Trange gater slyngjer seg oppover byen, flankert av kvite hus med blå skodder. 💙🤍 Overalt ser du fargerike potter, frodige blomar og små bord utanfor husa der lokalbefolkninga nyt dagen.🌸 Små nisjebutikker, koselige restaurantar og eit livleg torg skapar ein unik atmosfære. Er det rart eg har blitt forelska i Altea?Makan til vakker by!💙🤍 Augene mine knipsa minst like mange bilete som telefonen, og minna er godt lagra! 📸✨ Her får du mine reisetips til Altea:
Strandpromenaden i Altea – Perfekt for morgentur og kafébesøk ☕️☀️
Altea har blitt ein fast destinasjon for oss dei siste åra. Det er noko heilt spesielt med stemninga her – roleg og avslappa, men likevel fullt av liv året rundt😎.
Den nyoppussa strandpromenaden er ein av byens perler, med aktivitetsområde for både barn, vaksne og hundar. 🛝 Langs promenaden finn du ei rekkje kafear og restaurantar med utsikt over det asurblå havet. Her kan ein sitje i timevis og berre nyte stemninga – noko eg sjølvsagt har gjort mange gongar!😎
Stranda består av krittkvite rullesteinar, som reflekterer dei same kvite og blå tonane ein finn i gamlebyen. 💙🤍 Perfekt for ein morgontur langs havet eller ein frukost i sola. 🌊🌅 Mitt beste restaurant tips langs strandpromenaden er LaCena by Nola, masse god mat og topp beliggenhet!
Mine beste overnattingstips i Altea:
Me har testa fleire overnattingstadar i Altea, og felles for alle er god standard, komfortable senger og flotte beliggenheiter. Dersom du finn ei leilegheit med balkong, er det eit stort pluss! Her er mine anbefalingar:
🏡 Casa Los Yayos by Nomad Stays – Nyoppussa leilegheitskompleks i gamlebyen. Lekkert interiør med palmevegg og deilige hotellputer. Kjøkkenkrok, komfortabel sofa og altan (dersom du bestiller med dette). 😄Detta var virkelig ein komfortabel og lekker leilighet med det lille ekstra👌🏽🤩 Absolutt ingenting å utsetje her!
🏡 Casa Familiar en pleno Casco Antiguo de Altea – Også kjent som "Den blå leilegheita".💙 Her blir du møtt av ei stor, lyseblå dør og ein sykkel som pynter inngangen. Blå skodder, blå panner og blå dekor skapar eit gjennomført og harmonisk uttrykk. Eit visuelt meisterverk!💙
🏡 Altea House – Nyoppussa hostal med komfortable senger, flott bad og koselig terrasse. Aircondition på rommet. Ligg perfekt plassert mellom strandpromenaden og gamlebyen🫶🏼.
🏡 Hostal Perla Blanca – Eit lite, sjarmerande hostal i ei sidegate nær kyrkja med dei ikoniske blå kuplane. Romslig, komfortabelt rom med utsikt til sjøen. 🐚🫧
(Eg deler mine beste hotelltips heilt gratis, og hotell lenkene er affiliate-lenker. Viss du bestiller gjennom dei, får eg ein liten provisjon – utan at det kostar deg noko ekstra. Tusen takk for støtta, det betyr mykje ! )
Mine beste Altea reisetips for mat og drikke:
Altea er full av fantastiske restaurantar, mange med takterrassar og panoramautsikt over gamlebyen og havet. Her er nokre av favorittane mine:
🍽 MÒN Restaurant – Kvalitetsmat og topp service! Her kan du sitje på takterrassen og nyte fantastisk utsikt. T-bone steiken var så god at tilbehøret nesten ikkje var nødvendig!
🍇 Shiraz Vino y Gastrobar – Ein restaurant med herleg atmosfære på eit ope torg. Fantastisk mat og vin! Om du besøkjer på sommaren, hugs myggspray om du vil sitje ute.
🌿 FAM by Shabby Chic – Ein av dei vakraste restaurantane i Altea. Bestill bord ute for å få den beste opplevinga av både maten og utsikta!
🍝 Little The Italy – Midt i smørauga på det travle torget. Perfekt for å sjå på folkelivet mens du nyt ein god pastarett.
💙 Casa Vitale – Norsk-eigd restaurant med ein magisk utsikt over havet. Dei er òg kjende for sin blå vin – eit must å smake!
🍷 Shiraz Vinoteca- ein liten koselig vinbar med vin ein kan nyta i baren eller kjøpa med seg heim. Hyggelig personale og god snacks!👌🏽
☕ LaCena by Nola – Min faste frukostplass ved strandpromenaden. Fantastisk ferskpressa appelsinjuice, pannekaker og tostadas – ein perfekt start på dagen!🥞☕️
Gå gatelangs og sjå og kjenn på atmosfæren
Ein tur til Altea er ikkje komplett utan å utforske dei sjarmerande, smale og fargerike gatene.💙🤍 Her treng du berre komfortable sko og ei vassflaske – resten ordnar byen for deg!
Gamlebyen er eit kunstverk i seg sjølv, og dei lokale har gjort ein fantastisk jobb med å pynte opp med blomar, dekor på veggane og sjarmerande møblar. 🤩 Det er tydeleg at både fastbuande og besøkande respekterer omgjevnadene – gatene er ryddige og velstelte.👏🏽
Ta deg tid til å stikke innom nisjebutikkane, små kunstgalleri og sjølvsagt den ikoniske kyrkja med dei blå kuplane. 💙💙
Herifrå får du panoramautsikt over byen og havet – eit postkortmotiv i virkeligheta!
Vil du ha eit hot tips kun ei liten kjøretur frå Altea? Mascarat stranda. Her er det idyll med rullesteinar og turkistblått hav! Det er flott å snorkla der òg. Det er mulig å leiga solstoler her om ein vil det. Ein kan parkera langs vegen og gå ned 5 min så er ein på ei så flott og mindre strand. Nei altså, sånne plassar er eit syn for auga, og veldig kjekt å finna🤩.Husk badesko.
Korleis komma seg til Altea:
Det er ca 45 min kjøretur frå Alicante. Rett ved veien, som deler Strandpromenaden med gamlebyen, er det fleire parkeringsmuligheter. Nokon er gratis òg! Det er òg parkeringsplass oppe på høgda ved kirka.
Det går tram frå Alicante til Altea med stopp på fleire av landsbyane oppover. Det tar ca 1 time med tram frå Alicante til Altea.
Takk for oss Altea, me sjåast att til sommaren!
Altea er ein stad som set seg i hjartet 💙. Kombinasjonen av fargerike gater, god mat, fantastisk utsikt og avslappa atmosfære gjer byen til ein av mine absolutte favorittar langs Costa Blanca.
Så om du vurderer ein tur til denne delen av Spania – ikkje gå glipp av Altea! ✨ Del gjerne ditt Altea tips med meg i kommentarfeltet så testar eg det ut neste gong!
Har du lyst å lesa om andre flotte plassar i Spania så trykk på reisemål, Spania så kan du velga mellom Sevilla, Isla Tabarca og Alicante.
For noen hyggelige kommentarer, alltid hyggelig på Costa Blanca.