top of page

Granada, byen med Alhambra, små gater og flamenco i grotter

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • 12. sep. 2022
  • 4 min lesing

Oppdatert: for 13 timer siden

Granada er ein akkurat passe stor by i Andalucia, med det vakre palasset Alhambra tronande på høgda over byen. Her møtest trange gater, sjarmerande bygg og eit roleg tempo som gjer det lett å berre rusle rundt og ta inn stemninga. Rundt katedralen finn du gode tapasrestaurantar og livlege uteserveringar, og små detaljar som gjer at du stoppar opp litt ekstra. Eg forelska meg heilt i eitt av dei oransje bygga her, så enkelt, men så sjarmerande.


Ein av dei finaste opplevingane var å sitje oppi bydelen Albacin med eit glas sangria og tapas medan sola gjekk ned over Alhambra. Seinare den kvelden gjekk me inn i ei grotte og fekk oppleve flamenco på nært hald, med tramping, intense blikk og ei innleving som verkeleg sette seg.

Granada overraska meg med kontrastane; frå arabiske marked til historiske bygg, frå rolege gater til sterke opplevingar.

Her er mine beste tips til kva du bør oppleve i Granada:


Kva bør du oppleva i Granada:


🏰Alhambra: er utan tvil hovudattraksjonen i Granada, og det er ikkje utan grunn at det står på UNESCO si verdsarvliste. Detta vakre palassområdet ligg på ein høgde over byen, og berre det å gå rundt der er ei oppleving i seg sjølv. Alt er så velstelt, med hagar, fontener og utsikt som tek pusten frå deg.

Det eg beit meg mest merke i, var alle detaljane. Utskjeringane i veggane, dei mønstra flisene og dei vakre taka, det er noko å sjå på overalt. Du går nesten berre rundt og kikkar opp, bort og rundt deg heile tida.

👉 Set av god tid her enten du går rundt i ditt eige tempo eller bookar guide.

Frå området har du også utsikt bort til Albacin, den kvite delen av byen som klatrar oppover fjellsida. Det var skikkeleg vakkert! 🏘 Albacin, den kvite bydelen: Ein av dei finaste opplevingane i Granada var å gå frå sentrum og oppover langs elva Rio Darro.Etter kvart dukkar dei kvite husa opp, som slyngjer seg oppover fjellsida. Gatene blir smalare og smalare, fleire gongar måtte me hoppe opp på ei trapp for å sleppe ein bil forbi.

Her oppe er det eit roleg og lokalt tempo, og det er lett å berre rusle rundt og ta inn stemninga.

👉 Når me kom opp til utsiktspunktet Mirador San Nicolás, måtte me rett og slett setje oss ned med eit glas sangria og litt tapas, og nyte utsikten over Alhambra i solnedgang.Eit heilt magisk augenblink.


💃 Flamenco i grottene: Dette var ei oppleving for seg sjølv!

Me blei losa inn i ei grotte i fjellet, der lokalet var både trongt og intimt. Det var så vidt ståhøgde for dansarane, og stolane stod tett langs “dansegolvet”.

Showet var intenst og ekte, med tramping, klapping, sterke ansiktsuttrykk og ei heilt spesiell stemning.

👉 Dette er ei oppleving som verkeleg set seg, både for vaksne og barn.

Tips: Det er lurt å booke billettar på førehand. Me var på: xxx

🌿 Gatestemning i Granada: Granada har ein roleg og avslappa atmosfære, og er ein perfekt by å utforske til fots.Rundt katedralen er det mange vakre bygningar og små detaljar som fangar blikket. Eg forelska meg heilt i eit oransje bygg her, så enkelt, men så utruleg sjarmerande. 🛍 Arabisk marked (Alcaicería): Like ved katedralen finn du det arabisk-inspirerte markedet Alcaicería.

Her følest det nesten som å gå inn i ei anna verd, med smale passasjar og butikkar fulle av fargerike lamper, tekstilar, vesker og små souvenirar.


Mat i Granada


🍤 Mathall: På andre sida av markedet ligg ein mathall med fersk sjømat og andre spanske delikatesser. Perfekt for ein liten stopp underveis.

(Her kan du legge inn restaurantane dine når du har bestemt deg)

👉 Tips: Granada er kjent for tapas-kulturen sin – ofte får du smårettar inkludert når du bestiller drikke.


Overnatting i Granada


Me budde på [hotellnavn], eit enkelt og hyggelig hotell litt i utkanten av sentrum.

Rommet hadde god størrelse, det var reint og beteninga var hyggelig.👉 Ein fin base om du ønskjer litt rolegare omgjevnader, men fortsatt ha kort veg inn til sentrum.

Etter å ha undersøkt litt i år så har eg funne eit hotell eg kan tenka meg å bu på neste gong, eit skikkelig lekkert botique hotell som ligger sentralt.


Reisetips til Granada


Bestill billettar til Alhambra i god tid: Dette er den mest populære attraksjonen i Granada, og billettane blir ofte utselde fleire dagar i forvegen. Bestill på førehand for å vere sikker på å kome inn.


Korleis kjem du deg rundt? Granada er ein kompakt by som er perfekt å utforske til fots. Skal du opp til Alhambra eller Albacin, kan det vere greitt å ta buss eller taxi opp og gå ned igjen.


Korleis kjem du deg til Granada? Du kan fly til Málaga og ta tog eller leigebil vidare til Granada (ca. 1,5–2 timar). Det går også buss og tog frå fleire byar i Spania.


Kor lenge bør du vere i Granada? 2 netter held for å få med seg dei viktigaste opplevingane, men har du meir tid, er det absolutt ein by det er fint å bli litt lengre i.


Tapas-kultur: Granada er kjent for tapas-tradisjonen sin, der du ofte får smårettar inkludert når du bestiller drikke. Perfekt for å smake seg rundt på fleire plassar!


Granada overraska meg med kontrastane, frå det storslåtte Alhambra til dei smale gatene i Albacin, og den heilt spesielle opplevinga med flamenco i grottene.

Dette er ein by som gjer deg både ro, utsikt og sterke opplevingar, alt på ein gong.


👉 Les òg om dei andre stoppa på roadtripen vår i Andalucia:

Herregud så vakker du er Sevilla

Mine reisetips til Cordoba

Ronda kjem snart

Jerez de la Fontera kjem snart



Kommentarer


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page