top of page

Mine reisetips til Cordoba: historisk sjarm, patioer og rolig spansk stemning.

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • 26. apr.
  • 6 min lesing

Cordoba i Spania er ein by der historia sitt i veggane. Her er tempoet rolig, gatene vakre, og stemninga lun frå første stund. Me ankom Cordoba på årets nest siste dag i 2025, som første stopp på roadtripen vår i Andalucia. Det som overraska oss mest, var kor rolig det var i bykjernen. Her er det ikkje lov med trafikk, bortsett frå bussar og taxi, og det gir ein heilt eigen ro når du ruslar gjennom dei smale gatene der appelsintrea pryda bybildet. Me vandra rundt og kika inn i dei vakre patioane, der blomane klatrar oppover veggane og skapar små, fargerike oasar midt i byen.


Cordoba er kanskje ikkje den mest kjende byen i Andalucia, men for meg bleii det ein veldig sjarmerande og rolig by. Her kan du lesa meir om mine reisetips til byen:
Mezquita katedralen i Cordoba
Mezquita moské-katedral i Cordoba

Kva bør du oppleve i Cordoba:


Moskeenkatedralen (Mezquita): Du har sikkert sett bilete av den historiske moskeen med dei kvite og raude buane. Det var heilt spesielt å gå rundt der inne og berre sjå, me gjekk mykje med blikket oppover og beundra byggverket.

Mezquita er eit unikt bygg der islamsk og kristen historie møtest. Dei raud- og kvitstripete bogane er originale frå den tidlegare moskeen, og gir ein heilt eigen atmosfære når du vandrar rundt der inne.

Me booka billettar via Get Your Guide og gjekk rundt på eiga hand, noko som passa oss veldig fint.


Området utanfor Mezquita: Før du går inn i sjølve Mezquita, bør du ta deg god tid i området utanfor. Her ligg ein vakker patio fylt med palmar og appelsintre, som gjer ein roleg og nesten litt magisk stemning midt i byen. Klokketårnet ruvar over området og set ramma for opplevinga. Her brukte eg lang tid på å berre nyta stemninga og ta bilete, både før og etter besøket inne i Mezquita.


Mezquita er utan tvil eit høgdepunkt i Cordoba, men byen har mykje meir å by på.


Patioane: I området San Basilio finn du dei kjende patioane i Cordoba, små, frodige bakgardar der det bugnar av blomar i alle fargar og formar. Her kan du anten betale deg inn og rusle rundt i ro og mak, eller bli med på guida tur for å lære meir om historia bak. Me nøydde oss med å kike inn gjennom døropningane denne gangen, men det gav absolutt meirsmak. Dette er noko eg gjerne vil oppleve skikkeleg neste gong. Her i området er det òg mange te og krydderbutikkar som er verdt å ta turen innom.


Patioane er ein viktig del av kulturen i Cordoba, og kvar vår blir det arrangert ein eigen patiofestival.


Elva og brua (Puente Romano): Den massive steinbrua Puente Romano er eit av dei mest kjende landemerka i Cordoba, og ein flott plass å oppleva byen frå litt avstand.

Me gjekk over brua og fekk sjå både elva og gamlebyen frå ein ny vinkel. Det gjer eit heilt anna perspektiv enn inne i dei smale gatene.

Nede ved elva fann me oss ein plass å setje oss ned, bestilte litt tapas og berre nytte den rolege og behagelege stemninga. Sola kikka fram, og me fekk verkeleg kjenne på den spanske vintersola, ein sånn liten pause du berre må ta deg tid til. Restauranten me satt oss ned på heiter Taberna La Romana


Området rundt Puerta de Almodóvar: Eit område eg verkeleg vil trekke fram, er rundt Puerta de Almodóvar og gata Calle de Fernández. Her er det fargerike hus, blomar som heng frå veggane og små detaljar som gjer at du berre må stoppe opp. Rett og slett drops for augo, og ein av dei plassane eg likte aller best å rusle rundt. Like ved ligg også Jardines de la Victoria og Mercado Victoria. Me gjekk berre forbi denne gangen, men det såg ut som ein livleg og spennande plass å ta turen innom.



Kvar bør du ete i Cordoba:

Cordoba er ein skikkeleg tapas-by, der du finn alt frå enkle tabernaer til meir gjennomførte restaurantar. Me hadde fått nokre tips på førehand og booka ein restaurant, men me likar også å gå der vegen fører oss. Det blei derfor ein fin kombinasjon av planlagde og spontane restaurantbesøk.

Eg må seie at me hadde mange gode matopplevingar i Cordoba, med hyggelig betjening og mykje god tapas.


  • Las Tapas de Casa Pepe: Ein gjennomført og autentisk restaurant med detaljar i kvar ein krok. Veldig hyggelig betjening og nydeleg mat. Aspargesen var heilt fantastisk, med god balanse i smakane. Eg hadde biff, og Lars gjekk for ein skikkelig mør lammeskank. Den sjokoladekaka me avslutta med var heilt himmelsk! Detta var eit topp måltid på alle måtar.

