top of page
  • Forfatterens bildeEva

Vamos a la Playa!

Oppdatert: 22. sep. 2022

Det er snart tid for sommarferie og mange har tenkt seg til sydligere strøk for å få ein flott ferie med strand, sol og alt anna herleg så høyrer med på ein skikkelig sydenferie!


Eg pleier å skru musikken på full guffe i bilen på vei ned til stranda mens me synger Vamos a la Playa - som betyr: Kom, la oss dra på stranda!

Men før ein kjem seg til strandparadiset er det ganske mange ting ein tenker på, isåfall nokon av oss. Nokon likar å ta ting på sparket, då ein kanskje berre reiser for å få sol og gjerne uten så mange i reisefølge. Mens andre skal ha med seg både born, besteforeldre og onkler. Det å finna noko så passar for alle er ikkje berre berre. Derfor kan det vera greit å ha ei lista med kriterier og finna ein plass som kan passa utifrå det.


Skal ein reisa på øyhopping i Hellas, strandferie i trygge Spania, skjærgården i Kroatia, det billigare alternativet Bulgaria eller det nye og spennande Albania? Ja her gjelder det å finna eit land og konsentrera seg om kva plassar ein skal velge der.


Her er nokon ting det kan vera greit å tenka på før ein bestiller reisa (gjerne dersom du har med deg ungar):


😎Reisetidspunkt, å komma ned seint på kvelden med små ungar er kanskje ikke den besta. Har ein mulighet å velga ein tidligare flygning kan det henda passar deg bedre.

😎 Kor er det trygt å ferdas no til dags. Med dagens verdsbilete er det stadig fleire så tenker på detta. Eg kan ikkje sei kva ein bør og ikkje, men ein kan tenka seg geografisk område, retning, korleis er helsetilstanden i landet ifht korona, er det nokon sjukehus i nærheta ol.

😎 Reiseforsikring og avbestillingsforsikring er alltid greit å ha kontroll på.

😎 Velg deg eit land så du liker/kunne tenkt deg og sjekk ut om dei forskjellige plassane i det landet.

😎 Kor viktig er beliggenhet ifht strand, sentrum, serverdighetar.

😎 Nærhet/transport til/fra flyplassen

😎 Kva finnst det av fasiliteter i nærheten

😎 Kor langt er det til stranda, kan ein gå eller må ein ha bil/kollektivt

😎 Kva fastilitetar ønsker ein på overnattingsplassen; basseng, restaurant, leikeplass, aktivitetar.

😎 Skal ein velga hotell med frukost og basseng eller leiga leilighet så heile storfamilien får plass og kan ordna seg sjølv.

😎 Er det mulig å få/leiga barneseter på buss/bil. Mange flyselskap har inkl bilstol og vogn i billettprisen.

😎 Ønsker ein å oppleva det autentiske, kulturen i landet eller berre sol og strand.

😎 Har pris ein betydning. Reiser har generelt blitt litt dyrare no med alt så foregår i verden. Men for nokon er det viktig å komma seg på ferie og slappa av langt vekke fra heima. Så kan ein tenka om ein ønsker alt tilrettelagt på bustaden + gode flytider så må ein gjerne betala for det.

😎 Ønsker ein å vera på samme plass heile tida eller bytta mellom to plasser, område, byer, øyer, land.

😎 Les reisebloggar, få tips fra bekjente, les reisebøker, spør gjerne underteikna etter nokon tips :)

Alt dette kjeme an på korleis ein er som person og kva ein verdsetter, så dette er nokon av dei tinga mange tenker på/kan tenka på ved valg av sommarferie.


Mine siste strandferiar har gått til Casa Berge på fastland Spania, der har me det lokale landsbylivet med ein god blanding av spanjoler og turistar, milelange strender, masse fasiliteter i nærheten for heile familien og ein god dose spansk kultur. Her veit me kva så ventar oss, det er trygt og godt, bra tilbod til heile familien, herlige temperaturar heile døgnet, god mat og lange strender. Det er gode muligheter å oppleva severdigheter, parkar, byar og andre spennande plassar i nærleiken. Med bil så får ein opplevd masse kjekt innan ein times kjøring fra Gran Alacant. Sist sommarferie avslutta me ferien med 3 netter i Palma på Mallorca. det er jo berre ein liten times flytur ut til Mallorca, Ibiza og Menorca fra Alicante flyplass. Og flyturen heim derifrå kan ein finna billigare eller tilsvarande som fra fastlandet.




For meg er standard og fasilitetar på overnattingsplassen viktig, samt kva du finner i nærheten. Eg likar godt å oppleva nokon skjulte perler og gjerne lokal idyll på plassen. Store turistmaskiner appelerar ikkje heilt til meg. Og det må sjølvsagt vera ein palme eller to der ;)


Det er så mange muligheter! Ein må berre sjå dei og gripa dei- etter det som passar ein.


76 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page