top of page
  • Forfatterens bildeEva

Barcelona- vakker og pulserande


Altså, Barcelona er ein by som er drops for augo og har ein herlig atmosfære! Det tok meg 3 turar til Barcelona før eg gjekk inn i La Sagrada Familia, du veit det er så masse gode tapas barar og herlig stemning at det er stort sett det me har gjort når me har vore der😄 No i april var eg tilbake til den herlige byen på jentetur💃🏼


Overnatting

Mitt hottaste tips til overnatting er å bu mellom Barri Gotic og El Born, for då er du rundt der det skjer. Me budde på eit bra hotell som heiter H10 Montcada rett ved Metro stasjonen Jaume I, 3 min å gå til katedralen i Barri Gotic og 2 min ned til tapasbarane i El Born. Kunne ikkje hatt bedre beliggenhet👌🏽 Itillegg var det veldig god frukostbuffet og eit flott tak med jaccuzi, solsenger, bar og restaurant. Ja for å ikkje snakka om utsikten!🤩! Her såg ein så og sei det mesta av Barcelona, og vekke frå folkelivet i gatene.

Ellers kan eg anbefala Hotel Ciutadella Barcelona, mellom El Born og Stranda/Barcelonetta😎




Mesteparten av tida gjekk me rundt i dei sjarmerande gatene og berre kjente på viben, gjekk innom små butikkar og satt oss ned å nytte livet på ein fortauskafe eller tapasbar. Når du skal til Barcelona må du legga inn tid til å nyta🙌🏽 Det er masse folk i byen heila året, for Barcelona har jo det eina underverket etter det andra🤩


Attraksjonar og serverdighetar:

  • La Sagrada Famila som er eit av Gaudis verk, og verdens største byggeplassar🤩Det er jo utrulig fasinerande å berre sjå bygget utanpå, gå rundt heile bygget, for det er forskjellig frå alle kantar. Legg merke til alle dei små detaljane. Skal ein inn, er det lurt å kjøpa billett, og gjerne i lang tid på førehand. Eit tips er å bestilla billett på ettermiddagen i 4-6 tida får du eit nydeleg lysspel inne i katedralen💫 Fint bilde med vatn framfor katedralen kan takas frå parken ved hovedinngangen🌳.

  • Casa Vicens er eit av Gaudis første viktige verk. Kanskje det vakraste?🥰 Her var det betraktlig mindre folk enn Sagrada Familia. Altså for nokon vakre detlajar og kunst overalt! Eg blei bergtatt 😍 Ta deg noko forfriskande i kafèen og berre nyt alle dei vakre flisene og detaljane på bygget.

  • Casa Batllo ligger hovedgata Passeig de Gràcia. pynta med flotte blomar som du ser fra gata🌸

  • Park Ciudat Vella, er ein her ein søndag, så anbefalar eg å ta spaserturen her på formiddagen. Då er det yrande folkeliv, folk samlast og dansar💃🏼 Ein stor statue som kjenneteiknar parken.

  • Catedral de Barcelona ligger i Barri Gotic, stor plass rundt med yrande folkeliv.

  • Placa dÌsidre Noell. Her har fotograf Fontcuberta og keramiker Cumella samla inn bilder frå 4000 innbyggjarar , som representerar øyeblikk av frihet💋💋

  • Gatekunst i El Born, ta deg ein gåtur morgen eller kveld og sjå på all den flotte kunsten som er på portane i gatene.

  • Barceloneta, enten du vil ta eit forfriskande bad, vandra langs strandpromenaden eller setta deg ned for forfriskningar på dei mange strandrestaurantane🌴⛱️.


Som du skjønnar, kjedar ein seg ikkje i Barcelona, men viktig å velga seg ut nokon av attraksjonane og bestilla inngangsbillett, for dei beste tidspunktene går først. Me har ikkje sett halvparten av serverdighetane Barcelona har å by på, men det er jo ein grunn til å komma tilbake😄




Mat og drikka- det er halve opplevelsen

  • Bilbao Berria- ein Pintxos bar rett ved katedralen i Barri Gotic. Her velger du deg pintxos og tar med til bordet, så teller servitøren antall tannpirkere etter du er ferdig. Ganske rimelig og god kvalitet👌🏽

  • Tapeo- ein heilt nydeleg og liten tapas bar i El Born🤩Her var det veldig god kvalitet på maten og dei var service minded. Må bestillast

  • Bar del Pla- Ein uhøgtidlig og litt andre tapasrettar enn dei andre restaurantane i El Born. Hyggelige servitørar, høgt tempo og god kvalitet på maten😊!

