top of page

Søkeresultat

68 resultater funnet med et tomt søk

  • På Gjøvik der har vi det bra.Der væks det blommer i gaten......

    Ja det er skikkelig trivelig når dei pyntar opp gatene med fargerike blommer! Det er så masse kjekt å gjera for heile familien på Gjøvik, både utendørs og innendørs. Gjøvik har turstier med forskjellig lengde og styrke, enten ein vil gå ein tur i byens hjerte- Gjøvik Gård, rusla langs Mjøsa eller gå i skogen. Mjøspromenaden er flott tillaga og populær blant både gåande, joggande, syklande, barnevogner og rullestolbrukere. Langs Mjøspromeaden finner ein forskjellige leikestativ og treningsapparat for heile familien. Ønsker ein å ta ein dukkert er det flott strand både på Vikenstranda og Fredvika. Skulle ein ønska å varma seg litt etter badet kan ein booka den flunkande nye badstua til DNT i Fredvika. Eg som er vakse opp på Vestlandet med fjell og fjord har ein klar tur favoritt her på Gjøvik, og det er Bergstoppen. Der får ein nydeleg utsikt. Fra parkeringsplassen på Øverby går det mange turstiar i ulik terreng i skogen. Eg pleier å begynna turen frå Eiktunet, gå bakveien forbi koia med dei skjønne og tamme ekorna. Det er ekstra koselig å ha med nøtter og slå av ein prat med Mr. Ikodn før eg går vidare. På veien er det laga ei "sjeip øpp løypa" der ein kan ta forskjellige øvelser, turbingo og skilt med kva tresortar, dyr ol det er oppover stien. Det er fint å gå innom å sjå på kongle dekorasjonane til den kreative blomadekoratøren i byen- Floral design. Etter ein halvtime på flat mark er det tid for stigning, og på toppen får ein premien- nemleg utsikt over Mjøsa, byen, Toten og Helgøya. Eit lite bilde må knipsas i den runde spegelen på toppen. Her er det òg innsjekk på postkassetrimmen og bok å skriva seg i. Det fine med å gå denna veien er at då kan ein nyta utsikten heile veien nedover. Denne turen kan ein gå med barnevogn, nokon hompar på veien, men ein kjeme seg fram. Vel nedatt kjeme ein til Eiktunet som har masse flotte tømmerbygninger som er Gjøviks bygdemuseum. Her blir det arrangert familiedagar med natursti, fisking etter karrusse i dammen ol. Itillegg er det ein Kafe der ein kan få seg nystekte vafler og kaffe, ja ein is kan frista i varmen òg. Vil ein hiva seg på fresbeegolf bølga er det store muligheter for det på Øverby. Ein tur opp til Ramberget er virkelig verdt ein tur for der kan ein dissa med utsikt, eta nista på benkene med bålplassen. Dette er ein forholdsvis lett tur og tar ca 20 min ein veg. Det er lite oppover og nedover, men ein del røtter og ulendt terreng så egnar seg ikkje med barnevogn eller rullestol. Du går store delar av turen inn i skogen. Er det tid for ein dukkert kan Fastland friluftsbad frista med eit stort utendørs basseng med både stupetårn og sone for dei minste. Det er grasplen ein kan sitta å sola seg på. Vil ein ta eit avbrekk fra badinga er leikeplassen i eine enden av bassenget, og kiosk i motsatt ende ved parkeringa. Er ein av den sporty typen kan ein prøva seg opp skibakken i Hovedebakken. Går ein nok gongar opp og ned så når ein både til Galdhøpiggen og Mount Everest. Ein fin aktivitet å gjera dei dagane sola ikkje steiker mest, for det er bratt og tungt å gå opp der i solsteik;) På toppen av Hovdebakken kan ein setta seg ned å ta ein burger mens ein nyte utsikten over byen. Her arrangeres det òg konserter om sommaren med kjente band som Di Derre, Dum Dum Boys ++ Det går shuttle buss opp til Hovdetoppen om ein ikkje vil gå den ca 20 min turen opp. På Vind har du mange turløyper i rimelig flatt terreng, men her har dei ei kjekk terreng sykkelløpa dersom kidsa har med deg sykkelen på ferie og vil ha litt action. Den reative blomadekoratøren