Herregud så vakker du er Sevilla! Her er mine beste tips til Sevilla.
- Eva

- 29. mai 2022
- 6 min lesing
Oppdatert: 29. apr.
“Herregud så vakkert”, sa eg kvar gong eg snudde meg.Vakre bygningar, vakker brostein, vakre palmer, vakre fliser, ja, til og med lyktestolpane var vakre.
Sevilla er rett og slett ein vakker by. Faktisk den vakraste eg har vore i.
I tillegg har eg vore så heldig å både bu og studere her eit semester i 2005. Sidan den gong har eg vendt tilbake fleire gongar; i 2007, 2022 og no sist i januar 2026.
Her er mine beste tips til Sevilla 🤍
Kva bør du oppleve i Sevilla
Sevilla er regionshovudstaden i Andalucia, ein by full av vakker arkitektur, flamenco og nydeleg tapas. Og ikkje minst: ein heilt eigen stemning 🤍
🌟 Plaza de España:
For ein plass! Vakrare bygning og område skal du leite lenge etter. Den halvsirkelforma bygningen med tårn på kvar side, kombinert med kanalen og båtane, gjer dette til ein heilt unik plass.
Midt på plassen finn du vakre fliser og mønster som er verdt å studere litt ekstra. Medan me var der, dukka det opp ein flamencodansar med tramp, klapp og musikk, eit lite show som verkeleg sette stemninga.👉 På dagtid er det ofte flamenco her (gratis), men det er fint å legge igjen litt tips.
Me tok hest og vogn frå katedralen hit (ca. 40 euro), og fekk samtidig ein liten guida tur.
🌿Santa Cruz,
Santa Cruz er gamlebyen i Sevilla, med katedralen som landemerke. Her finn du smale, sjarmerande gater, små tapasrestaurantar og koselige torg.
Gata Calle Ximénez de Enciso er spesielt fin, smal, livleg og full av små nisjebutikker og lokale bodegas. Her ligg også Orange Tree Sevilla, som sel produkt laga av appelsinene frå byen.
Området rundt Plaza Patio de Banderas er også fargerikt og veldig sjarmerande å rusle i.
⛪Catedral de Santa María de la Sede er den største gotiske katedralen i verda og den tredje største kyrkja totalt. Den er enorm – og detaljane er imponerande.
👉 Gå opp i klokketårnet La Giralda for utsikt over heile Sevilla. Tårnet er også eit av dei mest ikoniske landemerka i byen.
🐂Plaza de Toros de la Real Maestranza de Caballería de Sevilla er ein imponerande arena som framleis er i bruk. Sjølv om eg ikkje støttar aktiviteten, synest eg det var interessant å besøke både arenaen og museet.
Her kan du sjå drakter, utstyr og få eit innblikk i historia. Det er mogleg med guida tur, men me gjekk rundt på eiga hand.
🌸El Arenal: Bak tyrefekterarenaen ligg El Arenal, eit roleg og meir lokalt område med fargerike hus og autentiske butikkar. Her sette me oss ned og tok litt tapas, og det var ein veldig hyggelig og avslappa stemning. Her var det mest lokale som kosa seg.
🌊Elva Guadalquivir og Triana: Det er fint å rusle langs elva Guadalquivir, og du kan også gå over til Triana, eit rolegare og meir lokalt område. Her kan du blant anna leige tråkkebåt eller bli med på båttur.
🌆Las Setas de Sevilla: er ei moderne trekonstruksjon midt i byen, faktisk den største i verda av sitt slag.
Her kan du gå opp på taket og få panoramautsikt over Sevilla. Det er også mange restaurantar i området.
👉 For meg, som kjenner den “gamle” sjarmen i Sevilla, var ikkje dette det beste med byen, men kjekt å ha sett.
💃Flamenco show: Du kan ikkje reise til Sevilla utan å oppleve flamenco!
Me var på Casa de Flamenco, og det var eit veldig bra show.
👉 Tips: book på førehand eller kjøp billett i skranken.
Eit litt meir lokalt tips er La Carbonería, ein enkel bar med flamenco kvar kveld. Her sit du på krakkar med eit glas i handa, og betaler det du vil etterpå.
👉 Hugs: heilt stille under showet og kun kontantar. Det er ikkje lov å ta bilde underveis i showa.
Sevilla har utruleg mykje å by på, men byen er stor. Mitt beste tips er å velje deg ut 2–3 ting du verkeleg vil oppleve, og heller bruke god tid der.
For det aller finaste med Sevilla er nettopp det å rusle rundt utan planar og berre nyte.Ein skikkeleg drops for augo ✨
Restaurant tips i Sevilla:
Både dag og kveld er det yrande folkeliv i gatene i Sevilla. Folk ruslar rundt, beundrar den vakre arkitekturen og set seg ned for å nyte god mat og tapas.
I gamlebyen Santa Cruz, som ligg ved katedralen, finn du den eine tapasrestauranten etter den andre. Her er det berre å prøve seg fram, mykje av sjarmen er nettopp å stoppe der det ser fristande ut.
