Søkeresultat
65 resultater funnet med et tomt søk
- Møt jula i Europa
Kva er vel ikkje herligare enn skikkelig julestemning før jul🎄 Både små og store byer i Europa lager til dei flottaste og koseligaste julamarkeda. Her er det store julatre, masse julabelysning, mat frå forskjellige kulturar, gavetips, ja og sjølvaste julanissen tar ein tur innom og helser på🎅🏼 Om detta er stas for både store og små- ja, det syns me!🤩 Eg har alltid vore vant til å reisa vekk i romjula frå eg var ungdom, me reiste til Granka med heile storfamilien og kosa oss i sola. Etter eg blei vaksen har eg valgt vekk jula og heller sett muligheten for å sjå fridagar og bruka pengane på noko eg heller setter pris på🤩🌍🌴 Dei siste åra etter me fekk ungar har me gjort begge deler, delt opp litt. Så istadenfor å reisa vekk i jula har me heller reist på eit koselig julamarked i Europa🎄🎅🏼 Kva med å legga flybillettar/tog/hotell i julakalenderen ein dag, og vipps så kosar de dåka ei helg med julamarked! Det er jo koselig å ta ein pust frå julastria og ta tid til kvarandre🥰 Er det ikkje det jula handlar om då, å vera med sine kjære😍 Eg tippar barna vil sjå sine foreldre som er tilstedes og ikkje stressar med gulvvask og handling! Det finns så mange julamarked både i Norge og Europa, og kva skal ein velga? Mitt tips her er viss du har sett deg ut ein plass du vil besøka, så er det lurt å sjekka flybilletta i god tid, samt overnatting. Viss du ikkje veit kor du vil dra, du vil berre ha litt julastemning, og ein rimelig tur. Då ville eg begynt med å sjekka flybillettar til forskjellige byar, når ein har funne ei flyruta som passar, sjå etter overnattingsplass, aust Europa har ofta rimelige overnattingsplassar. Prøva å finna eit hotell så ikkje er så langt unna julamarkedet, om det er ein stor by. Deretter sjekka om det er eit julemarked eller fleire i byen. Sjekka restauranttips påforhand, og gjerne booka bord. Det er ofta masse mennesker i byen, så fyller seg fort opp. Er det andre aktiviteter/sightseeing du vil sjå i byen mens du første er der? Eg vil dela mine opplevingar frå julamarked. Eg har ikkje vore på så mange enda, men dei eg har vore på har vore veldig koselige🎄Eg ønsker meg svært gjerne å reisa på eit julemarked i år, men me får sjå kva tiden bringer. Warszawa er ein ganske passe stor by. I gamlebyen hadde dei laga til eit koselig julamarked med boder, varmt å drikka og masse fint å kjøpa. Det er små pynta parker før sjølve julamarkedet i gamlebyen så var hyggelig å gå innom. Me budde på Mariott, noko så var kjempe flott! Det ligger midt i smørøye i den nye delen av byen, med kollektivt rett utanfor døra og shoppingsenter rett attmed, dei har sømmebasseng/spa, restaurantar, lounge og bar der. Me brukte shoppingsenteret, restaurantar og litt sightseeing itillegg til julamarked. Tips til restaurant: Beef n`Pepper, Aioli Cantine Bar Cafe Deli, Culiniinaria Italia, Zapiecek Bratislava: For ein liten, koselig by! Og her kunne dei julastemning, tom trikken var pynta til jul! Julamarkedet foregjekk i sentrum av byen. Her var det eit stort julatre midt på plassen, nokon boder rundt, og det koseligaste markedet fant me på Main Square, her var det stemning. Folk kosa seg med gløgg mens dei små åt frå bodene, handla med seg litt julapynt og presangar, ja og det vart sjølvsagt spela julamusikk. Detta var stemning! På dagtid var me innom eit anna julamarked ved det gamle rådhuset, der hadde dei sauer som ein kunne klappa, detta var stas for kidsa! Me budde godt, Sheraton Bratislava Hotel med ei nydelig suita. Sånn er det når ein er konsekvent med bestillinga si veit du, då får ein fordelar:) Det låg ikkje midt i sentrumsgryta, men 10 min å gå så var me i streeten. Me åt veldig god mat itillegg til å kikka litt rundt i byen. To netter her var topp. For å komma seg til Bratislava, tok me direktefly til Wien og tog i ca 45 min til Bratislava. Enklare får du det ikkje. Wien: Altså her kunne dei julamarked🤩 Eg kom utav tellinga her, me gjekk innom det eine etter det andre. Og felles for alle var at dei var veldig stemningsfulle på sin måte. Eg hadde notert meg ned 3 stykk som me skulle sjå, men det blei no minst dobbelte. Den dagen hadde eg langt over anbefalt skritt på klokka, men å berre gå rundt å sjå i ein så vakker by med så mange flotte julamarked, var ein fryd! Julemarked på Karlsplatz var veldig lagt til rette for barn, her var det hopp i høyet, kosa med dyr, formgjeving og ellers familiehygge! Me tok det mest spektakulære til slutt, og det var lurt. Då var det nett begynt å bli mørkt og lysa i markedet tentes. Me såg det opplyste pariserhjulet på avstand, parken var så flott pynta og stemningen så god! Eg såg lysa tentes i augene til 3 åringen! Eg vil trekka fram det koselige markedet på Am Hof med alle gode matbodene. Litt roligare stemning og folk kosa seg:) Jammen kom ikke nissen der òg, det var stas! Du Vienna du Vienna, for ein vakker by🤩 Som sagt, me gjekk og me gjekk den dagen, så fekk jo sett kor utrulig nydeleg byen var😍 Her skal eg tilbake. Eg har vore så lite i sentral europa. Me kom med morgentoget frå Bratislava og hadde eit døgn på oss før flyet gjekk heimatt. Det var klart altfor lite, men sånn blei det den gongen. Kjempe flott å kombinera Wien og Bratislava. Max ein times togtur mellom byane, og ein brukar flyplassen i Wien for direktefly. Hotellet me budde på hugsar eg ikkje navnet på, men eit heilt greit 3* hotell. Me var nesten ikkje inne på hotellet for det var så masse fint i gatene. Klart det var litt teit å gå fra 5* i Bratislava til 3* i Wien, men prisane..... ;) Skal ein reisa til Wien på julamarked, kan det vera lurt å ta ein kikk på kor det er marked i byen, har ein fleire dagar, konsentrer deg om eit område eine dagen og eit anna område neste dag. Når ein første er i Wien bør ein smaka på schnitzelen, den er ikke berre god, men diger! Me fekk skikkelig god schnitzel på 7Stern. På kvelden hadde me digg mexicansk på Santos Neubau. Oslo: Julamarkedet som lyser opp Spikersuppa er så koseleg! Her er det glade barn som står på skøyter, boder med masse godt i og ting å få kjøpt med seg. Her kan ein enten ta ein dagstur eller gjera det til ei hyggelig helg. Eg har jo allerede laga guide til restauranter og hotell for deg:) Berre ta ein kikk på desse innlegga om du vil ha tips :) København: Her var me faktisk på romjulsmarked i tivoli for x anntall år sia. Me segla med DFDS over og nytte ei natt i køben med det julapynta tivoli. Manchester: Fotball og julamarked det kan vera ein fin kobo. Det gjorde min mann for nokon år sia, og dei hadde laga det veldig hyggelig i gatene med lys, nisse og masse boder. Og du, Manchester er så mykje meir enn fotball. Eg gler meg allerede til neste gong eg blir invitert med, for her var det så hyggelig stemning, bra shopping og ikkje minst masse gode restaurantar! Ja det er så mange plassar å reisa på julamarked! Tyskeland skal jo vera heilt rå på julamarked, så det har eg på lista mi! Personlig syns eg dei små koselige julamarkeda er koseligste! Men det er ei smakssak. Der får ein ei heilt anna stemning. Sånn så i Wien så fant me begge deler, men det blir meir avstandar og gåing. Vil du ha eit koselig lite julamarked vil eg ha satsa på ein av byane i Aust Europa, og der er det jo ofta rimelig både hotell og fly. Eg kunne tenkt meg Tallinn til neste julamarkedtur til Aust Europa, det er jo ein koselig by i seg sjølv. Skal du reisa til ein litt større by med masse julamarked; velg deg ut eit område og konsentrer deg om det ein dag og eit anna område neste dag feks:) Eg snører på meg joggeskoa på kvar ein storbytur, så eg er forberedt på masse gåing, det er jo då ein får oppleva koselige gater, torg så opnar seg og hyggelige restaurantar som ein ikkje ville gått forbi om ein tar kollektivt. Det finns så masse koselige lokale julamarked så ein kan besøka på dagstur, kanskje du har eit i din by/tettstad:) Følg med på facebook eller i avisa, så kjeme det heilt sikkert opp noko snart! Har du vore på julamarked og har eit tips til meg, skriv det gjerne i kommentarfeltet under:)
- Mine restaurant tips i Oslo
God mat på reise er pri nr 1 for meg! Eg trenge ikkje gå på fancy restauranter, men det må vera god kvalitet, hyggelig betjening og eit inbydande lokale. Dette føler eg at eg finner masse av i Oslo. Så å ta toget inn i hovedstaden og eta god mat er heilt herlig! Gjerne sammen med andre så nyter det lika masse som meg. Når eg reiser til Oslo så prøver eg å finna matkategoriar/land som me ikkje har her på Gjøvik eller som eg ikkje er så god på å laga sjølv. Eg vil skriva litt om mine restaurantopplevelsar i Oslo dei siste åra, kanskje du plukker med deg eit tips eller to til neste Oslo tur :D Asiatisk fusion: Nodee i Barcode og Asia på Aker brygge. Her får du nydelege asiatiske smakar! Eg pleier å bestilla litt småretter og dela med bodkammeraten så får ein smaka litt av kvart! Litt sånn astiatisk tapas:) Og du, på dei asiatiske restaurantane laga dei skikkelig gode drinkar! Dei med passjonsfrukt er min favoritt. Biff: Köd kan köd rett og slett!👌🏽 Her får du saftige biffar med godt tilbehør. Carpaccioen til forret var heilt nydeleg!👌🏽Hyggelig stemning og god mat! Arts Restaurant: Ein fancy og stillig restaurant med god atmosfære, hyggelige servitørar og ein vinkelnar så virkelig kunne jobben sin! Kjøttet her var nydeleg!Og den burrataen!!! Eg har tatt med meg eit godt tips frå den heim i min matlaging;) Og vil du ta ein tur å sjå på kunsten, er det galleri der. Tapas: Barramon på Mathallen; Pintxos tapasbar midt i mathallen, der sitter du på barkrakker og tapasen er dandert på brød delikat inni disken. Eg pleier å bestilla to pintxos i slengen, eta og nya mens eg ser over utvalget. Eit godt glas med cava høyrer med. Når du er ferdig teller mannen bak disken opp kor mange tannpirkere du har, og summerar det. Castello på Sørenga må eg nevnt av fleire grunnar, utsikten når ein sitter ute; å sjå rett bort på barcode og Oslobukta mens ein ete digg tapas og ein nydeleg sangria! Ikkje berre har dei vanleg sangria, dei har både kvit, rose og med cava. Utvalget er bra og så er smaken på sangriaen! Tapasen er nett så me likar den, og den blir servert delikat :) Mexicansk: Coyo og Tijuana. Når ein ete mexicansk mat, så syns eg ein bør ha litt mexicanske rytmer og fargerik restaurant. Det har begge desse to greid! På Sørenga finner du Coyo i eit supert fresht og lyst lokale. Altså her kan dei interiør, masse stillig men på ein innbydande måte. Ein kan sitta ute og nyta utsikten om ein vil her òg! Maten, drinkane, atmosfæren, ja altså detta er snadder! Viss eg skal trekka fram ein drink er det smoked margaritas. På Løkka finner du den stilige Tijuana, her er det dødningehoder og kule farger som preger lokalet. Godt utvalg og digg mexicansk mat! Indisk: Jewel of India og Mantra. Er det ein ting eg syns eg skikkelig digg så eg ikkje greiar å laga sjølv, så er det indisk mat. Smakane der altså, og risen, sånn ris får ikkje eg til å laga heima! Så nesten kvar gong me er i Oslo så må me eta indisk. Eg har lagt min elsk på Jewel of india som har koselige lokaler, skikkelig god mat, hyggelig betjening! I ei sidegate nederst i Karl Johan finner du den flotte restauranten Mantra by Mr Indria med den stilige tandoriovnen. Lokalet er lunt, folka er hyggelige og maten er topp! Gourmet: Vil du kosa deg litt ekstra og smaka deg gjennom nydelege rettar er Kontrast å anbefala! Dei har ei Michelin stjerna, men dette er ikkje ein type stiv restaurant. Me hadde ein 11 retters meny og alt smakte godt! Eg hugsar den eine retten med ost, sjølv om det er 4 år sia me var der! Flott mat og vin presentasjon til kvar rett. Lokalet er anonymt, men allikavel stillig! Vil du ha litt av alt, kanskje følget ikkje er enig med dine matønsker, då er det berre å gå på Mathallen eller Oslo Streetfood, bestille mat frå kva sin restaurant og setta seg i midten på fellesborda. På den måten kan ein smaka litt av fleire og alle blir fornøyd med sitt matvalg :) Og du, vil du gå på ein skikkelig koselig liten bar med gode drinkar, då er Perla på Sofienberg plassen! Har du plana om ein Oslo tur og trenger tips til ein plass å sova, ta gjerne ein kikk på innlegget om mine hotell favoritter:) Og vil du rusla nedover langs Akerselva kan du bli med på min tur først! God middag og kos deg i hovedstaden!
