig ovnssteikt chevre med ein sterk saus servert oppå eit sprøtt flatbrød. Dette var ein av mange gode tapasretter. Betjeneingen var hyggelig men effektiv. Litt lenger nede i gata låg Casa Funes med hyggelig betjening, koslig innreda og deilig paella.



Sevilla er kjent for sko design, det er utallige skobutikker rundtom i byen. Her er det noko for ein kvar smak. Itillegg til sko finner ein masse kjekke butikker i shopping streeten Calle Tetùan eller på sentera Nervión Plaza og Los Arcos bla.



Det er masse koslige hotell i spansk stil i gamlebyen, med flislagte haller og rekkverk, men husk at dei kan væra trange viss ein er meir enn to personer. Leiligheter er det masse av dersom ein fortrekker litt meir plass og den type overnatting. Me hadde booka oss leilighet midt i shopping streeten, men den stod ikkje til forventningane. Det gjorde derimot hotellet me booka oss ettepå. Lekrare hotell skal ein leita lenge etter!!

Eit gjernnomført hotel med stil og detaljar, for ikkje å snakka om den deilige lukten!

Delikate rom, topp service, masse flotte detaljar, nydelig frukost, takbar med basseng og utsikt til La Giralda! Dette hotellet skulle eg gjerne hatt med meg vidare på turen! Skildring av Radisson Collection Hotel, Magdalena Plaza Sevilla kjeme etterkvart, du kan gleda deg!



Reisetips

Det er ikkje noko fasit på kor lenge ein bør vera i Sevilla, eller kva som helst anna by og plass. Det er er opp til kvar enkelt iforhold til kor god tid ein har, kva ein vil sjå og få med seg. Eg likar godt å setta med ned å nyta plassen og omgivelsane, ikkje berre stressa rundt å sjå mest mulig. Nokon av attraksjonane får ein med seg når ein går forbi, ein må ikkje gå innom alt. Sevilla har veldig masse å by på, så om ein er veldig interessert i historie og kultur samtidig så ein vil nyta litt av byen så bør ein setta av nokon dagar. Ein får med seg masse på ei langhelg, men då er det greit å velga seg ut nokon attrasksjonar og område ein ønsker å få med seg, notera nokon tapasbarer eller områdene det er sjarm og liv.


Hot in the city

Skal ein gå masse rundt og stå i kø kan det vera greit å huska på at Sevilla ligger i innlandet og der blir det veldig hett i sommarmånadane. Påsken i Andalucia er ei veldig viktig høgtid med parader gjennom sentrum, noko så er verdt å få med seg for det er unikt! Men i påsken vil det vera nokon stengte butikker, redusert meny på restaurantane og stengte gater pga paraden, så det er greit å tenka på utifrå kva ein ønsker å oppleva. I slutten av april/begynnelsen av mai feirer dei Feria de Abril i Sevilla. Dette er ein folke festival med flamenco kjoler, hester, mat, tivoli osv, for å feire og balansere ut det triste fra påsken. Dette er òg noko så er verdt å få med seg, men igjen ver obs på stengte og redusserte tilbud den perioden. Det er forskjellig dato fra år til år så det må ein googla seg fram til. Det går dessverre ingen direkte fly til Sevilla, men fult mulig å enten fly med mellomlanding eller fly til Malaga og ta tog/bil opp.




Håper du blei inspirert til å reisa til Sevilla, for det er ein ganske annleis by på mange måter enn andre spanske storbyer eg har vore i. Det er rett og slett vakkert i Sevilla og det skal ikkje gå 17 år til neste gong eg besøker byen igjen <3




267 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Vennetur

bottom of page