Casa Plácido: Her var eg rett og slett i skinke-himmelen! Skinkene hang ned frå taket over bardisken, og gamle bilete dekka veggane. Me sette oss på barkrakkane og bestilte skinke og ost – enkelt, men heilt nydeleg.
Restaurant Bodega Belmonte: Ein stilfull og koseleg restaurant med fliser bak bardisken og utstoppa oksehovud under taket. Her fekk me servert ovnssteikt chèvre med ein litt sterk saus på sprøtt flatbrød – ein av fleire gode tapasrettar. Beteninga var hyggelig, men effektiv.
Casa Funes: Ligg litt lenger nede i gata frå Belmonte. Ein koseleg plass med hyggelig betening og veldig god paella.
Restaurant Catedral: Her er det skikkeleg “okse-stemning” med dekor i taket og rundt i lokalet. Ein miks av tradisjonelle rettar og litt meir moderne mat. Passa godt etter me hadde besøkt tyrefekterarenaen tidligare den dagen.
Calle Argote de Molina: Ei populær tapasgate med lite trafikk og utsikt mot katedraltårnet. Her ligg fleire gode restaurantar tett i tett.
Club San Fransico: Perfekt for ein drink i ein litt meir moderne og kul atmosfære.
Mitt beste tips er å rusle rundt og ta ein tapas her og ein tapas der. Då får du smake på fleire plassar, og oppleve litt meir av den ekte tapas-kulturen i Sevilla.
Overnatting i Sevilla:
Det finst mange sjarmerande hotell i Sevilla, spesielt i gamlebyen. Her finn du ofte hotell i klassisk spansk stil med flislagte patioar og vakre detaljar.
Ver merksam på at mange av desse kan vere litt tronge dersom de er fleire enn to. Då kan leilegheit vere eit godt alternativ om du ønskjer litt meir plass.
Radisson Collection Hotel, Magdalena Plaza Sevilla: For eit hotell! Her er alt gjennomført til minste detalj, frå design og service til den gode dufta som møter deg når du kjem inn.
Romma er delikate, servicen på topp, og frukosten var heilt nydeleg med både buffet og à la carte. Takbaren med basseng og utsikt mot La Giralda var eit stort høgdepunkt.
Me var så heldige å bu her under koronaperioden og fekk ein veldig god pris, men dette er verkeleg eit hotell eg kan anbefale.
Hotel Rey Alfonso X: Eit veldig godt alternativ med perfekt beliggenheit i gamlebyen. Her har du kort veg til både shopping, restaurantar og severdigheiter, berre 5–7 minutt å gå til katedralen.
Lyse og reine rom, behageleg seng og ein av dei betre hotellfrukostane me har hatt i Spania. Eit stort pluss er også parkering i kjellaren.
Om du vil bu mest sentralt, er gamlebyen (Santa Cruz-området) det beste utgangspunktet.
Reisetips Sevilla
Når er det best å reisa til Sevilla? Vår og haust er dei beste tidene å besøke Sevilla, då temperaturane er behagelege. Sommaren kan bli veldig varm. Eg synest vinteren også var nydeleg, med alle appelsintrea som prydar bybildet, men veret kan vere litt meir ustabilt.
Kor lenge bør ein vera i Sevilla? Sevilla er ein stor by med mange attraksjonar. Eg vil anbefale 3–4 netter, slik at du får oppleve både severdigheiter og den gode stemninga utan å stresse..
Kor kan ein shoppa? Du finn mange kjende butikkar i gatene Calle Tetuán og Calle Sierpes.
Vil du på kjøpesenter, kan du besøke Nervión Plaza eller Los Arcos.
I tillegg er det mange små suvenirbutikkar rundt om i byen.
Høgtider det er verdt å merka seg: Påsken i Andalucia er ei heilt spesiell oppleving, med store prosesjonar gjennom byen. Ver merksam på at det er mykje folk, stengde butikkar og eigne menyar på restaurantane.
Feria de Abril blir arrangert to veker etter påske og er ein fargerik festival med flamencokjolar, musikk og skikkeleg fiesta-stemning.
Korleis kjeme du deg rundt? Det er enkelt å kome seg rundt i Sevilla med trikk, buss og taxi.
Men mykje av byen opplevast best til fots.
Korleis kjeme ein seg til Sevilla? Du kan fly til Sevilla (ofte med mellomlanding i Europa), eller fly til Málaga og ta tog eller leigebil vidare.
Husk å bestill billettar til inngangar i god tid.
Ha på gode sko
Sevilla er ein by som har alt: vakker arkitektur, god mat, historie og ei heilt eiga stemning. For meg er dette ein by eg alltid kjem til å vende tilbake til.
Det er noko heilt spesielt med å rusle rundt i dei smale gatene, setje seg ned med litt tapas og berre ta inn alle inntrykka.















































Kommentarer