- Vamos a la Playa!
Det er snart tid for sommarferie og mange har tenkt seg til sydligere strøk for å få ein flott ferie med strand, sol og alt anna herleg så høyrer med på ein skikkelig sydenferie! Eg pleier å skru musikken på full guffe i bilen på vei ned til stranda mens me synger Vamos a la Playa - som betyr: Kom, la oss dra på stranda! Men før ein kjem seg til strandparadiset er det ganske mange ting ein tenker på, isåfall nokon av oss. Nokon likar å ta ting på sparket, då ein kanskje berre reiser for å få sol og gjerne uten så mange i reisefølge. Mens andre skal ha med seg både born, besteforeldre og onkler. Det å finna noko så passar for alle er ikkje berre berre. Derfor kan det vera greit å ha ei lista med kriterier og finna ein plass som kan passa utifrå det. Skal ein reisa på øyhopping i Hellas, strandferie i trygge Spania, skjærgården i Kroatia, det billigare alternativet Bulgaria eller det nye og spennande Albania? Ja her gjelder det å finna eit land og konsentrera seg om kva plassar ein skal velge der. Her er nokon ting det kan vera greit å tenka på før ein bestiller reisa (gjerne dersom du har med deg ungar): 😎Reisetidspunkt, å komma ned seint på kvelden med små ungar er kanskje ikke den besta. Har ein mulighet å velga ein tidligare flygning kan det henda passar deg bedre. 😎 Kor er det trygt å ferdas no til dags. Med dagens verdsbilete er det stadig fleire så tenker på detta. Eg kan ikkje sei kva ein bør og ikkje, men ein kan tenka seg geografisk område, retning, korleis er helsetilstanden i landet ifht korona, er det nokon sjukehus i nærheta ol. 😎 Reiseforsikring og avbestillingsforsikring er alltid greit å ha kontroll på. 😎 Velg deg eit land så du liker/kunne tenkt deg og sjekk ut om dei forskjellige plassane i det landet. 😎 Kor viktig er beliggenhet ifht strand, sentrum, serverdighetar. 😎 Nærhet/transport til/fra flyplassen 😎 Kva finnst det av fasiliteter i nærheten 😎 Kor langt er det til stranda, kan ein gå eller må ein ha bil/kollektivt 😎 Kva fastilitetar ønsker ein på overnattingsplassen; basseng, restaurant, leikeplass, aktivitetar. 😎 Skal ein velga hotell med frukost og basseng eller leiga leilighet så heile storfamilien får plass og kan ordna seg sjølv. 😎 Er det mulig å få/leiga barneseter på buss/bil. Mange flyselskap har inkl bilstol og vogn i billettprisen. 😎 Ønsker ein å oppleva det autentiske, kulturen i landet eller berre sol og strand. 😎 Har pris ein betydning. Reiser har generelt blitt litt dyrare no med alt så foregår i verden. Men for nokon er det viktig å komma seg på ferie og slappa av langt vekke fra heima. Så kan ein tenka om ein ønsker alt tilrettelagt på bustaden + gode flytider så må ein gjerne betala for det. 😎 Ønsker ein å vera på samme plass heile tida eller bytta mellom to plasser, område, byer, øyer, land. 😎 Les reisebloggar, få tips fra bekjente, les reisebøker, spør gjerne underteikna etter nokon tips :) Alt dette kjeme an på korleis ein er som person og kva ein verdsetter, så dette er nokon av dei tinga mange tenker på/kan tenka på ved valg av sommarferie. Mine siste strandferiar har gått til Casa Berge på fastland Spania, der har me det lokale landsbylivet med ein god blanding av spanjoler og turistar, milelange strender, masse fasiliteter i nærheten for heile familien og ein god dose spansk kultur. Her veit me kva så ventar oss, det er trygt og godt, bra tilbod til heile familien, herlige temperaturar heile døgnet, god mat og lange strender. Det er gode muligheter å oppleva severdigheter, parkar, byar og andre spennande plassar i nærleiken. Med bil så får ein opplevd masse kjekt innan ein times kjøring fra Gran Alacant. Sist sommarferie avslutta me ferien med 3 netter i Palma på Mallorca. det er jo berre ein liten times flytur ut til Mallorca, Ibiza og Menorca fra Alicante flyplass. Og flyturen heim derifrå kan ein finna billigare eller tilsvarande som fra fastlandet. For meg er standard og fasilitetar på overnattingsplassen viktig, samt kva du finner i nærheten. Eg likar godt å oppleva nokon skjulte perler og gjerne lokal idyll på plassen. Store turistmaskiner appelerar ikkje heilt til meg. Og det må sjølvsagt vera ein palme eller to der ;) Det er så mange muligheter! Ein må berre sjå dei og gripa dei- etter det som passar ein.
- Sjå, lukte, høyre og føla
Å sjå eit bilde av ei flott strand med ein palme, eit torg i ein storby eller ein vingård i Italia. Det er masse så ser flott ut på bilde, men det er oftast ein heilt anna opplevelse å vera der! Alt ein ser rundt sjølva bildet, lukten på plassen, lydane, temperaturen, vennlighet til menneska, og sjølve atmosfæren. Det er ikkje alltid så lett å få fram i eit bilete! Derfor er reiseskildringar viktig, slik at du kan danna deg eit bilde av plassen utifrå opplevelsane. For ikkje så lenge sia posta eg eit bilde på Instagram uten å skriva noko særlig om plassen rundt og kva eg gjorde. Det var eit heilt anna budskap eg skreiv om då. Fekk kommentarar på at det såg ut så eg kosa meg på tur! Men sannheten er at nett på den plassen kosa eg meg ikkje så veldig, det var skittent, litt små shabby og ikkje heilt de stemningen eg er vant til på tur når eg skal kosa meg. Men sola stakk akkurat fram og eg hadde fått meg ein sangria, så ja eg kosa meg jo litt. Nettopp derfor er det så kjekt å kunna skriva litt om opplevelsen rundt, situasjonen eller historien bak bilete! Og ikkje minst at akkurat du tar deg tid å lesa! Håpar du syns det er kjekt å lesa reiseskildringar og håpar eg kan inspirera deg til reising:) Eg er stadig på farten og får nye opplevelsar å skriva om! Det så er så fint er at me har forskjellige ønsker og behov, oppfatningar og opplevelse av ting og plassar. Detta er mine reiseskildringar utifrå mine opplevelsar, behov og oppfattelse. Eg har vore på plassar der me har heilt forskjellig oppfattelse av plassen. Nettopp for me likar forksjellige ting, har forskjellige behov og oppfattelse av ting!