Marianne Leren på Floral Design har òg laga til ein kjempe flott skigard, med alt fra gamle ski og stavar til meir moderne, det er nærmast eit skimuseum. På Vind er det fleire gapahukar der ein kan setta seg ned å eta nista si. Kanskje ein møter på ein hare eller eit anna skogsdyr. På Gjøvik Klatrepark på Øverby får ein testa styrke, høgdeskrekken og leika seg i toppen av eit tre. Dette er virkelig ein kjekk park med løyper for dei fleste aldrar. Ein blir først tatt med gjennom ei testløypa med sikkerhetsinkstruksar og blir vist korleis ein festar krokane mm. I løypene er det behjelpelige og vennlige ungdommar så veileder, er moralsk støtte og hjelper deg. Eg måtte bruka meg av dei som moralsk støtte nokon gongar, for det er utfordrande nokon plasser. Men fy søren så masse ein lærer av seg sjølv, ein må berre tørra og hoppa uti, og så kjekt ein har det! Eg klatra opp stegen og tok grønn+ løypa, eg burde jo tatt den vanlig grønne som er lettast, men då fekk eg utfordra meg sjølv litt. Trenge me ikkje alle gå litt utav komfort sonen og utfordra oss litt av og til?! Det trur eg er veldig sunt! Mannen tok den lilla løypa, eit par hakk tøffare løypa, eg fekk vondt i magen berre av å sjå kor høgt han klatra opp. Men han syns det var ei kjekk og utfordrande løypa. 5 åringen tok barneløypa for dei under 115cm. Det syns ho var storveies! Det er mestring for dei å skulla ta av og på krokane sjølv og balansere seg gjennom løypa. Me vaksne avslutta med den lange Zip Linen, kjenner eg får sug i magen av å berre skriva det, men det var kjempe moro! Det mest utfordrande med den var å klatra opp den høge taustegen og skulle setta utfor. Men ein lyte berre hoppa i det! Alle tre var einige om at det var ein herlig dag, kjekt å vera sammen på ein aktivitet samt å utfordra seg mentalt og fysisk. Klatreparken er open sommerhalvåret på dagtid, og er supert å reisa som familie, venner, teambuilding med jobben eller om ein vil prøva seg på eigenhand. Det er lurt å bruka arbeidshandskar, det får ein kjøpt i resepsjonen. Husk å reserver sele før ankomst på nettsida til Gjøvik Klatrepark. Ein anna park der ein får opp pulsen er Skyland i Hunndalen. Her fekk me hoppa og spretta i nye freshe lokaler. Det er ei sone for dei minste barna med lita sklie, ballbasseng, klatrevegg, små disser ol. Her er det luftig og god plass. I hoved teampolinerommet er det mange forskjellige trampoliner å velga mellom, samt nokon hinderløyper, sklier, og ulike challenger. Ein skikkelig artig time der me fekk trimma oss og hatt det moro sammen. Ja for det er lika kjekt for oss vaksne som barn, syns no eg då! Og barna syns jo det er kjekt å ha med foreldra på litt sprell:) Folk var flinke å respektere reglane som er på skjermar rundtom i lokalet. Me avslutta med slush og pizza i resepsjonen, det det var koselig innreda resepsjons/kafe område. Sokkar får ein kjøpt i resepsjonen for 30 kr paret, det er lurt å ta vare på dei til neste gong. Det har isåfall eg gjort, for eg vil tilbake for ein fun day! Hoppetid kan ein booka på forhand på nettsida til Skyland. Midt i sentrum på Jernbanetorget er det laga til ein kjempe flott skatepark, her er det alltid liv både tidlig og seint. Kidsa har med seg sparkesykler eller skateboard og viser sine kunster. Det er òg leikestativ og fontener som er veldig populær å springa gjennom om sommaren. Vil ha seg ein is er rundkiosken rett attmed. Det er trivelig å gå i gågata/ Storgata og kikka. Her finner ein bla den spennande barnebutikken Sirkus Rebell med den kosligste dama bak kassen! Trenger barna nye kle eller kanskje ein aktivitets leike å gjera på i sommar er det er flott utvalg her. Syns du dei hadde masse fint i butikken, men kun