  • Barna Brew- ein hyggelig tapas bar i El Born dreve av Norske Chris. Her fekk me masse gode skinker, ostar og tapas. Kortreist vin og øl🥂🍻.

  • Arcano- ein av restaurantane i El Born som kom høgast på scoore på TripAdvisor. Me fekk ikkje bord her, for me ikkje hadde bestilt. Men lokalet og maten såg veldig flott ut😄

  • Orio- ein Pintxos bar der skjevene står utstilt på bardisken og ein kan forsyna seg med det ein ønsker og teller tannstikker etter ein har ete. Her er det òg god "vanlig" tapas frå menyen. Koselig lokale i kjellaren for kvelden.

  • Mercado de la Boqueria- mathallen eit par hakk bortanfor La Rambla. Her kan ein både handla med seg mat og få servert.

  • Chök- her hadde dei masse digge kaker som dei laga sjølv i kafèen🍫.

  • Paradiso- ranka til å vera den 3.beste baren i verden, liten og lang kø. 🍹

  • Terraza del Sercotel Rosellòn-her frå du utsikt til La Segrada Familia på nært hald. Dei har snax her, men om du ikkje er kjempe svulten kan du spara pengane til eit bedre måltid i byen. Men ein drink mens ein nyter utsikten kan anbefalast🤩.


Me gjekk på nokon bommertar, og det me har lært er at ein må planlegga litt meir og bestilla serverdighetar og restaurantar😅😂. Særlig dersom du likar å eta litt meir enn ok mat.




Transport:

Metroen er ganske enkel å ta seg fram med, for byen er stor og om ein vil spara beina litt kan ein ta metro ein vei og gå tilbake feks🚈. Det er godt opplyst på stasjonane med kart og retning. Me tok feil vei eit par gongar, men det høyrer vel med 😅😜Det går òg an å ta metro frå flyplassen til sentrum.

Taxi er ikkje så ille pris på, og då kjeme ein frå A-B, men ver obs på ein del trafikk, så kan ta litt lenger tid enn metroen feks🚖. Me betalte ca 400kr frå Flyplassen til hotellet vårt. Skal du nå eit fly er det lurt å forhandsbestilla taxi og gjerne ha litt god tid. Husk å avtal pris med sjåføren før du setter deg inni.


Shopping:

Du finner sjarmernade, små butikkar på eit kvart hjørne i Barri Gotic og El Born, enten det er handlaga ting, mobildeksel, vesker, kle, souvenirer. I gata Carrer dels Boters og Carrer de la Portaferrissa i Barri Gotic finner du slike butikkar👜💍👒Det blei nokon vesker på desse jentene😉 Ønsker du dei vanlige butikkane som Zara, Stradivarius, Massimo Dutti++ finner du det i Av. del Portal de L`Angel og Passeig de Gràcia.




Mitt hottaste tips er å ta på seg joggeskoa og gå rundt å berre opplev deg vakre byen🥰. Ein må ikkje kjøpa inngangar på alle plassane, velg deg ut eit par attraksjonar du vil sjå og kos deg resten! Det blir ikkje siste gong eg reiser til den vakre byen😍🤩


Det går fint an å reisa til Barcelona med barn, men husk at nokon av tapasbarane er veldig trange og høge krakkar, samt at det ikkje er alle som opnar før 8 på kvelden. Det er ein storby med masse folk, så det er greit å ha i bakhovudet. Men samtidig masse kjekt å finna på, både stranda, leikeplassar, zoo mm.


Håpar du blei inspirert og fekk nokon tips til din neste Barcelonatur😄! Eg gledar meg alt til å reisa tilbake til ein av mine favorittbyar 😍

Fleire bilder og videoar ligger på Instagram og Facebook profilen min.



81 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comentários


bottom of page