- Koh Samui- Mitt thai paradis
Koh Samui har alt som skal til for at eg trives på ferien! Det er ikke uten grunn eg har besøkt øya 5 gongar, forlova meg, gifta meg og vore på bryllupsreise dar! Sist me besøkte Koh Samui var i jula, eg gler meg alt til neste gong! Kva er det med Koh Samui så gjere at eg likar meg så godt spør folk; - Øya har eit bra utvalg av aktivitetar for heile familien - Det er flotte strender og fin natur - Menneska er veldig vennlige - Det er lekre hotel - Det er litt liv på kveldstid og i gatene uten stor grad av sex turismen som ein finner andre plassar - Masse gourmetrestaurantar - Lett å kombinera med nærliggande øyer og andre plassar i Thailand (Trykk her for eget innlegg). - Dei er så glade i barn, så her er det berre å setta seg ned på stolen og la dei få leika med barna - Eg føler meg trygg der! "Mitt 3.møte med Thailand var på Koh Samui, etter å ha vore på forskjellige plassar tidlegare kjente eg på ein egen atmosfære når me landa på Koh Samui. Flyplassen var jo berre så sjarmerande i seg sjølv, liten og koselig. Sawaadiiiikkaaaaa helse dei oss velkommen med syngande stemma og vennlige ansikt. Her følte me oss virkelig velkommen! Ein blid mann med eit skilt der det stod Miss Berge kjørte oss til Bandara Resort der me skulle bu dei neste 11 nettene. Me blei ønska velkommen med kald drikka i den store og luftige lobbyen, og ein mann visa oss rommet vårt, ein liten penge fekk han sjølvsagt. Det var så herlig å berre vera der, pusta inn thai lufta, vera rundt så mange vennlige folk og berre nyta omgjevelsane". Ein liten guide til plassane på øya: Me har budd i Bo Put kvar gong me har reist te Koh Samui,(foruten om eit par netter andre plassar innimellom), der likar me oss best pga vennlige folk, rolig stemning, masse flotte resort bortover stranda, Fishermans village i enden av stranda med restauranter på kvar side av streeten, god kvalitet på maten, ingen sex barar og herlig atmosfære. Eg kjenner eg får heilt vondt når eg skriver om det! Bo Put Beach/Fishermans Village: Her er det masse flotte hotell langs den grovkorna stranda, sentrum med rolig og hyggelig stemning, masse gode restaurantar. Chaweng: Her er det litt meir liv, meir vanlige restaurantar, både enkel og flotte hotell, shopping. Finkorna sand, masse vannsport, meir pågåande strandselgara. Lamai: her er det meir hipt, ikke fult så trygt, eg syns rett og slett det var shabby i streeten her. Enkle og rimeligere overnattingsplasser. Fin strand, men eg gjekk ikke uti å bada uten veska mi her. Området mellom Lamai og Chaweng, mange fine hotell, men ikkje noko særlig strand og strandmoglegheter. Choeng Mon: Koselig område, fin strand, roleg og nokon restauranter. Kva kan ein gjera på Koh Samui: Før me fekk kids låg me pal på stranda heile dagen, tok ein after sun før me gjekk opp på rommet og kvilte middag og så var me klare for middag og ein drink. Så me har egentlig ikkje sett oss så masse rundt på øya før i fjor;) Det som gjorde mest inntrykk på oss då var den flotte elefant farmen Samui Elephant Kingdom . Her kom me tett på elefantane som gjekk fritt inne på eit stort område. Dei hadde det godt der, og me såg kor folka kosa seg med elefantene og omvendt! Me tok med oss ein kurv og gjekk opp på rampen og mata dei derifrå, det var både stas og litt spennande for ungane. Elefantene er jo store dyr. Etterpå gjekk me ned på bakken til dei, fekk klappa dei, sett på når dei bada og ja dei besja til og med i det vatnet dei bada i;) Det var litt fasinerande syns 5 åringen. (Når du skal besøka dyreparker, sjekk og les anmeldelsar, så du ser at dei har bra dyrehold der. Det er dessverre ikkje alle plassar i verden dei tar godt vare på dyra). Mitt beste tips: Finn ein sjåfør så kan kjøra deg rundt der du vil på øya. Me avtalte med vår mann at me skulle i elefantparken først, så til Big buddah etterpå. Me brukte han på fleire ting, og han var presis og pålitelig. Ønsker du at barnet ditt skal bruka barnestol så må du spørre om dei har det eller medbringe sjølv. Ikke forvent at dei har iso fix. Ikkje alle har dei nyaste bilane med godt utstyrt air conditon, så husk det. Attraksjoner som me har vore på, det finns masse meir: *Big Buddah- eget område med buddha statuer, ingen inngangspenger. *Elefantpark- Samui Elephant kingdom *Granmother and Grandfathers rocks * Båttur til Nasjonalparken Ang Thong *Shopping på markedet i streetane eller i butikkane i Chaweng *Massasje- altså 60 kr for 1 time massasje! Og dei er flinke og tar i! Kor kan ein bu på Koh Samui: Hotella me har budd på syns eg er ein opplevelse i seg sjølv, dei er så forseggjort, lekre felles områder, frodige hagar og god mat! Som de veit likar eg å bu godt, det har eg alltid gjort på Koh Samui foruten om ein gong når me skulle spara litt pengar, men endte opp med å bu på eit bra hotel resten ;) At folka er så vennlige er eit pluss på overnattingsplassene òg, ein blir så godt tatt vare på liksom! For deg så likar gode frukostar er det topp i Thailand med egen omelettstasjon, godt utvalg av fersk frukt og masse anna digg! Det er jo klart Peace Resort er spesielt for oss sia me gifta oss der, og det var nydeleg å vera tilbake der i jula, med nyoppussa bungalows med eget basseng og uteområde løfta oppholdet eit hakk. Hotella er i kronologisk rekkefølge etter kor me likte oss best: *Anantara Boput Resort; Frodig hage, skikkelig god og digg mat og kule, smakfulle drinkar, det lille ekstra med turn down service, apekattene, nydeleg frukost med masse gode korn og frukt. På Anantara hotell blir ein litt ekstra tatt vare på og blir invitert med på happenings i hagen. * Banyan Tree; Luksuriøst og lekkert hotell i thai stil, turn down service, nydelig frukost med bobler, boogie serivice inne på området, topp service, fleire aktivitetar på stranda inkludert og barneklubb. * Peace Resort; Flotte og romslege bungalow med eget basseng, god mat, bra leikerom, solsenger og supbrett/kajakk på stranda * Bandara Resort; Stort og fleire bassengområder, romslige rom i thai stil, bra treningsrom og spa, supert for barnefamiliar. * Rocky's Boutique Resort; Stillig hotell i fredlege omgivelser og topp service og nydeleg mat, ala carte frukost som var det lille ekstra. Heile hotellet har ein herlig atmosfære. Ingen sentrum i gåavstand her. (ikke fint å bada på stranda) * Deva Resort; Flotte rom, med eget basseng, (ikkje fint å bada på stranda) * Smile House; Greit, rimelig og sentralt. + for fleire soverom i bungalow. * World Resort; Been there done that ;) for dei så likar det enkelt. Eta og drikka på Koh Samui * Sea Sun Samui ved big buddha. God kvalitet på maten og leskende lemonader, relaxing plass. * Ashore på Anantara Resort . Digg mat som passer alle og gode drinker på stranda * Kawin`s kitchen; God mat og spennande smaker, ligger oppe ved veien. * The Shaks; Australsk biff på kullgrill. * Coco Tams: kjempe god mat, digge drinkar og flammeshow på kvelden. * Karma Resort; herlig atmosfære og god mat i stillige omgjevelsar * Kohco Tow ; Fransk Inspirert mat med god service "I can take your baby so you can eat"- det er god service det! * Nikki Beach- sunday brunch; Detta var noko for seg sjølv, all maten var god og det var så masse forskjellig! Siden 2009 har det skjedd litt i Fishermanns Village, blant anna favorittplassen vår Coco Tams, som ligger heilt nede på stranda. Her er det no komt eit 2.etg restauranthus som er stillig innreda i naturfargar og med knallgod mat. På stranda nedanfor er det sakosekker i sanden og lave bord. Du er heldig om du får eit bord her i 7-9 tia, ja for då er det jo fire show. Det er ein egen kunst syns eg, og 5 åringen var heilt fasinert over dette, og ville gå der kvar kveld. Å sitta på desse sakkosekkane og nyta musikken, varmen, thai atmosfæren, sjå på folk og berre nyta livet mens ein tar seg ein smakfull drink er livet :D Her fekk me den største drinken eg har sett, god var den òg! I Do💍 Kvar gong me har vore på Koh Samui så har me møtt på kjensfolk, det er kanskje ein grunn til det, det er ei populær ferieøy! Når me gifta oss her i 2013 fekk me introdusert øya til 60 venner og familie, det er ein opplevelse eg (og forhåpentligvis dei) seint vil gløyma! Eg har skjønt på gjestane som om at dei var rimeleg fornøyd med øya dei òg, og nokon har reist tilbake etter det. " Skal me ikke berre nett gå opp i gata å sjå litt hos ho bryllupsplanleggaren sa eg til mannen i 2011, lite viste eg at nokon dagar seinare fridde han på stranda "vår" og 2 år seinare gjekk eg barfot ned "strandgolvet", ein draum blei til verkelighet". Går du med ein draum om å gifta deg i utlandet, DO IT! Thailand er perfekt land å gifta seg i, det er gode bryllupsplanleggara der. Det einaste du må gjera er å informera gjestane dine i god tid så dei får spart opp litt og ordna seg reisa. Reisetips: Når me reiser til Koh Samui flyr me ofta rett ned frå Oslo, berre ein mellomlanding i Bangkok. Husk å ha greit med tid så du rekker innom passkontrollen i BKK, baggasjen blir sendt heile veien om du kjøper billett heilt fram. Det er fint å kombinera Koh Samui med andre strandparadis, byar eller andre land. Bangkok er ein by så er verdt eit besøk. Innlegg fra byen kjeme seinare i haust! Ein liten båttur på ca 40 min kommer du til naboøya Koh Phangang som er kjent for full moon partys, her er det shabby og lite liv ellers. Men Nord på øya er det heilt nydeleg. Det fortjener eit eget innlegg som eg gler meg til å skriva. Koh Tao som ligger 1,5 time med båt fra Koh Samui er dykkerparadis! Eg har kun vore i land der som dykkargjest, men neste gong skal eg reisa over å bu der! *Trafikken på Koh Samui er litt voldsom, å leiga bil er det få turistar som gjere, få heller nokon så kan kjøra deg rundt, evt leie ein scooter. *Tuk tuk er ikkje så poppis på øya, men det er masse taxier. *Det er masse minibankar rundtom, men dei fleste restaurntar tar kort. Sjåførar, taxi, massasjeplassar tar cash. *Koh Samui egnar seg godt som ein sommar destinasjon, med godt klima. Ei og anna regnskur kjemi sjølvsagt. *Eg vil sei Koh Samui egnar seg lika godt til alle målgrupper. Fantastisk for barnefamiliar som for par! Det er vanskelig å beskriva Koh Samui heilt, eg har så masse meir å fortelle, men du har sikkert skjønt at eg likar meg på øya, og eg kan varmt anbefale alle ein tur til Thailand og særlig Koh Samui! Eg seier berre- reis der og prøv det sjølv! Ta gjerne med deg eit tips eller to! Liker du det du har lest blir eg glad om du trykker på hjertet under <3 Ta gjerne ein kikk på innlegget mitt om Smilets land-der eg har skreve om dei forskjellige plassane eg har vore. Har du spørsmål om Koh Samui eller Thailand er du velkommen til å senda meg ei melding på Instagram eller facebook!