er på gjennomreis, fortvil ikkje- Sirkus Rebell har nettbutikk. Rett over gata ligger Gjøviks eigen Sjokoladefabrikk med eit godt utvalg av sjokolade i forskjellige figurer og innhold som passar heile familien. Minfavoritt er ruby sjokoladen med pasjonsfrukt og faro med mokka. I Storgata er det både klesbutikker, interiørbutikkar, cafèer og sist men ikkje minst Gjøviks nye tilskudd; Tjønnåsdelikatesser. Disken er fylt opp med masse gode skinker og oster som den trivelige eigaren bak disken gladleg skjærer opp. Butikken er har masse anna digg ein kan kjøpa med seg heim, no trenge eg ikke reisa til Oslo for å få tak i favoritt olivena mine lenger! Utanfor butikken kan ein nyta ein kopp kaffe og is i sola. Det koselige her er at dei sammarbeider med masse lokale produsentar i området. Dette er eit veldig godt tilskudd på Gjøvik, så her skal eg gå flittig! Har ein lyst på ei god kaka, er det fint å gå innom jentene på Vibes Kafé litt lenger oppi gata, her er dei lekreste kakene fint utstilt i disken, og dei smakar godt òg, eg har prøvd dei fleste! Kanskje jentungen skal ta hol i øyra før skulestart eller ho mor vil letta på sveisen, då er Kleppe Frisør plassen å gå, Louise er skikkelig god på farging og klipping, dei andre kan òg å bruka saksa riktig! Vil ein ta ein tur innendørs på kjøpesenter ligger CC Gjøvik like ved Skateparken. Her har du alt fra kjedebutikker til nisjebutikkar. I sommar har dei egen barnestasjon i 2.etg med hoppeku og fargelegging + popcorn til barna i 1.etg. Det er svært populært med ein is på Funky Frozen Youghurt blant barna her i huset. Då kan dei velga den toppinga dei vil og kosa seg med is i freshe lokaler. Ein god matbete med Mjøsutsikt får du på Lasse Liten på toppen av senteret. Det er eit variert restaurant tilbod i byen, på Salt og pepper får ein alt frå Asiatiske til Mexicanske smakar og ein saftig biff. Det er eit stort pluss for sushi på barnemenyen for 5 åringen. Eg har lagt min elsk på Chrispy chicken, jammen var det fart i den! Skikkelig italiensk pizza får ein på Fauno. Dei har ein flott uteservering framfor restauranten og bakgård der dei har show og konserter. Pizzabunnen er akkurat slik som du får i Italia og pizzaen er toppa med masse digg! Å sitta ute ein sommarkveld å ta ein aperol og pizza er heilt nydelig! Andre kjekke ting å gjera med familien i Gjøvik: Vitensenteret ligger i sentrum, og er moro læring både for små og store. Skumsjøen for bading, friluftsliv og klatrepark Utsalg av deilige jordbær midt i Storgata Skibladner- Så seiler vi på Mjøsa, det står at ho skal vera i rute igjen frå 26.juli. Stolpejakt - last ned appen og gå på stopejakt både i byen og skogen. Bowling 1 Det er 2 hotell i byen ein kan overnatta på; Hotel Strand og Grand Hotel Gjøvik, vandrehjem, samt Sveastranda Camping som ligger ca 12 min å kjøra unna sentrum. Campingplassen ligger idyllisk til ved Mjøsa og har leikeapparat til barna både på land og uti vatnet. Her er det både faste campingvogner og tilreisande med både telt, campingvogn og bubilar. Ja me i vennegjengen tok til og med ein kortreist ferie der i helga og var samla Ca 40 stykk i alderen 0-45 år. Både ungar og vaksne stortrivdes da det er masse å finna på, samt ei oversiktlig campingplass. Det er mulig å leiga kano, båt, spela minigolf og fiska mm. Middagen kan ein enten laga på kjøkkenet, i grillhytta eller på den gode thairestauranten Malai der det er uteservering om sommaren. Her serverer dei digg thaimat med fart i! Gjøvik ligger berre 2 timer frå Oslo, Kva med å kjøra RV4 neste gong du skal nord/sørover, så får du med deg alt den kvite byen ved Mjøsa har å by på. Det er òg nærhet til dei andre Mjøsbyene. Vælkømmin tel øss på Gjøvik!

