top of page

Sjå, lukte, høyre og føla

Oppdatert: 22. sep. 2022

Å sjå eit bilde av ei flott strand med ein palme, eit torg i ein storby eller ein vingård i Italia. Det er masse så ser flott ut på bilde, men det er oftast ein heilt anna opplevelse å vera der!


Alt ein ser rundt sjølva bildet, lukten på plassen, lydane, temperaturen, vennlighet til menneska, og sjølve atmosfæren. Det er ikkje alltid så lett å få fram i eit bilete!

Derfor er reiseskildringar viktig, slik at du kan danna deg eit bilde av plassen utifrå opplevelsane.


For ikkje så lenge sia posta eg eit bilde på Instagram uten å skriva noko særlig om plassen rundt og kva eg gjorde. Det var eit heilt anna budskap eg skreiv om då. Fekk kommentarar på at det såg ut så eg kosa meg på tur! Men sannheten er at nett på den plassen kosa eg meg ikkje så veldig, det var skittent, litt små shabby og ikkje heilt de stemningen eg er vant til på tur når eg skal kosa meg. Men sola stakk akkurat fram og eg hadde fått meg ein sangria, så ja eg kosa meg jo litt.



Nettopp derfor er det så kjekt å kunna skriva litt om opplevelsen rundt, situasjonen eller historien bak bilete! Og ikkje minst at akkurat du tar deg tid å lesa! Håpar du syns det er kjekt å lesa reiseskildringar og håpar eg kan inspirera deg til reising:) Eg er stadig på farten og får nye opplevelsar å skriva om!


Det så er så fint er at me har forskjellige ønsker og behov, oppfatningar og opplevelse av ting og plassar. Detta er mine reiseskildringar utifrå mine opplevelsar, behov og oppfattelse. Eg har vore på plassar der me har heilt forskjellig oppfattelse av plassen. Nettopp for me likar forksjellige ting, har forskjellige behov og oppfattelse av ting!





49 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page