- Smilets land- kor skal ein reisa
Første møte mitt med Thailand var i 2007 og eg blei bitt av basillen! Etter det har me reist masse rundt i Thailand og vore der 8 gonger! Me har møtt på forskjellig og funne dei plassane me likar best. Dei 3 første reisene til Thailand reiste me med charter, da det var trygt og godt, samt me var ikkje kjent og ville ha litt tips og hjelp til kor me skulle reisa. Etterkvart som me hadde vore der nede og skjønte korleis ting fungerte med transport, kva plassar som var bra og ikkje, bestilte me resten av turane våre på egenhand. Det har gått heilt smertefritt. Det er eit veldig enkelt land å ta seg rundt i. Alle gongane me har vore i Thailand så har me budd på forskjellige plassar og vore minimum 2 veker og opptil 4 veker. Dette fordi eg syns det er kjekt å sjå litt forskjellig frå landet når ein første reiser så langt, samt kjekt å få litt forskjellige vibber, ingen plassar er like. Me har reist både i jula og i sommarferien, ein må berre velga riktig tid og sted! Koh Samui og øyane i Thailandsbukta har me alltid reist til på sommaren og det har vore ganske bra vèr då! Det kjeme alltids ei regnskur, men det er litt av sjarmen med Thailand. No i jula var første gongen me var på Koh Samui på vinteren, litt luftigare enn på sommaren og heilt topp klima! Resten av plassane har me reist på i desember/januar. Å reisa vekk i jula og berre nyta sol og sommar i Thailand er fantastisk! Desse kombinasjonane har me hatt: Khao Lak+ Phuket/Patong Krabi/Ao Nang + Koh Lanta Koh Samui + Bangkok Koh Chang + Koh Samui + Bangkok Koh Samui + Koh Phangang + Bangkok Khao Lak + Phuket/Kamala+ Bangkok Thailand er jo klart spesielt for oss som har både forlova oss, feira bryllup og bryllupsreisa der. Det var ein heilt fantastisk opplevelse så eg anbefalar dåka så går med ein draum om å gifta deg i utlandet å gjera! Me var så heldige å fekk med oss 60 stykk familie og venner, store og små på denna feiringen som blei ein 2-3 vekes ferie sammen! Me gjorde masse kjekt sammen, ikkje berre denna dagen. Det er flinke bryllupsplanleggara der nede som hjelper deg med det praktiske. Så er det lurt å sei ifrå til gjestane god tid iforveien, så dei rekker å spara opp og ordna seg fri ;) Eg håpar eg blir bedt i eit utenlandsbryllup ein gong (hint hint). Her er mine opplevelsar av dei forskjellige plassane eg har vore med favoritten på toppen: * Koh Samui- Øya så passar for dei fleste med den herlige stemningen og vennlige folka. Eget blogginnlegg om øya kan du lesa her <3 Fly frå Bangkok ca 1 time. * Khao Lak: Roleg og vakker plass med nydelege solnedgangar! Her er det strandliv, hygge, god mat, naturopplevelsar som gjelder, det er ingen kjøpesenter, kun ei street med thai butikker og restauranter. Passer godt for alle, men den breie stranda og langgrundt gjer det ekstra attraktivt for barnefamilier. Ca 1-1,5 time frå flyplassen i Phuket. * Koh Lanta: Åh her var det så herlig stemning, rolig og laid back. masse strandrestaurantar og barar der folk berre nytte livet! Ingen shoppingsenter eller go go barar! Perfekt å ta båturar nedover kysten til Koh Lipe feks. * Koh Phangan: Min opplevelse her er todelt. Sørsida av øya er prega av full måne fest og er dødt ellers, nord sia av øya har flotte resort, nydelege strender og naturopplevelser både på land og i havet. Eget blogginnlegg av vår opplevelse på Anantara Rassandra i vinter kjeme ila hausten. Båt frå Koh Samui tar ca 30 min. *Koh Chang: Den frodige elefantøya med flotte strender og fine naturopplevelser. Laid back stemning på stranda på kvelden med sakosekkar, vannpipe og fireshow. Ypperlig å leiga scooter å kjøra rundt på øya. * Krabi/Ao Nang: Sjølve Ao Nang var litt kjedlig da streeten var oppover ein vei og ein fekk ikkje vore så masse nede ved stranda. Ingen solstoler på stranda pga freda nasjonalpark. Men tar ein long tail båtane ut til øyane så er det nok det vakraste Thailand eg har opplved! Dei bilene du ser av Thailand med fjella, strendene og longtail båtane er frå Krabi Provinsen. * Phuket Kamala: Eg hadde lovt meg sjøl at me ikkje skulle reisa til Phuket fleire gongar, men skulle ta eit par netter her for å testa ut plassen og møta nokon venner. Det kunne jo henda det var bedre her enn i Patong, det var det, eit lite hakk ;) Heilt ok strand og Swissotel så me budde på va bra, men folka var dessverrre ikkje lika smilande så ellers i Thailand, eg skjønnar kvifor. Cafe del Mar hadde dei lekker og digg mat, så ålreit å leiga ei solseng der og få god mat og musikk. * Phuket Patong: (med fare for å vera negativ her) mini Pattaya, du kan liksågod bruka pengane på å reisa til Kanariøyane, for her er det svenske kjøttbollar i restaurantane, bunad hos skreddarane, masse liv og go go barar. Lite sjel og vennlighet. Dette var mi første reise til Thailand, heldigvis var me i Khao Lak 1 veka først og fekk oppleva det ekte Thailand. Lang strand, masse resort på oppsida av veien. Her får du både mat i alle varianter, shopping og liv. *One Night in Bangkok blir alltid til 3 ;) Dette er den byen i verden eg likar meg best i og trives så godt der! Lekre hotell, god mat, spennande kultur, gatemat, marked, templer, nei det er så masse opplevelser her så det må komma eit eget innlegg på denna byen òg! Hot tips; Nyttårsafta på Lebua at state tower med river view! Resten av hotellanbefalingane kjeme i blogginnlegget, her har me berre budd godt og det har berre vore bra og billig! Dette er mine beskrivelsar av Thailand, me har alle forskjellige opplevelser og kva me verdsetter. Reisetips: *Per i dag er det ingen så flyr direkte frå Oslo, mellomlanding i Europa eller Midtøsten. *Eg har flydd med Thai, Sas, Turkish, Klm og Norwegian til Thailand og alle har vore veldig bra. Natte flygning anbefalast! *Det er masse hotell med bra standard så ikkje kostar så masse. God service finner ein stort sett alle plassar. *Sjekk kartet kor hotella ligger, om det er mulig å gå til sentrum feks. Nokon plssser der det berre er ein km til sentrum kan det feks ikkje vera mulig å gå kun kjøra. *Tuk tuk er billig og greit framkomstmiddel *Poppulært å kjøra scooter, men på dei større plassane så går det fort i trafikken *Dei fleste plasser tar kort, men greit å ha cash til massasje, taxi og små restauranter/barer. *Thai folka gjere alt for deg, det er veldig hyggelig, men prøv å ikkje utnytt det. *Det er vanlig å tipsa litt til den så bære bagasjen din eller viser deg veien. 10 kr er lite for oss, men kan vera masse for dei. *Sjekk vaksinasjonsprogrammet i god tid før avreise. *Me har opplevd svært lite kriminalitet, men ein trenge ikkje gå rundt med alle korta sine og alle pengane. Legg litt i safen. Eg håpar desse beskrivelsane kan vera med på å hjelpa deg på din vei mot Thailands ferien! Eg har allerede lista klar for neste Thailandsferie, litt av det gamle og nokon nye plassar. Chang Mai er ein plass som står høgt på lista. Eg blir glad om du vil hjerta innlegget når du har lest om du likte det! Og har du nokon reiseglade venner eller nokon som skal til Thailand, del det gjerne med dei:)
- Vennetur
Sommarferien er over og det er tid for vennehygge, kanskje ein tur i skogen på ei hytta kan frista, eit spaopphald i Aust Europa eller ein storbyferie med kultur og god mat. Mine tips til vennetur er å finna ut: * Kva de ønsker med turen sammen; kultur, restauranter, sightseeing, spa, konsert, sport ol * Kva budsjett har de * Kva plassar har de lyst å besøka * Lengde på turen * Transport, bruke tid på mellomlanding eller ta direkte Når eg er på vennetur bryr eg meg om god standard på overnatting med eit snev av luxus, sentral beliggenhet, ikkje for lang reisevei, ein by/plass som ikkje er så altfor stor, spa eller anna velvære er eit pluss særlig på vinteren, ein plass med skikkelig god mat og drikka, sjarmerande plass som er litt utenom det vanlige, gjerne turmulighetar i nærheten. Grunnen til at eg likar små plassar uten for masse opplegg, er at i kvardagen har ein ikke så masse tid å vera sammen. Når ein fyrste er på tur saman, då likar eg å ha kvalitetstid og ikke stressa rundt for å sjå alle serverdighetane i ein by. Plassar eg syns egnar seg godt til venneturar: * Små byar som: Budapest, Krakow, Warszawa, Tallinn, Bratislava, Dublin, Praha * I norge er hotell som Fyri Resort akkurat sånn eg likar det * Tretopphytter - eget innlegg om det her * Sjarmerande overnatting i nærområdet- Les meir om Hardangerfjord Lodge her * Vingårdsferie- kjeme eget innlegg på det ette turen i slutten av sept. Det er jo ganske masse ein kan finna på i byar som ikkje er direkte sightseeing: * Øl/Vin smaking * Matlagingskurs * Guida sykkelturar * Ein sport de likar * Ta ein piknik i parken * Gå ein tur som ikkje er midt i sentrum * Gå på det lokale markedet og sug til deg inntrykk, lukter og lyder Når det gjelder overnatting, prøv å finn det gule/besje området på kartet i byen, kanskje du ser ein severdighet eller to, så kan du finna eit hotell så ikke ligger så langt unna dei. Mange hotell må ein legga på frukost i bestillinga, det er ofta billigare enn å kjøpa det der nede, så tenk om du vil ha frukost eller ikkje. Eg kan nevnt at Mariott hotel Warszawa var topp, der hadde du flotte rom, lounge tilgang på enkelte rom, spa og basseng, tillegg til beliggenhet attmed shoppingsenteret. I Dublin var Hard Rock hotel virkelig å anbefale, detta var noko heilt annleis enn kva eg har budd på før, det må berre prøvast! Frokosten som var ala carte var heilt topp! Blogginnlegg frå nokon av byane kjeme utover hausten. Lurer du på noko ang dei forskjellige byane, tips til hotel, ting å gjera, ta gjerne kontakt på instagram profilen min@reisermedglede eller facebookside mi Reisermedglede. Håpar du får ein flott vennetur i haust om du skal ut på eventyr!