  • Sommargøy i Innlandet

    I Innlandet er det masse kjekt å gjera for heile familien enten på Mjøsa eller på land. Forrige helg gjekk min første tur til Hamar som turist, eg har jobba der, men aldri utforska byen, så det var virkelig på tide! Ein skulle jo nesten tru ein var komt til Syden med sand, solstolar, palmar, strandbarar, vannaktivitetar og matvogner. Itillegg hadde me med oss sola på veien, så det gjorde jo turen ekstra kjekk☀️. Me parkerte i Vestre torg parkeringshus, der var det lademuligheter så me fekk fylla på bilen mens me kosa oss i byen. Det første så møtte oss når me kom ut frå parkeringshuset var ein kjekk leikeplass med klatrevegg og sklier. Den var veldig poppis. Etter litt leik gjekk me under togskinna og ned til Mjøsa, der var det ein kjempe flott sandstrand, så eg tippar det er populært å bada på. Temperaturen var ikkje den beste, så me rusla vidare bortover promeaden før me høyrte stemningsfull musikk på Brygga Bar. Her var dei i gang med å opna for dagen, fargerike og behagelige stolar, benker og parasoller var plassert på grasplenen. Drikka kan ein kjøpa frå baren mens mat kjøper ein frå matvogna til Smakfull. På brygga til Skibladner var det ingen hvit svane å sjå, men det ryktast at ho skal begynna å gå no 22.juli. Når me gjekk inn i Mjøsfroten var det nett så å komma til syden, her var det herlig musikkvibber, folk så chilla i hengekøyer og kosa seg med god mat frå matbilane😎 Litt lenger borte var det ein strandbar med disser, digge drinker, sand og solstolar⛱🍹Her satt me å nytte god mat mens me skua utover Mjøsa. Området var ope og luftig så her kunne ungane springa fritt. Lenger bort på promenaden møtte me på fleire vannsport aktiviteter hos Seaside Cablepark, bla wakeboard og tube, trakkebåtar og Kajakker🚣🏄🏼‍♀️.Rett bak var det ein vel benytta paddle tennisbane og ein liten skatepark🏸🛼🛹. I enden av promeaden ligger Kok Mjøsa si flytande badeståva med motor, så her kan ein ha masse morro utpå Mjøsa. Eg tenker Hamar bør få sommarnavnet Costa del Mjøsa, for her var det virkelig sommarstemning😎! Oppi byen var det yrande folkeliv på søndagsloppemarked der mange var på jakt etter skattar. Så kjekt å sjå at så mange brukar byen! Men det er jo ikkje rart då det er så masse kjekt å gjera der! I eine enden av lopåpemarkedet var det ein kjekk leikeplass der kidsa var i full leik. Eg fekk litt storbyfølelse når eg gjekk i byen og såg på restaurantane, hotella ol. Hamar, eg kjeme gjerne igjen seinare i sommar😁! På vei heim stoppa me i Mjøsparken i Brummundal, den ligger like ved Verdens høgaste trehus🏙. Wow seier berre eg- Her trives heile familien, noko så forseggjort og kjekke aktivitetar for alle aldersgrupper enten du vil rusla deg ein tur langs promenaden, setta deg ned å eta tapas, bada på den fine sandstranda, leika i leikeparken, ta zip line, skata/sykla i den store skateparken, eller eta ein is og ta livet med ro. Ja mulighetane er mange og folk kosa seg virkelig her🙌🏽! Ein halvtimes kjøring frå Mjøsparken kom me til idylliske Helgøya. Smale veiar, store åkrar og standsmessige florar prydar veien utover. Her snakkar me landet. Det er fint å legga til med båt, og ei gjestehavn med bra aktivitet på cafèen og vannaktivitetane. Me kjørte vidare nedover til tuppen av Helgøya, der parkerte me ved Skafferiet og gjekk inn i ein hage med roser og masse andre blomar, kvite bord og stola, lave epletre og ein raud kafe🌸🌷🪷. Litt mat og hygge i hagen var sjølv om skuffelsen var stor då dei ikkje hadde sommarmenyen som stod på heimasida deiras. Det var kun 5 utvalgte retter ein kunne velga mellom. Etter maten traska me rundt på garden og møtte på nokon skjønne små hestar, dei var virkelig kosete. Her ute finner du òg Helgøya klatrepark dersom du vil testa høgdeskrekken, styrken din og balanseferdighetane dine! Ein sykkeltur rundt Helgøya er veldig populært🚴🏼‍♀️ På andre sia