top of page
  • Forfatterens bildeEva

Det blømer i Hardanger


Mai er nok den vakraste måneden å reisa til Hardanger, syns eg. Rett og slett for då står epleblomen i full blomst, fjella er delvist snøkledde og fjorden grønn! Ja, for ikkje å gløyma at folk kler seg opp i Nasjonalen og viser den stolt fram på 17.mai mens det Norske flagget veier i vinden mot fjord og fjell. Eg trenger ikkje sei så mykje meir, bilda taler for sitt



Eg er frå denna flotta bygda Strandebarm i Hardanger, og i medio mai i år var eg heima og fekk oppleva denna vakra tia. Fjorden var på sitt vakraste, med ei kalkalge så farga fjorden grønn, ein kunne tru ein var i eit eksotosk land, der palmane var bytta ut med blømande frukttre.






Det er mange fruktbønder som har stor jobb og gleda av desse vakre frukttrea, ja for her blir det masse god juice, sider og andre godsaker🍎🍏🍒🍐


Eg var så heldig å få besøka eit par fruktgårdar i Sørfjorden, nermare bestemt Sekse i Ullensvang kommune. Her var det ein god blanding av nyplanta epletre og god gammeldagse frukttre som brer seg flott utover.



Når eg kjørte frå Odda og utover mot Sekse blei eg bergtatt av det flotte landskapet, her snakkar me høge fjell med tirrkvit snø frå folgefonna så går ned i den Sørfjorden. Epletrea var i full blom, så detta var postkort motiv.



Første stopp var hos Hardangerbonden, her var bonden sjølv, Ingrid og Drengen i full jobb på tunet. Det var ein hyggelig prat om korleis livet på garden er, epleproduksjon og planane framover. Desse to ligger ikkje på latsida, for her skjer det masse kjekt framover! Trenger du ein dose humor og innsikt i livet på gården er det kjekt å følga dei på @hardangerbonden på instagram📸 Ingrid er ei dama så byr på seg sjølv og det likar eg🤩👌🏽 Eg gler meg allereie til å besøka det nye gardsutsalget neste gong, men eg fekk handla med meg masse godt og har smaka meg gjennom litt allerede🥂 Dei driv å lagar til lokale for sidersmaking på garden òg, så det blir kjekt å prøva når det er klart. Kanskje det blir eplespa på menyen òg, kven veit😉🍎🛁



Turen gjekk vidare nokon gårdar bortover til Hardangergutane. Her blei eg godt tatt imot av Inger og Kristian, så er to av tre eigarar. Eg fekk først sjå på nedsida av floren, her stod både eit gammalt pære-og epletre i full blom. Noko så vakkert🤩 Ein sjarmerande bekk rant nedover bakken, det var skikkelig forseggjort. Etterpå blei det ein tur oppover bakkane der me nytte dei nydelege epletreea, biene så susa i blomane og utsikten over gården, fjorden og fjella. 🌸 Det er ute i felten kreativiteten bobler over og ideane kjeme på løpande band. Masse flott potensiale. Eg gledar meg til å følja med på fortsettelsen.



Etterpå tok me ein tur ned på produksjonslokalet på Børve, der var det eit luftig lokale med både tankar og maskiner for sider og most laging, siderståva der dei har sidersmaking og utsalg.🍾 På sommaren har dei pizzaservering, der du kan nyta ein kald sider med ein nybaka pizza på brygga. Eg handla med meg litt forskjellig, og har allerede testa ut litt forskjellig, Skyfri sider var min favoritt, den kjeme på polet snart!



På kaien ved utsalet på Børve legger hybridbåten Vision of the fjords til kai for gjester som skal på sidersmaking i sommarsesongen. Ein kan ta båten frå sidergård til sidergård på omvisning og smaking. Dette er ein flott måte å oppleva den vakre naturen, få historie og smaka og læra meir om siderkulturen i Hardanger. Sidersmaking blir det eit eige innlegg på seinare.



Skal du ta turen til Hardanger i sommar eller kjøra forbi er eit besøk på frukt/sidergard og sidersmaking ein kjekk aktivitet å gjera. Det er berre å planlegga neste års blømingstur til Hardanger, eg reknar med du har sett kor vakkert det er🤩


Eg gledar meg allerede til neste sidergardsbesøk🍎🥂






81 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page