- Tretoppeventyr
Eg har lenge hatt lyst å tatt ei natt i tretopphyttene i Brumunddal, og no var det endelig dags å få prøva🌳🛖 • Sponsa overnatting www.tretopphyttene.no • Og ikkje nok med det, me skulle få prøva det nyaste innslaget i tretopphytte familien- nemleg Utsiktsredet. Det er truleg verdens første dreibare tretopphytte! Det var skikkelig kult😄 Altså ein kan legga seg til solnedgang og våkna til soloppgang🌄🌅 Me ankom hytta med bil, og parkerte rett utanfor. Hytta var stillig å sjå på både frå avstand og heilt nært. Eg gjekk opp trappa som snurra seg rundt hytta på utsida. Der blei eg møtt av ikodnet som helste meg velkommen🐿 Eg hadde sjølvsagt pakka nokon nøtter i sekken så han skulle få ila turen🌰 Eg låste meg inn med nøkkelen så låg i kodeboksen. Og wow for ei flott hytta🤩 Her var det lekkert innreda med rustikke gjennbruksmaterial og spennande løysingar i ulik høgdenivå. Ein sofa med fargerike puter, eit langt bord i tre, ein kjøkkenkrok med det du trenger, ei seng så kan heisast ned, og mange fine detaljer😄 Store glas i heile hytta gjorde at du fekk sett den flotte naturen på alle sider. Det stod kikkert, bok om fuglar og fuglafrø der så ein kan utforska kva naturen har å by på. Ja for nermare naturen kjeme ein nesten ikkje! I døra attmed var det ein biodo, vask og dusj. Doen kan ein bruka til nødige formål, mens utedoen rett nedafor kan ein bruka så masse ein vil. Eg var ikkje på toppen endå, for ei trapp på utsida av hytta førte meg opp til ein stor flott takrerasse. Altså makan til utsikt og så koselig det var der🤩 Bord med stolar, benk, bålpanna, lykter og lenestol, her var alt lagt til rette for å kunna ha det hyggelig. No var me nesten 9 meter over bakken. Men fyrst måtte me sjekka ut området rundt hytta, for véret var heilt nydeleg ☀️ Rett nedanfor hytta låg eit lite vatn med kano ein kunne bruka🛶 Me tok på oss redningsvestane så hang på utedassen og gjekk nedover. Barna var lika spent som meg på å padla kano, for det har me ikkje gjort før. Det blei mange stopp på veien ned, for det var masse blåbær og tyttebær tuer🫐 Ein må jo ha litt bensin på veien😅 Me snudde kanoen og fekk den uti vatnet, så steig me ein etter ein ombord. Oj kor det var jaglete med kano😅 Detta var ein ny opplevelse, her var det berre å ta rolige bevegelsar og tenka kor ein setter beina sine😆 Men me kom oss oppi kanoen alle sammen🛶. Me padla rundt på vatnet og såg på endene så svømte og berre nytte stillheten og den flotte naturen🤩 Så kom det nokon kyr og skulle drikka litt🐄 Det var både stas og litt skummelt for 2 åringen som er veldig opptatt av Mø🐮. Men dei var heldigvis på avstand og gjekk inn i skogen att. Vatnet var heilt stille og det var ikkje ein lyd rundt oss, trena og skyene spegla seg i vatnet. Eg kunne ikkje vore heldigare med foto véret 📸 Me kom oss trygt i land alle mann og utforska naturen rundt, der kom det jammen meg eit par forskar hoppande forbi🐸 Det var veldig stas for 5,5 åringen som fekk halda ein óg! Naturen har så masse flott å by på, og ungane undra seg over kvifor ting er slik og lærer masse kjekt dei kan ta med seg vidare! Me kjente det romla i magen så det var dags å gå oppatt til hytta. Litt blåbær stopp på veien opp måtte til. Men no var kyddna komt nermare så me satte inn eit ekstra gir opp bakken. Dei var ikkje farlige, men som de veit har kyra eit blikk så du ikkje veit heilt kva dei vil😅. Men me var tygge oppi tretopphytta vår😄. Me gjekk rett opp på taket og fyrte i bålpanna🪵🔥 Å spidda pølser på bål uti naturen er skikkelig godt👌🏽 Matlysten blir ekstra god når ein er ute😄 Det smakte godt med både grilla pølser og marshmallows! Å sitta oppå takterassen å nyta utsikten og naturen var heilt nydeleg. Kyra var komt heilt bort til hytta så detta var jo eit eldorado for ungane, og særlig 2 åringen🤩 Han drømte nok om kyr den natta🐮 Dei stod nok oppå takterassen og berre såg på kyra i nokon timar! Me hengte opp hengekøyer som høyrte hytta til der oppe, og tok oss ein liten middagsheng🙌🏽 Er det ikkje deilig å berre henga litt, ingenting ein skal rekka eller må gjera🤩 Då var det dags å gjera klart sengene, først måtte me dreia hytta i retning soloppgang🌅. Eina senga heisa me ned og 5 åringen si seng var akkurat passe for ho, og var heilt under taket. Ho klatra opp og la seg fint. 2 åringen la me på ei madrass på golvet, det skjønnar de sikkert kvitfor😅. Dei sovna full i inntrykk og masse flotte naturopplevelsar! Dette var midt i solnedgangstida, så eg var i sving med å ordna til oppå takterassen, for jammen var det idyll der oppe då🤩 Me hadde med litt spekemat og heimabaka knekkebrød til brien. (Det er mulig å bestilla nokon rettar til middag mens ein gjere bestillinga). Å sitta å sjå på dei vakraste fargane i himmelen mens ein sitter i toppen av eit tre- Nei altså, det er noko så berre må opplevast🤩 Fargane i himmelen endra seg, og varte nokon timar, så me fekk virkelig nytt! Me fyrte i bålpanna for litt ekstra kos, for det blei jo både mørkt og litt kaldt. Me hadde med oss både ull og boblejakka, så det blei nokon timar på taket. Sitta i heilt ro, sjå utover, høyra sauene og kyra sine bjeller i det fjerne, ja sist men ikkje minst sjå på stjernene. Det var DEN stjernehimmelen den kvelden🌟✨ Når du er uti skogen uten lys rundt og stjernene tennes, meir romantisk enn det kan det ikkje bli🌟 Så har du plana om å fri til nokon er detta plassen💍😍 Då blei det kveld på oss òg, og etter masse frisk luft og naturopplevelsar sovna me fort. Det var gode senger og bra temperatur så me sov godt! Neste morgon våkna me til ein flott soloppgang, ja for me hadde jo dreia hytta den retningen!🌅 Ikodna og fuglane satt klare på matbrettet rett utanfor glaset. Den opplevelsen å vera så tett på naturen var kjempe flott! Dei store glasa var ein pluss! Me satte på kaffekjelen og åt litt knekkebrød før me måtte vidare på skule, barnehage og jobb. Ikodnet fekk mat av barna mens mor og far pakka i bilen og vaska ut av hytta. Me takkar for oss og sitter igjen med masse gode minner alle 4🤩 Detta er ein kjempe flott opplevelse for alle sammen! Både for barnefamiliar, par, venner, kollegaer eller om du vil nyta natureventyret heilt for deg sjølv🤩 Litt praktisk info: 🌳Dei første tretopphytter i Norge 🌳Det tar ca 25 min å kjøra frå Brumunddal sentrum, det er ikkje merka, men legg inn tretopphyttene på gps 🌳 Det er utedo nede på bakken, bio do kun ved nødvendighet 🌳 Ein kan bestilla mat til hytta 🌳 Kjøkkenkrok med kokeplate, steikeovn, kjøleskap og vask 🌳 Ha med nok kle, det kan bli kaldt på kvelden 🌳 Legg vekk telefonen og nyt kvalitetstid sammen med dine i naturen 🌳 Ta ein padletur på vatnet i kanoen 🌳Du kan bestilla utvask og sengakle, dyner er det 🌳 Det er 6 sengeplasser, men 4 personer var greit syns eg 🌳 Ikkje tillatt med hund 🌳Informasjon og booking på www.tretopphytter.no •sponsa overnatting•
- Eg spør 'kje kvar venast det er på jord, eg veit det er STRANDEBARM!
Slik let det i Strandebarms songen, og eg kan sei meg einig i! Den bittevetla bygda der husa ligg som ei perlerand langs fjorden, med fjella rundt. Det er jo klart eg er litt inhabil sia eg er vakse opp i bygda, men det er ein utruleg flott plass. Skal du legga ferien til Hardanger er Strandebarm ein kjekk plass å legga ei overnatting eller fem. Enten du kjem med båt, har med deg telt eller vil sova godt i ei seng inne- Mogleghetane er mange. Det er så mange kjekke ildsjeler i bygda så har ordna og laga det så fint til i Strandebarm Marina. Dette er reine ferieparadiset. Når eg posta bildet under på snap i fjor fekk eg spørsmål om kva flott sydenland eg var i! Her har du eit hav av aktivitetar å finna på både på land og i havet. Kjem ein med båt så er det gjesteplassar, samt dusj og toalettanlegg. Her kan du leiga sup brett, kajakker eller hoppa uti fra den populære flytebrygga⛵️🏄🏼♀️🏊🏽♀️.Om sommaren er kafeen open så du kan få deg ein pizza eller is. Har du lyst på ei treningsøkt er det utandørs treningsapparat oppe ved idrettsbanen og heilt nytt minigolfanlegg. Skulle vêret vera litt ruskete så er det mogeleg å fyra opp i grillhytta🔥. Legg merke til dei små skjønne nausta i vannkanten. Det er populært for barna å ha på seg støvler og gå å banka på å høyra om det er nokon heima. Som ein ser på bileta er det så mange flotte naturopplevelser, ein kan bestiga den eine fjelltoppen etter den andre🏔🏕. Og har ein lasta ned postkassetrim appen så kan ein sjekka inn på stølane og fjella. Det er ein ekstra motivasjon. Når ein går fra bygda og opp til stølane og fjella så går det rett opp. Så her får ein trimma seg, men du verden for ein utsikt på toppen! Det er premien i seg sjølv😄Stølen vår Klepp tar ca ein time om ein går fra fjorden og opp, det er òg mogleg å kjøra halvveis oppover Grøningsveien. Der er det bomavgift på 30 kr. Ivarstien er godt merka oppover, her har Ivar Riise sjølv laga flott til med tau å halda seg i og ein kvilebenk. Ja ein må jo setja seg ned å nyta utsikten litt òg! På klepp ligg sela bortover så dei aller fleste har fjordutsikt. Her budde me store delar av sommerferien før då me gjekk til sauene. Fra klepp kan ein nå masse flotte toppar lenger opp, ein av dei er Daurmålseggjå, der har ein panoramautsikt til Hardangerfjorden, Bjørnafjorden, Hålandsdalen, der ingen skulle tru at nokon kunne bu plassar, og fleire høgare fjell. På vei opp til Daurmålseggjå fra Klepp er det fleire kjøddn ein kan ta seg ein dupp i om det trengst. Det var isåfall veldig populært for min gjeng så gjekk opp der i fjor sommar når gradestokken var opp i 30 grader. Andre flotte turar er; Fløyen, Kråkenos, Haukåsfjellet, Vesolda, Ullhovda og Tåkenuten. Ellers så har ein òg veldig mange flotte kortare turar. Å eta kortreist mat og sjå gardane der maten blir dyrka/produsert er ekstra kjekt. På Breievne Gard har dei forskjellige bær, grønnsaker, egg og nydelig drikkande ein kan kjøpa. Itillegg kan ein kosa med dei skjønne kaninene og hønene. Har du lyst å overnatta i glampingtelt å våkna opp til vakker utsikt over Hardanger er dette plassen, lar bilda tala for seg! Med på kjøpet får du dei koslege vertane så alltid har ein historie om bygda eller gården på lager.⛺️🍓🐓 På Linga Gard og gardsutsalg har dei alt fra eige produsert kjøt fra kyr til gåver og nystekte mjelkekaker. Her kan ein òg leiga lokale til selskap, det er reine museumet inni husa med masse gamle ting fra gården. Dei har nokon koselige kaniner, høner og kyr på beite. For ikkje å snakka om kosepusen Tussi, ho er med der det skjer, og viser deg gladleg rundt på tunet mot litt kos :) Oppover Grøningsveien med fabelaktig utsikt over den vena bygda og Hardangerfjorden finner du keramikkverkstaden og utsalet til Linda Lid. Ho har dreve med keramikk i 30 år og ein av få så dreier store ting, så her ser ein godt handverk. For nokon år sia bygde dei ein stor vedfyrt ovn til å brenna keramikken i. Det krevs tid for her må ein laga opp 3 månaders arbeid i verkstaden, stabla ved i ei veka, fyra/brenna i 3 dagar og kjøla ned i 4 dagar. Linda arrangerar keramikk kurs og dreiekurs, noko så er veldig populært. Tillegg kan du bu på gården i nabohuset, det legges ut via Airbnb. Her kan du våkna opp til nydelig utsikt over hardangerfjorden på eit småbruk på toppen av bygda med eit koselig vertskap. På vei opp til Strandadalen finner du Hardanger Retro, her har dei virkelig funne masse gamle skattar. Alt frå god gammaldagse telefonar, magasin, jukeboks til kronespel og kasettar. Du kan kjøpa deg ei flaska brus og sjå gjennom dei gamle samlingene med magasin mens du høyrer på LP plater. Utanfor står Norges einaste telefon kiosk med summetone. Så her er det berre å sleppa på myntar og ringa ein venn! Ved Retroen, er det skilta opp til Jettegrytene, det er fasinerande å få med seg. Då går du etter skiltinga i ca 10 min. Å komma seg ut på fjorden er eit must vil eg sei;) Det er nokon så har båtar til utleige. Ein kan fiska, siga rundt på fjorden, sjå på det vakre landskapet, eller gå i land på Svanholm, der kan du møta på to flotte geiter i sommar. Dei beitar der, men husk å ikkje mat dei eller skrem dei, for dei kan ikke symja. Det er jo mange kjente navn fra Strandebarm, du har kanskje høyrt om Jon Fosse, ein kjent forfattar og dramatikar. Han har eget hus, Fossehuset, med utstillingar og kulturelle tilstelningar. Samt turen opp til Haukåsfjellet, der har Strandebarm Skule laga sauer med sitat fra stykket til Jon Fosse "Kvar vår det same". Det er kjekt for heile familien og stadig finna nye saueskilt oppover. Og er ein heldig finner ein orntlige sauer på toppen om sommaren. Andre kjente navn er Hans E Kinck, han har ein eigen gård som tilbyr omvisning, det er Kinck dagar der på gitt datoar om sommaren. Verdt å få med seg i forbifarten: Strandebarm Kyrkje Høno til Jostein Bruosen Omaholmen Bløming i Mai Overnattingsplasser: Båthuset på Bru: Ein kjeme nesten ikkje nermare fjorden. Gjestane trives så godt her at dei kjeme att år etter år, og det er jo ikkje rart med den beliggenheten og dei koselige vertane så gjere alt for at gjestane skal trivast :D Ein kan leiga båt, noko så er veldig populært. Båthuset er innreda med masse gamle skatter frå familien, nesten så eit museum! Airbnb Linda Lid/ Keramikkverkstaden: Her kan du leiga eit hus på ein idyllisk gård med utsikt over Hardangerfjorden. Fjella er rett bak så det er berre å spenna på seg skoa og ta seg ein tur i dei oppmerka stiene. Glamping i Hardanger / Breievne Gard: Tenkt deg å våkna opp i eit glamping telt med utsikt til fjella og Omaholmen. Hardingasete: Ei historisk perla der det gamla møter det nya, her kan du overnatta i historiske stabbur og hytter med nærhet til fjorden. Eikeneset: Bu i ein nyoppussa herregård fra 1917 med nydelig utsikt over fjord og fjell. Her er det geiter på beitet om sommaren. Ein kan leiga heile herregården med venner eller familie. Ynskjer ein matservering kan Barmen diska opp med nokon lokale retter. Sportellet : Enkel overnatting med felles oppholdsrom nær Marinaen Mange veier fører til Strandebarm: Strandebarm ligger inni Hardangerfjorden, ca 1,45 time kjøretur fra Bergen sentrum. Det er ypperlig å kombinera Strandebarm med andre reisemål i Norges land, no har vegen blitt mykje finare enn den ein gong var, så det er enklare å ferdas på veien, (Men det er fortsatt smale parti, svingete og masse flott å sjå på). Håpar du vil ta deg ein tur til denna flotta bygda! Eller for deg så bur her, bruka nokon av dei flotte naturopplevingane, attraksjonene og områda det er i bygda:)
- På Gjøvik der har vi det bra.Der væks det blommer i gaten......