av Mjøsa, nermare bestemt Totenåsen er det flotte naturopplevelser. Eg tok meg ein kveldstur til den kjente Hervenknappen. Eg som er vant med bratte stigningar og høge fjell blei litt overraska over denna turen som var så slakk men med den flotte utsikten! Me parkerte ved parkeringsplassen Herva og gjekk innover på godt skogsunderlag. Her var det masse molter så var på vei til å bli modna. Dei siste minuttane var det stigning og på toppen nydelig utsikt over Innlandet. På godvèrsdagar kan ein sjå heilt bort til Sälen i Sverige og Jotunheimen bla. Her oppe er det geocaching boks, så ein til grunn å få med ungane ut på tur! Turen tok ca 23 min, men uten ein hund så skulle skvetta for kvar ein meter og eg så skulle fotografera så tenker eg me hadde greid turen på ca 17 min ;) Dette er ein tur som passar godt til dei fleste aldrar. Ønsker ein ein lenger og brattare tur kan ein parkera ved Evjua Strandpark og gå oppover Totenåsen, som tar ca 2,5 time kvar veg. På Homlas Hage på Skreia kan ein plukka bringebær mellom åkrene, det er òg godvèrs cafe, ein kan handle i sluttreistbutikken, sjå på grisane i grisebingen eller bli med på homlesafari. Vil du ha ein god og morsom restaurant opplevelse med Mjøsutsikt er Fjorn plassen! Her får ein digg pizza og andre retter i flotte lokaler eller ute rett ved båthavna. Menyen er inspirert av Urbane Totninger showet som du finner nokon meter lenger borte. Ein helaften med middag og show er å anbefala, så det er noko å notera seg til neste års sommarshow. Pluss i margen for ei skål med chips mens ein ventar på maten! Den morsomaste desserten er heilt gratis, og det er dagens vits frå servitøren 😉 Ein tur inn på badet er ein opplevelse med morsomme plakater og bøyning av Toten ord, itillegg får ein vitsar på høgtalarannlegget😂 Skulle det vera ein regnværsdag så er Totenbadet på Raufoss eit eldorado for heile familien. Her er det stupetårn, terapibasseng, sklier, boblebad og matservering Ellers er kjente Hunderfossen og Lilleputthammer kjekke parkar for familien. På Gaupne finner du den kjekke parken Snilsberg familiepark med masse skjønne dyr ein kan kosa med og hage ein kan nyta lunsjen i. På Skumsjøen er det flott å gå turar, bada, leika i klatreparken( som forøvrig er gratis), eller ta ein matbet på osbakkenkafe.

  • Hardangerfjorden- naturopplevelser i fleng ved fjord og fjell!

    I Hardanger finner du den eine naturopplevelsen etter den andre enten det er ved fjorden eller oppå ein av dei mange toppane🏔⛵️💦 Det er masse kjekt å gjera for heile familien. Bygdene og tettstadane ligg som perler på ei snor langs fjorden, med flotte fjell i bakgrunnen. Mi heimbygd Strandebarm har eg laga eit eige innegg om, det kan du lesa her. Sjølv om det er den venaste bygda i Hardangerfjorden (Syns eg då), så er det så mange andre flotte bygder så er verdt å besøka når ein er på tur🤩. Eg har lyst å begynna med Kvinnherad, vakrare og meir nasjonalromantisk naturlandskap skal ein leita lenge etter. Her finner du den eina perla etter den andra. Det er høge fjell, djupe dalar, grøne bakkar og smeltevannet fra Folgefonna gjere at vatnet får ein nydelig blåfarget🏔🍀🐏Enten ein vil gå seg ein tur innover dalen, sjå på eit fossefall, padla innover eit vatn og møta isbreen eller gå seg ein skikkelig fjelltur, ja fjelltoppane skal det ikkje stå på i Kvinnherad, nokon av dei har til og med fått navnet Rosendalsalpene🏔⛰. Ein tur innom Baroniet i Rosendal, som er eit slott fra 1660 tallet, er eit must når ein er i området. Her er det masse historie i veggane som blir formidla via dyktige guidar mens ein går rundt å ser i dei ulike romma. Ute kan ein beundra den 300 år gamle renessansehager med masse fine blomar, rosene som klatrar opp den kvite husveggen, og i gartneriet kan ein ta seg ein lunsj eller is🌹🌷🌺🌸. Fra Baroniet går det ein veg bak der ein kan gå opp til Hattebergfossen og ned