Murcia – Ting å gjøre i Murcia- Spansk sjarm mellom tapas, torg og tradisjon
I mars sette me oss i bilen og køyrde frå Gran Alacant til Murcia – ein tur på cirka ein time. Det første som møtte oss i bykjernen var sjarmerande, trange gater, akkurat slik ein ser for seg i ein ekte spansk by! Murcia er ikkje ein stor by, men han har mykje å by på.
Me fann parkering like ved hotellet vårt, Hotel Murcia Rincón de Pepe Affiliated by Meliá, og kunne sjekka inn. Rommet var romsleg, badet fresht, og senga heilt grei. Perfekt som base for opphaldet vårt!
Første møte med byen – tapas, torg og solskinn
Etter innsjekk la me frå oss koffertane og vandra ut i dei livlege gatene. Berre nokre minutt unna hotellet oppdaga me eit koselig torg, der me slo oss ned på Cerveceria el Pasaje de Belluga for tapas og forfriskningar. Altså for ein cava! 🍾 Den beste eg har smakt! Me sat der og såg på folkelivet – folk som rusla rundt, slo av ein prat og nøyt den gode stemninga. Det var mest spanjolar, noko som alltid er eit godt teikn på at ein har funne dei beste plassane.
Sola kikka fram, gensaren kom av, og følelsen av vår i Spania var komplett :) Det er mange ting å gjøre i Murcia, men vår favoritt var å nyte tapas på dei lokale torga.
Real Casino de Murcia – eit arkitektonisk smykke
Neste stopp var Real Casino de Murcia, eit av dei mest ikoniske bygga i byen. Wow – for eit syn! 😍Dette praktfulle bygget blei grunnlagt i 1847 og kombinerer fleire arkitektoniske stilartar, frå modernisme til eklektisisme. Etter ei omfattande restaurering i 2009, er det no eit av Murcias mest besøkte bygg. Me vandra gjennom dei storslåtte romma og las informasjonstavlene undervegs. Det var verkeleg ein opplevelse å sjå og kjenne historia i veggane her!
Nisjebutikkar og historiske torg
På veg tilbake mot sentrum gjekk me forbi ein liten, unik klesbutikk – ein sånn som berre ropar på deg! Eg kunne ikkje la sjansen gå frå meg og enda opp med nokre små skattar, inkludert ein hatt. 🎩 Eg elskar å handle på slike butikkar – det er jo ekstra kjekt å ha noko ingen andre har! Husk at siestaen lever i beste velgåande i Murcia! Her tar folk seg tid til lunsj og ein liten kvil før byen våknar til liv igjen utpå kvelden. Noko så betyr at fleire av dei små butikkane og nokon restauranter er stengde midt på dagen.
Vidare møtte me på fleire nisjebutikkar, historiske bygningar og flotte torg, blant anna det forseggjorte torget utanfor rådhuset. Med velstelte blomar, fontener og elegant arkitektur var det ein fryd å berre rusle rundt her. Like ved låg elva Segura, som deler byen i to. Me gjekk over brua og utforska litt, men fann ut at me likte oss best på den andre sida, der folkelivet var meir livleg.
Katedralen i Murcia
På vår rusletur gjennom byen passerte me den imponerande Santa María-katedralen – eit av dei vakraste byggverka i Murcia. Den detaljerte fasaden i barokkstil var heilt fantastisk, og me kunne sjå korleis katedralen ruva over torget. Flisene på bakken laga eit flott mønster og trea rundt gjorde det til ein lun stemning. Hadde me hatt litt meir tid, ville me absolutt gått inn, for interiøret skal visstnok vera like imponerande!
Ein uforgløymeleg middag på La Pequeña Taberna
Etter ein liten tur innom hotellet for å skifta, var det klart for middag. Me hadde forhåndsbestilt bord på La Pequeña Taberna, noko eg verkeleg vil anbefale! Her fekk me ein skikkeleg spansk matoppleving! Restauranten hadde eit rustikt, men stilfullt preg, med mørke møblar, kvite dukar og ein avslappa, men elegant atmosfære.
Menyen? Sju rettar med alt frå kjøtt og skinke til grønsaker og fisk – servert med gode vinar. 🍷 Dette var ein skikkeleg innertiar, og eg kan varmt anbefale denne restauranten vidare!
Natteliv i Murcia – drinkar med historie
Murcia har eit levande uteliv, og denne laurdagskvelden var ikkje noko unntak. Spanjolane er kjende for å ete seint og kose seg ute, og det var lange køar utanfor fleire utestadar.
Me hadde på førehand funne ein bar via Google, Conjugoo The Cóctel Shop, som spesialiserer seg på drinkar inspirerte av Murcias historie. Ikke bare var drinkane stilige – dei smakte òg fantastisk! 🍸 Her har dei òg mat som såg fristande ut.
Søndag i Murcia – ein by full av liv
Etter ein god natt søvn (trass i nattklubben rett utanfor hotellet 😅) starta me dagen med hotellfrukost. Overraskande bra utval til å vere ein spansk hotellfrukost!
Søndag er familiedag i Spania, og då me kom ut ved 11-tida, var gatene fulle av folk som nøyt sola og familietid. Me sette oss på torget og sugde til oss den herlege stemninga før me sette kursen tilbake til Gran Alacant.
Ekstra oppleving: Terra Natura Murcia
Nokon dagar seinare tok me med oss barna til dyreparken Terra Natura Murcia. Dette var ein veldig fin dyrepark, med store område for dyra og godt tilrettelagt for besøkande.
Høgdepunktet var å få helse på ei løvinne og babyane hennar! 🦁 Så skjønne!
Terra Natura har òg ein tilhøyrande vatnpark, som naturlegvis ikkje var open i mars, men den såg heilt topp ut for ein varm sommardag!
Kvifor besøke Murcia?
Murcia er ein ekte spansk by, full av sjarmerande torg, nisjebutikkar, flotte bygningar og ekte lokal atmosfære. Me fekk berre ein smakebit denne gongen, men eg kunne gjerne vore her lenger for å oppdage endå meir.
Vil du besøke Murcia? Du kan enkelt komme deg hit med bil, tog eller buss. Det går direkte tog frå Alicante og Cartagena (ca. 1 time) og Madrid (3,5 timar).
Overnatting:
Hotel Murcia Rincón de Pepe Affiliated by Meliá Kan eg anbefala. Det var komfortable rom, god frukost og låg veldig sentralt.
I nærleiken av Murcia finner du fleire plasser eg har besøkt som du kan la deg inspirera av:
Detta var ei privat presse reise med turistkontoret i Murcia. Det er ikkje lagt føringar for kva eg skal skriva, det er bassert på mine egne tankar og opplevingar.
Del gjerne dine erfaringar og restaurant tips med meg, så noterer eg meg dei til neste besøk i byen!
Comments