Ja det er skikkelig trivelig når dei pyntar opp gatene med fargerike blommer! Det er så masse kjekt å gjera for heile familien på Gjøvik, både utendørs og innendørs. Gjøvik har turstier med forskjellig lengde og styrke, enten ein vil gå ein tur i byens hjerte- Gjøvik Gård, rusla langs Mjøsa eller gå i skogen. Mjøspromenaden er flott tillaga og populær blant både gåande, joggande, syklande, barnevogner og rullestolbrukere. Langs Mjøspromeaden finner ein forskjellige leikestativ og treningsapparat for heile familien. Ønsker ein å ta ein dukkert er det flott strand både på Vikenstranda og Fredvika. Skulle ein ønska å varma seg litt etter badet kan ein booka den flunkande nye badstua til DNT i Fredvika. Eg som er vakse opp på Vestlandet med fjell og fjord har ein klar tur favoritt her på Gjøvik, og det er Bergstoppen. Der får ein nydeleg utsikt. Fra parkeringsplassen på Øverby går det mange turstiar i ulik terreng i skogen. Eg pleier å begynna turen frå Eiktunet, gå bakveien forbi koia med dei skjønne og tamme ekorna. Det er ekstra koselig å ha med nøtter og slå av ein prat med Mr. Ikodn før eg går vidare. På veien er det laga ei "sjeip øpp løypa" der ein kan ta forskjellige øvelser, turbingo og skilt med kva tresortar, dyr ol det er oppover stien. Det er fint å gå innom å sjå på kongle dekorasjonane til den kreative blomadekoratøren i byen- Floral design. Etter ein halvtime på flat mark er det tid for stigning, og på toppen får ein premien- nemleg utsikt over Mjøsa, byen, Toten og Helgøya. Eit lite bilde må knipsas i den runde spegelen på toppen. Her er det òg innsjekk på postkassetrimmen og bok å skriva seg i. Det fine med å gå denna veien er at då kan ein nyta utsikten heile veien nedover. Denne turen kan ein gå med barnevogn, nokon hompar på veien, men ein kjeme seg fram. Vel nedatt kjeme ein til Eiktunet som har masse flotte tømmerbygninger som er Gjøviks bygdemuseum. Her blir det arrangert familiedagar med natursti, fisking etter karrusse i dammen ol. Itillegg er det ein Kafe der ein kan få seg nystekte vafler og kaffe, ja ein is kan frista i varmen òg. Vil ein hiva seg på fresbeegolf bølga er det store muligheter for det på Øverby. Ein tur opp til Ramberget er virkelig verdt ein tur for der kan ein dissa med utsikt, eta nista på benkene med bålplassen. Dette er ein forholdsvis lett tur og tar ca 20 min ein veg. Det er lite oppover og nedover, men ein del røtter og ulendt terreng så egnar seg ikkje med barnevogn eller rullestol. Du går store delar av turen inn i skogen. Er det tid for ein dukkert kan Fastland friluftsbad frista med eit stort utendørs basseng med både stupetårn og sone for dei minste. Det er grasplen ein kan sitta å sola seg på. Vil ein ta eit avbrekk fra badinga er leikeplassen i eine enden av bassenget, og kiosk i motsatt ende ved parkeringa. Er ein av den sporty typen kan ein prøva seg opp skibakken i Hovedebakken. Går ein nok gongar opp og ned så når ein både til Galdhøpiggen og Mount Everest. Ein fin aktivitet å gjera dei dagane sola ikkje steiker mest, for det er bratt og tungt å gå opp der i solsteik;) På toppen av Hovdebakken kan ein setta seg ned å ta ein burger mens ein nyte utsikten over byen. Her arrangeres det òg konserter om sommaren med kjente band som Di Derre, Dum Dum Boys ++ Det går shuttle buss opp til Hovdetoppen om ein ikkje vil gå den ca 20 min turen opp. På Vind har du mange turløyper i rimelig flatt terreng, men her har dei ei kjekk terreng sykkelløpa dersom kidsa har med deg sykkelen på ferie og vil ha litt action. Den reative blomadekoratøren Marianne Leren på Floral Design har òg laga til ein kjempe flott skigard, med alt fra gamle ski og stavar til meir moderne, det er nærmast eit skimuseum. På Vind er det fleire gapahukar der ein kan setta seg ned å eta nista si. Kanskje ein møter på ein hare eller eit anna skogsdyr. På Gjøvik Klatrepark på Øverby får ein testa styrke, høgdeskrekken og leika seg i toppen av eit tre. Dette er virkelig ein kjekk park med løyper for dei fleste aldrar. Ein blir først tatt med gjennom ei testløypa med sikkerhetsinkstruksar og blir vist korleis ein festar krokane mm. I løypene er det behjelpelige og vennlige ungdommar så veileder, er moralsk støtte og hjelper deg. Eg måtte bruka meg av dei som moralsk støtte nokon gongar, for det er utfordrande nokon plasser. Men fy søren så masse ein lærer av seg sjølv, ein må berre tørra og hoppa uti, og så kjekt ein har det! Eg klatra opp stegen og tok grønn+ løypa, eg burde jo tatt den vanlig grønne som er lettast, men då fekk eg utfordra meg sjølv litt. Trenge me ikkje alle gå litt utav komfort sonen og utfordra oss litt av og til?! Det trur eg er veldig sunt! Mannen tok den lilla løypa, eit par hakk tøffare løypa, eg fekk vondt i magen berre av å sjå kor høgt han klatra opp. Men han syns det var ei kjekk og utfordrande løypa. 5 åringen tok barneløypa for dei under 115cm. Det syns ho var storveies! Det er mestring for dei å skulla ta av og på krokane sjølv og balansere seg gjennom løypa. Me vaksne avslutta med den lange Zip Linen, kjenner eg får sug i magen av å berre skriva det, men det var kjempe moro! Det mest utfordrande med den var å klatra opp den høge taustegen og skulle setta utfor. Men ein lyte berre hoppa i det! Alle tre var einige om at det var ein herlig dag, kjekt å vera sammen på ein aktivitet samt å utfordra seg mentalt og fysisk. Klatreparken er open sommerhalvåret på dagtid, og er supert å reisa som familie, venner, teambuilding med jobben eller om ein vil prøva seg på eigenhand. Det er lurt å bruka arbeidshandskar, det får ein kjøpt i resepsjonen. Husk å reserver sele før ankomst på nettsida til Gjøvik Klatrepark. Ein anna park der ein får opp pulsen er Skyland i Hunndalen. Her fekk me hoppa og spretta i nye freshe lokaler. Det er ei sone for dei minste barna med lita sklie, ballbasseng, klatrevegg, små disser ol. Her er det luftig og god plass. I hoved teampolinerommet er det mange forskjellige trampoliner å velga mellom, samt nokon hinderløyper, sklier, og ulike challenger. Ein skikkelig artig time der me fekk trimma oss og hatt det moro sammen. Ja for det er lika kjekt for oss vaksne som barn, syns no eg då! Og barna syns jo det er kjekt å ha med foreldra på litt sprell:) Folk var flinke å respektere reglane som er på skjermar rundtom i lokalet. Me avslutta med slush og pizza i resepsjonen, det det var koselig innreda resepsjons/kafe område. Sokkar får ein kjøpt i resepsjonen for 30 kr paret, det er lurt å ta vare på dei til neste gong. Det har isåfall eg gjort, for eg vil tilbake for ein fun day! Hoppetid kan ein booka på forhand på nettsida til Skyland. Midt i sentrum på Jernbanetorget er det laga til ein kjempe flott skatepark, her er det alltid liv både tidlig og seint. Kidsa har med seg sparkesykler eller skateboard og viser sine kunster. Det er òg leikestativ og fontener som er veldig populær å springa gjennom om sommaren. Vil ha seg ein is er rundkiosken rett attmed. Det er trivelig å gå i gågata/ Storgata og kikka. Her finner ein bla den spennande barnebutikken Sirkus Rebell med den kosligste dama bak kassen! Trenger barna nye kle eller kanskje ein aktivitets leike å gjera på i sommar er det er flott utvalg her. Syns du dei hadde masse fint i butikken, men kun er på gjennomreis, fortvil ikkje- Sirkus Rebell har nettbutikk. Rett over gata ligger Gjøviks eigen Sjokoladefabrikk med eit godt utvalg av sjokolade i forskjellige figurer og innhold som passar heile familien. Minfavoritt er ruby sjokoladen med pasjonsfrukt og faro med mokka. I Storgata er det både klesbutikker, interiørbutikkar, cafèer og sist men ikkje minst Gjøviks nye tilskudd; Tjønnåsdelikatesser. Disken er fylt opp med masse gode skinker og oster som den trivelige eigaren bak disken gladleg skjærer opp. Butikken er har masse anna digg ein kan kjøpa med seg heim, no trenge eg ikke reisa til Oslo for å få tak i favoritt olivena mine lenger! Utanfor butikken kan ein nyta ein kopp kaffe og is i sola. Det koselige her er at dei sammarbeider med masse lokale produsentar i området. Dette er eit veldig godt tilskudd på Gjøvik, så her skal eg gå flittig! Har ein lyst på ei god kaka, er det fint å gå innom jentene på Vibes Kafé litt lenger oppi gata, her er dei lekreste kakene fint utstilt i disken, og dei smakar godt òg, eg har prøvd dei fleste! Kanskje jentungen skal ta hol i øyra før skulestart eller ho mor vil letta på sveisen, då er Kleppe Frisør plassen å gå, Louise er skikkelig god på farging og klipping, dei andre kan òg å bruka saksa riktig! Vil ein ta ein tur innendørs på kjøpesenter ligger CC Gjøvik like ved Skateparken. Her har du alt fra kjedebutikker til nisjebutikkar. I sommar har dei egen barnestasjon i 2.etg med hoppeku og fargelegging + popcorn til barna i 1.etg. Det er svært populært med ein is på Funky Frozen Youghurt blant barna her i huset. Då kan dei velga den toppinga dei vil og kosa seg med is i freshe lokaler. Ein god matbete med Mjøsutsikt får du på Lasse Liten på toppen av senteret. Det er eit variert restaurant tilbod i byen, på Salt og pepper får ein alt frå Asiatiske til Mexicanske smakar og ein saftig biff. Det er eit stort pluss for sushi på barnemenyen for 5 åringen. Eg har lagt min elsk på Chrispy chicken, jammen var det fart i den! Skikkelig italiensk pizza får ein på Fauno. Dei har ein flott uteservering framfor restauranten og bakgård der dei har show og konserter. Pizzabunnen er akkurat slik som du får i Italia og pizzaen er toppa med masse digg! Å sitta ute ein sommarkveld å ta ein aperol og pizza er heilt nydelig! Andre kjekke ting å gjera med familien i Gjøvik: Vitensenteret ligger i sentrum, og er moro læring både for små og store. Skumsjøen for bading, friluftsliv og klatrepark Utsalg av deilige jordbær midt i Storgata Skibladner- Så seiler vi på Mjøsa, det står at ho skal vera i rute igjen frå 26.juli. Stolpejakt - last ned appen og gå på stopejakt både i byen og skogen. Bowling 1 Det er 2 hotell i byen ein kan overnatta på; Hotel Strand og Grand Hotel Gjøvik, vandrehjem, samt Sveastranda Camping som ligger ca 12 min å kjøra unna sentrum. Campingplassen ligger idyllisk til ved Mjøsa og har leikeapparat til barna både på land og uti vatnet. Her er det både faste campingvogner og tilreisande med både telt, campingvogn og bubilar. Ja me i vennegjengen tok til og med ein kortreist ferie der i helga og var samla Ca 40 stykk i alderen 0-45 år. Både ungar og vaksne stortrivdes da det er masse å finna på, samt ei oversiktlig campingplass. Det er mulig å leiga kano, båt, spela minigolf og fiska mm. Middagen kan ein enten laga på kjøkkenet, i grillhytta eller på den gode thairestauranten Malai der det er uteservering om sommaren. Her serverer dei digg thaimat med fart i! Gjøvik ligger berre 2 timer frå Oslo, Kva med å kjøra RV4 neste gong du skal nord/sørover, så får du med deg alt den kvite byen ved Mjøsa har å by på. Det er òg nærhet til dei andre Mjøsbyene. Vælkømmin tel øss på Gjøvik!