  • Taberna La Manuela: Denne enkle og autentiske restauranten poppa me innom heilt tilfeldig – og det viste seg å vere eit så godt val at me kom tilbake ein gong til! Dei har eit godt utval av både tapas og hovudrettar. Eg fekk heilt dilla på patatas bravas her, den beste bravas-sausen eg har smakt. Hyggeleg personale og gode prisar!

  • Casa N10 taberna: Her stoppa me for eit glas før middag, men det er verdt å nemne. Dei har vindauge ut mot gata der du kan stå ute og ta deg eit glas, akkurat den typen spansk barsjarm eg likar så godt.

  • Taberna La Romana: Her sette me oss ute i sola etter litt sightseeing og tok ein brus og litt tapas. Ein roleg og fredeleg plass med utsikt mot elva og brua, og hestane som rusla forbi. Veldig fin pause midt på dagen.

  • Plaza de la Corredaera finn du fleire kafear og små restaurantar. Me tok ein liten stopp her før middag. Kvaliteten kan variere litt, men området er veldig hyggelig å sitje i.

  • Det jødiske kvartal, La Juderia: Detta var kanskje området eg likte aller best. Her ligg det mange små, sjarmerande restaurantar tett i tett, og det er ein perfekt plass å rusle rundt og finne ein stad å ete.


Det løner seg å booke bord om du har sett deg ut ein spesifikk restaurant, det blir fort fullt. Spanjolane et gjerne ikkje middag før rundt klokka 21, så det kan vere lurt å planlegge litt etter det.


Kvar bør du bu i Cordoba

Som i mange andre byar, kan det vere litt utfordrande å finne hotell for fire personar til grei pris. For oss vart det derfor ein leilegheit, noko som fungerte veldig fint.

Cordoba er ein relativt kompakt by, så beliggenheit er ikkje så avgjerande. Du kjem deg enkelt rundt til fots, og det er korte avstandar til dei fleste attraksjonane og restaurantane.


Coliseum Boutique Apartments: Ein rein og fin leilegheit med velutstyrt kjøkkenkrok, bad, eitt soverom og sovesofa i stova. Det beste med opphaldet var utsikta mot dei historiske søylene utanfor, noko som også har gitt namn til staden. Beliggenheita var god, med rundt 10 minutt å gå til både La Juderia, Mezquita og shopping. Det var stille og roleg i området, og fleire restaurantar i nærleiken. Pluss for takterasse.

Einaste minus var litt lukt frå badet innimellom, og at det blei litt trongt i stova når sovesofaen var slått ut.


Reisevennene mine i Reisekick budde også sentralt i Cordoba, og var fornøgde med opphaldet sitt. Du kan lese meir om hotellet dei budde på og opplevelsen av byen her: https://reisekick.no/cordoba-et-uutslettelig-reiseminne/

 Praktiske tips til Cordoba

  • Shopping:

    Frå Plaza Tendillas går fleire handlegater med kjende butikkar som Zara, Bershka, Stradivarius og Ale-Hop. Gater som Calle Jesús y María og Calle Conde de Gondomar er fine å rusle i.

    Ønsker du meir sjarmerande og små nisjebutikker, finn du det i gatene rundt Mezquita og i La Juderia.

  • Parkering: I Cordoba må du parkere utanfor bykjernen dersom du ikkje har eigen løyve. Me fann parkering eit lite stykke unna sentrum, noko eg gjerne skulle sjekka litt betre på førehand.

  • Kollektiv trafikk: Det er enkelt å kome seg til Cordoba med både tog og buss frå andre byar i Spania. Taxi er også lett tilgjengeleg.

  • Bestill inngangsbillettar på førehand: Mezquita er ein av dei mest populære attraksjonane i byen, og det kan vere lurt å bestille billettar på førehand, spesielt i høgsesong.

  • Når på året bør du reise: Me besøkte Cordoba i nyttårshelga, og det var ei oppleving! På Plaza Tendillas var det scene, underhaldning og nedtelling til det nye året, med masse folk og god stemning.Vår og haust er flotte årstider å besøka Cordoba på, då sommaren kan vera i varmaste laget.

  • Gåavstand: byen er perfekt å utforske til fots, husk gode sko.

  • Flamencoshow: Det er fleire plassar som tilbyr flamencoshow. Me hadde booka på El Anuelo, men pga nyttårsafta hadde dei gløymt å ta vekk forestillinga.


Cordoba overraska meg med roen, stemninga og alle dei vakre detaljane som dukkar opp rundt kvar ein sving. Ein by som er perfekt å rusle seg gjennom, utan hastverk.

Etter eit par fine dagar i Cordoba gjekk turen vidare til neste stopp på roadtripen vår i Andalucia: Sevilla, og vidare gjekk turen til både Ronda og Jerez. Meir kjem snart :)


Har du nokon gode tips og opplevingar i Cordoba? Del gjerne i kommentarfeltet!


-Eva


Kommentarer


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page