- Sommargøy i Innlandet
I Innlandet er det masse kjekt å gjera for heile familien enten på Mjøsa eller på land. Forrige helg gjekk min første tur til Hamar som turist, eg har jobba der, men aldri utforska byen, så det var virkelig på tide! Ein skulle jo nesten tru ein var komt til Syden med sand, solstolar, palmar, strandbarar, vannaktivitetar og matvogner. Itillegg hadde me med oss sola på veien, så det gjorde jo turen ekstra kjekk☀️. Me parkerte i Vestre torg parkeringshus, der var det lademuligheter så me fekk fylla på bilen mens me kosa oss i byen. Det første så møtte oss når me kom ut frå parkeringshuset var ein kjekk leikeplass med klatrevegg og sklier. Den var veldig poppis. Etter litt leik gjekk me under togskinna og ned til Mjøsa, der var det ein kjempe flott sandstrand, så eg tippar det er populært å bada på. Temperaturen var ikkje den beste, så me rusla vidare bortover promeaden før me høyrte stemningsfull musikk på Brygga Bar. Her var dei i gang med å opna for dagen, fargerike og behagelige stolar, benker og parasoller var plassert på grasplenen. Drikka kan ein kjøpa frå baren mens mat kjøper ein frå matvogna til Smakfull. På brygga til Skibladner var det ingen hvit svane å sjå, men det ryktast at ho skal begynna å gå no 22.juli. Når me gjekk inn i Mjøsfroten var det nett så å komma til syden, her var det herlig musikkvibber, folk så chilla i hengekøyer og kosa seg med god mat frå matbilane😎 Litt lenger borte var det ein strandbar med disser, digge drinker, sand og solstolar⛱🍹Her satt me å nytte god mat mens me skua utover Mjøsa. Området var ope og luftig så her kunne ungane springa fritt. Lenger bort på promenaden møtte me på fleire vannsport aktiviteter hos Seaside Cablepark, bla wakeboard og tube, trakkebåtar og Kajakker🚣🏄🏼♀️.Rett bak var det ein vel benytta paddle tennisbane og ein liten skatepark🏸🛼🛹. I enden av promeaden ligger Kok Mjøsa si flytande badeståva med motor, så her kan ein ha masse morro utpå Mjøsa. Eg tenker Hamar bør få sommarnavnet Costa del Mjøsa, for her var det virkelig sommarstemning😎! Oppi byen var det yrande folkeliv på søndagsloppemarked der mange var på jakt etter skattar. Så kjekt å sjå at så mange brukar byen! Men det er jo ikkje rart då det er så masse kjekt å gjera der! I eine enden av lopåpemarkedet var det ein kjekk leikeplass der kidsa var i full leik. Eg fekk litt storbyfølelse når eg gjekk i byen og såg på restaurantane, hotella ol. Hamar, eg kjeme gjerne igjen seinare i sommar😁! På vei heim stoppa me i Mjøsparken i Brummundal, den ligger like ved Verdens høgaste trehus🏙. Wow seier berre eg- Her trives heile familien, noko så forseggjort og kjekke aktivitetar for alle aldersgrupper enten du vil rusla deg ein tur langs promenaden, setta deg ned å eta tapas, bada på den fine sandstranda, leika i leikeparken, ta zip line, skata/sykla i den store skateparken, eller eta ein is og ta livet med ro. Ja mulighetane er mange og folk kosa seg virkelig her🙌🏽! Ein halvtimes kjøring frå Mjøsparken kom me til idylliske Helgøya. Smale veiar, store åkrar og standsmessige florar prydar veien utover. Her snakkar me landet. Det er fint å legga til med båt, og ei gjestehavn med bra aktivitet på cafèen og vannaktivitetane. Me kjørte vidare nedover til tuppen av Helgøya, der parkerte me ved Skafferiet og gjekk inn i ein hage med roser og masse andre blomar, kvite bord og stola, lave epletre og ein raud kafe🌸🌷🪷. Litt mat og hygge i hagen var sjølv om skuffelsen var stor då dei ikkje hadde sommarmenyen som stod på heimasida deiras. Det var kun 5 utvalgte retter ein kunne velga mellom. Etter maten traska me rundt på garden og møtte på nokon skjønne små hestar, dei var virkelig kosete. Her ute finner du òg Helgøya klatrepark dersom du vil testa høgdeskrekken, styrken din og balanseferdighetane dine! Ein sykkeltur rundt Helgøya er veldig populært🚴🏼♀️ På andre sia av Mjøsa, nermare bestemt Totenåsen er det flotte naturopplevelser. Eg tok meg ein kveldstur til den kjente Hervenknappen. Eg som er vant med bratte stigningar og høge fjell blei litt overraska over denna turen som var så slakk men med den flotte utsikten! Me parkerte ved parkeringsplassen Herva og gjekk innover på godt skogsunderlag. Her var det masse molter så var på vei til å bli modna. Dei siste minuttane var det stigning og på toppen nydelig utsikt over Innlandet. På godvèrsdagar kan ein sjå heilt bort til Sälen i Sverige og Jotunheimen bla. Her oppe er det geocaching boks, så ein til grunn å få med ungane ut på tur! Turen tok ca 23 min, men uten ein hund så skulle skvetta for kvar ein meter og eg så skulle fotografera så tenker eg me hadde greid turen på ca 17 min ;) Dette er ein tur som passar godt til dei fleste aldrar. Ønsker ein ein lenger og brattare tur kan ein parkera ved Evjua Strandpark og gå oppover Totenåsen, som tar ca 2,5 time kvar veg. På Homlas Hage på Skreia kan ein plukka bringebær mellom åkrene, det er òg godvèrs cafe, ein kan handle i sluttreistbutikken, sjå på grisane i grisebingen eller bli med på homlesafari. Vil du ha ein god og morsom restaurant opplevelse med Mjøsutsikt er Fjorn plassen! Her får ein digg pizza og andre retter i flotte lokaler eller ute rett ved båthavna. Menyen er inspirert av Urbane Totninger showet som du finner nokon meter lenger borte. Ein helaften med middag og show er å anbefala, så det er noko å notera seg til neste års sommarshow. Pluss i margen for ei skål med chips mens ein ventar på maten! Den morsomaste desserten er heilt gratis, og det er dagens vits frå servitøren 😉 Ein tur inn på badet er ein opplevelse med morsomme plakater og bøyning av Toten ord, itillegg får ein vitsar på høgtalarannlegget😂 Skulle det vera ein regnværsdag så er Totenbadet på Raufoss eit eldorado for heile familien. Her er det stupetårn, terapibasseng, sklier, boblebad og matservering Ellers er kjente Hunderfossen og Lilleputthammer kjekke parkar for familien. På Gaupne finner du den kjekke parken Snilsberg familiepark med masse skjønne dyr ein kan kosa med og hage ein kan nyta lunsjen i. På Skumsjøen er det flott å gå turar, bada, leika i klatreparken( som forøvrig er gratis), eller ta ein matbet på osbakkenkafe.
- Hardangerfjorden- naturopplevelser i fleng ved fjord og fjell!
I Hardanger finner du den eine naturopplevelsen etter den andre enten det er ved fjorden eller oppå ein av dei mange toppane🏔⛵️💦 Det er masse kjekt å gjera for heile familien. Bygdene og tettstadane ligg som perler på ei snor langs fjorden, med flotte fjell i bakgrunnen. Mi heimbygd Strandebarm har eg laga eit eige innegg om, det kan du lesa her. Sjølv om det er den venaste bygda i Hardangerfjorden (Syns eg då), så er det så mange andre flotte bygder så er verdt å besøka når ein er på tur🤩. Eg har lyst å begynna med Kvinnherad, vakrare og meir nasjonalromantisk naturlandskap skal ein leita lenge etter. Her finner du den eina perla etter den andra. Det er høge fjell, djupe dalar, grøne bakkar og smeltevannet fra Folgefonna gjere at vatnet får ein nydelig blåfarget🏔🍀🐏Enten ein vil gå seg ein tur innover dalen, sjå på eit fossefall, padla innover eit vatn og møta isbreen eller gå seg ein skikkelig fjelltur, ja fjelltoppane skal det ikkje stå på i Kvinnherad, nokon av dei har til og med fått navnet Rosendalsalpene🏔⛰. Ein tur innom Baroniet i Rosendal, som er eit slott fra 1660 tallet, er eit must når ein er i området. Her er det masse historie i veggane som blir formidla via dyktige guidar mens ein går rundt å ser i dei ulike romma. Ute kan ein beundra den 300 år gamle renessansehager med masse fine blomar, rosene som klatrar opp den kvite husveggen, og i gartneriet kan ein ta seg ein lunsj eller is🌹🌷🌺🌸. Fra Baroniet går det ein veg bak der ein kan gå opp til Hattebergfossen og ned på andre sida. Noko så nydeleg! Her er det nett så tatt utifrå eit nasjonalromantisk maleri; bratte fjell, grøne bakkar, turkis foss og sauer på beite⛰🍀🐏💦. Denne turen tok ca ein times tid, og me gjekk heile vegen med barnevogn. Det er flott ny turveg laga rundt heile fossen med nokon bratte parti og trapper. Det kjente Bondhusvatnet er godt besøk, men det skjønnar eg, det er heilt nydelig der oppe. Det er vakkert allerede i det ein parkerar på oppmerka parkeringsplass i Sundal🤩. Skilta viser retning innover dalen, der ein går med høge fjell på kvar side og turkis blå elv på eine sia. Etter ca 45 mins gange opnar naturen seg der bondhusvatnet ligger så praktfull og fjella og skyene spegla seg i det klare vatnet☀️🏔🛶. Store steinar i vatnet er med å skapa eit flott bilde. Ja, eg har til og med sett ein krokodille av steinene oppi der🐊.På høgre sida går det ein sti innover langs vatnet, den er populær å følga om ein vil overnatta i telt eller gå vidare inn mot breen🏕. Ein ser litt av isbreen i enden av vatnet. MERK: dette er ei drikkevasskjelde, og ikkje lov å bada der. Så er det jo fint å tenka generelt sett kor i naturen ein er, å ta med seg bosset sitt. Ein vil jo ta vare på naturen og komma til ein plass så ser hyggelig ut. Om ikkje den før deg har tatt med sjokoladepapiret sitt, kanskje du har plass til det i sekken din😊Dette er ein tur som går ganske greit innover uten for masse stigning, det er mulig å gå med barnevogn òg. På kaien i Sundal finner du ein av dei mest sjarmerande overnattingsplassene eg har vore på!🥰 Eg gjekk opp ei steintrapp i eit kvitt hus med trekanta tak og flotte utsmykkinga. I døra blei eg møtt av Caroline, som er ein av dei to eigarane av Hardangerfjord Lodge. Ho var gentlewomen å hjalp meg med baggasjen opp dei bratte trappene mens ho fortalte om hotellet. Rommet var sjarmerande med gamle senger, skråtak og ein liten vask🥰. Skal ein på do eller ta ein dusj må ein gå ned trappa, der er det felles dusj og do. Med ein gong eg skjønte at det ikkje var egen do på rommet frika eg litt ut, men det gjekk jo heilt fint😉 Romma er kalla opp etter fjell rundtom i Kvinnherad. Me fekk med oss ein kurv med Hardangersider og snaks, og gjekk ned til fjorden, der har dei ei lita badstue med fjordutsikt🍾🏊🏽♀️🚣🏻♀️. Jammen blei det ikkje ein dukkert i den kalde fjorden, desto bedre var det å gå inn å varma seg litt igjen i badstua. Me brukte nokon timar der då me tre venindene hadde masse å snakka om. Då det var duka for middag åt alle gjestane felles i det koselige middagsrommet. Sjølv om det er lite og intimt rom har dei så masse planter og møbler så gjere at ein blir adskilt. Eg blei heilt fasinert av alle detaljane i rommet🤩. Caroline fortalte om sjølve Hardangerfjord Lodge og veien dei har gått for å komma dit, samt litt om kvar rett og drikka til. Dei brukar masse lokale råvarer og samarbeider med gårder rundtom i Hardangerfjorden. Me fekk eit kortreist og godt måltid! Byggotto med ramsløk plukka i nærområdet var min favoritt👌🏽🌱. Etter middagen satt me oss ut i gartneriet med fyr i peisen og fekk servert ein deilig cocktail. Stemningen å sitta der med teppe på seg, prata og kosa seg medan regndråpane tappa ned på taket var heilt herlig, det er jo tross alt vestlandet!🔥💦🌫🍹Å våkna opp til deilig kortreist frukost med utsikt til dei bratte fjella og skodda så hang nedover fjellsida var veldig sjarmerande. Detta er ei overnatting med sjel og sjarm som er verdt opplevelsen. Passer perfekt for deg så setter pris på sjarm, ro, livsnyting i nydelige omgjevelsar, enten det er med partneren, veninder eller eit familiemedlem😄. Ein liten time lenger inni fjorden på ein skikkelig smal vei kjeme ein til Herand, ei pittelita bygd med rundt 200 innbyggjarar. Det skal ein ikke kjimsa av, for der var det sjarmerande😍. Det fyrste så møter ein er ein gul restaurant og ein kai. Me fulgte veien vidare oppover for å gå den flotte og harde turen til Samlen. Det er skilta parkering frå Åsleite, derifrå går ein vidare 10 min på hovedveien før det står eit skilt på venstre sida til Samlen. Stien opp er godt merka så her er det berre å følga den raude T-en. Den første halvtimen var rett opp, og i ulendt terreng med steinar, det var hardt syns eg🥵😅. Resten av turen var ganske hard den òg, men ein liten % mindre bratt😉. Etter 1,5 timar var me på toppen, og du hendelse så vakkert! Her snakkar me panoramautsikt over Hardangerfjorden, både innover og utover, Folgefonna og ned til Herand🤩. Dette er den flotteste fjellturen eg har gått! Litt fordi det var så bratt, og mest for utsikten. Ein er så nærme Hardangerfjorden og ser alt så tydeleg. Det er ein krevjande tur og merka raud i løypekartet, eg er veldig glad eg ikke hadde med ungane då det var så bratt, det var veldig sleipt enkelte plassar, så eg hadde nok med meg sjølv;) Vel nedatt var det tid for å smaka pizzaen på Meieriet som ligger nede ved Kaien i eit gult hus, innreda i sjarmerande gammal stil. Pizzaen med samma navn så fjellet me akkurat hadde bestige; Samlen, var nydeleg🍕. Det er flott å reisa inn til Herand med båt og leggja til på kaien der. Vil ein overnatta i nærheten er Hardanger House i Jondal virkelig å anbefala. Her får du stilrein overnatting i natuskjønne og rolege omgjevelsar med gode matopplevingar. Ein ferjetur over på hi sia av fjorden og eit kvarters tid innover kjeme ein til "sentrum av Hardanger", tettstadane Norheimsund og Øystese. Her har ein fleire aktivitetar å gjera, samt butikkar, overnattingsplassar og restauranter. I Norheimsund er det butikkar ned mot havna, her finner du óg det ærverdige og flotte hotellet Thon Hotel Sandven. Ein tur opp til Steinsdalsfossen er eit must når ein er der inne. Fossen har eit fritt fall på 50 meter og ein kan gå under. Det er ganske fasinerande faktisk! Det er fint laga til med vei opp der, så ein kan gå med både barnevogn og rullestol eit stykke oppover🌼💦. Nokon minuttar lenger innover kjeme ein til Øystese, der kan ein få fartsfylte eventyr både inne i Hardangerbadet med sklier, varmebasseng og hinderløype i vatnet. Samt ute på Fjorden i Rib Båt med Hardangerfjord Adventure. Eg var så heldig å fekk vera med på Basic fjordsafari som går ifrå brygga i Øystese ved hotellet🚤. Første plassen me passerte var Kvamsøy som eg kun har sett på avstand fra veien. Då er det jo ekstra kjekt å komma nermare å sjå. Vidare gjekk turen over fjorden til Herand. Ein tur rundt den sjarmerande Herandsholmen, som tidlegare var ein handelsstad. No er det mogeleg å overnatta og ha selskap der. Naturen er litt annleis på denna sida av fjorden, idyllisk med svaberg og gule bygningar. Båtføraren fortalte interessante historiar fra kvar plass me stoppa. Eg lærte isåfall masse nytt frå mine nabobygder, så veldig kjekt med litt lokal historie😄. Me kjørte over til andre sida av fjorden, inn ein fjordarm av Hardangerfjorden, under Fykesundbrua og inn til den veglause bygda Botnen. For ein spektakulær natur det var innover der, det eina fossefallet etter det andra nedover dei høge fjellsidene. Detta var ein fantastisk opplevelse, sjølv for meg så er vakse opp ikkje langt unna🤩. Når ein ser ut i Hardangerfjorden så er ein masse fiskeoppdrett, det er ei stor næring i Hardangerfjorden. Det kan du kombinera med ein av safariene til Hardangerfjord Adventure🐟🐠. Sørfjorden er ein anna fjordarm til Hardangerfjorden, der finner du sidergardane oppover fjellsidene på begge sider av fjorden. Det er eit nydeleg landskap i Sørfjorden med sine høge fjell og den tirrkvite Folgefonna på toppen. Fjorden er ikkje så vid, så fjell og fjord kjeme endå tettare på kvarandre her! Dei fleste sidergardane tilbyr sidersmaking, som du kan booka enkeltvis eller med siderbåten Vision of the Fjords. Då er du innom fleire sidergardar på ruta. Eg har vore på sidersmaking på Aga Sideri, der kan ein få omvisning og lunsj på Agatunet tillegg til sidersmaking. Det er kjekt å høyra historien til garden og bakgrunnen til at sideren smakar som den gjere. Her fekk me ulike ostar til kvar sider🍏🍎. Gardsbesøka til Hardangerbonden og Hardangergutane kan de lesa meir om her. Ein ting så er felles for alle siderbondane er at dei er veldig hyggelige og likar å slå av ein prat. Ein pizza på kaien til Hardangergutane er virkelig verdt ein stopp, for den var skikkelig god🍕! Her kan ein kjøpa med seg juice og sider. Har ein med seg ungar er Mikkelparken i Kinsarvik, som ligger 20 min lenger inn i fjorden, eit eldorado for familien. Dette er ein utendørs fornøyelse og vannpark. Vil ein ta ein overnatting litt utenom det vanlege kan eg trygt anbefala Woodnest, ein natt i toppen av eit tre med utsikt over Sørfjorden🤩🏕🌳🌲. Fra Odda sentrum kjørte me 3 min oppover og parkerte i ein garasje som anvist i beskrivelsen. Derifrå gjekk turen rett oppover i ca 20 min i ulendt terreng. Nokon plasser var det laga til trapper med rekkverk. Her er det viktig å ha gode sko og ikkje for tung børa på ryggen. Det er to hytter som ligger i passe avstand mellom kvarandre. Ein rampe førte oss inn i hytta som ser ut så ein kongle utenpå og skikkelig forseggjort inni. Dette er det me kan kalla luksus tretopphytta med innlagt vatn, straum, dusj og do. Ja ein kan ta seg ein dusj og sjå opp i trea etter ekkorn og fuglar🐿🦉. Me hadde med oss ost, skinka og sider fra dei lokale produsentane i området. Kvelden gjekk med til å sitta å sjå utover det nydelige landskapet med høge fjell, kvite toppar og fjorden, samstundes så me kosa oss med god mat og hyggelig prat🥂. Senga var god, men ein bør kjenna den ein skal sova med for det er ikkje den breieste senga. Å legga seg til stjernehimmel og våkna opp til nydelig soloppgang var heilt fantastisk🌄🌅! Sola farga dei ellers så kvite fjelltoppane rosa og orange. Frukosten blei sjølvsagt nytt med utsikt og lokal juice. Prisen er inkludert sengakle og utvask. Ein kan bestilla frukostpakke om ein ynskjer. Vel ned i Odda blei det tid til ein lunsj og rusling i dei koselige gatene. Vil du lesa meir av den veneste bygd i Hardanger, ta deg gjerne ein kikk på blogginnlegget frå Strandebarm, som er mi heimbygd. Håpar ein tur til Hardanger fristar og at du har plukka med deg eit tips eller to😁 Og du, vil du sjå meir bilder og videoer kan du gå inn på Instagram profilen min, @reisermedglede der har eg lagt ut masse frå dei ulike turane📸