på andre sida. Noko så nydeleg! Her er det nett så tatt utifrå eit nasjonalromantisk maleri; bratte fjell, grøne bakkar, turkis foss og sauer på beite⛰🍀🐏💦. Denne turen tok ca ein times tid, og me gjekk heile vegen med barnevogn. Det er flott ny turveg laga rundt heile fossen med nokon bratte parti og trapper. Det kjente Bondhusvatnet er godt besøk, men det skjønnar eg, det er heilt nydelig der oppe. Det er vakkert allerede i det ein parkerar på oppmerka parkeringsplass i Sundal🤩. Skilta viser retning innover dalen, der ein går med høge fjell på kvar side og turkis blå elv på eine sia. Etter ca 45 mins gange opnar naturen seg der bondhusvatnet ligger så praktfull og fjella og skyene spegla seg i det klare vatnet☀️🏔🛶. Store steinar i vatnet er med å skapa eit flott bilde. Ja, eg har til og med sett ein krokodille av steinene oppi der🐊.På høgre sida går det ein sti innover langs vatnet, den er populær å følga om ein vil overnatta i telt eller gå vidare inn mot breen🏕. Ein ser litt av isbreen i enden av vatnet. MERK: dette er ei drikkevasskjelde, og ikkje lov å bada der. Så er det jo fint å tenka generelt sett kor i naturen ein er, å ta med seg bosset sitt. Ein vil jo ta vare på naturen og komma til ein plass så ser hyggelig ut. Om ikkje den før deg har tatt med sjokoladepapiret sitt, kanskje du har plass til det i sekken din😊Dette er ein tur som går ganske greit innover uten for masse stigning, det er mulig å gå med barnevogn òg. På kaien i Sundal finner du ein av dei mest sjarmerande overnattingsplassene eg har vore på!🥰 Eg gjekk opp ei steintrapp i eit kvitt hus med trekanta tak og flotte utsmykkinga. I døra blei eg møtt av Caroline, som er ein av dei to eigarane av Hardangerfjord Lodge. Ho var gentlewomen å hjalp meg med baggasjen opp dei bratte trappene mens ho fortalte om hotellet. Rommet var sjarmerande med gamle senger, skråtak og ein liten vask🥰. Skal ein på do eller ta ein dusj må ein gå ned trappa, der er det felles dusj og do. Med ein gong eg skjønte at det ikkje var egen do på rommet frika eg litt ut, men det gjekk jo heilt fint😉 Romma er kalla opp etter fjell rundtom i Kvinnherad. Me fekk med oss ein kurv med Hardangersider og snaks, og gjekk ned til fjorden, der har dei ei lita badstue med fjordutsikt🍾🏊🏽‍♀️🚣🏻‍♀️. Jammen blei det ikkje ein dukkert i den kalde fjorden, desto bedre var det å gå inn å varma seg litt igjen i badstua. Me brukte nokon timar der då me tre venindene hadde masse å snakka om. Då det var duka for middag åt alle gjestane felles i det koselige middagsrommet. Sjølv om det er lite og intimt rom har dei så masse planter og møbler så gjere at ein blir adskilt. Eg blei heilt fasinert av alle detaljane i rommet🤩. Caroline fortalte om sjølve Hardangerfjord Lodge og veien dei har gått for å komma dit, samt litt om kvar rett og drikka til. Dei brukar masse lokale råvarer og samarbeider med gårder rundtom i Hardangerfjorden. Me fekk eit kortreist og godt måltid! Byggotto med ramsløk plukka i nærområdet var min favoritt👌🏽🌱. Etter middagen satt me oss ut i gartneriet med fyr i peisen og fekk servert ein deilig cocktail. Stemningen å sitta der med teppe på seg, prata og kosa seg medan regndråpane tappa ned på taket var heilt herlig, det er jo tross alt vestlandet!🔥💦🌫🍹Å våkna opp til deilig kortreist frukost med utsikt til dei bratte fjella og skodda så hang nedover fjellsida var veldig sjarmerande. Detta er ei overnatting med sjel og sjarm som er verdt opplevelsen. Passer perfekt for deg så setter pris på sjarm, ro, livsnyting i nydelige omgjevelsar, enten det er med partneren, veninder eller eit familiemedlem😄. Ein liten time lenger inni fjorden på ein skikkelig smal vei kjeme ein til Herand, ei pittelita bygd med rundt 200 innbyggjarar. Det skal ein ikke kjimsa av, for der var det sjarmerande😍. Det fyrste så møter ein er ein gul restaurant og ein kai. Me fulgte veien vidare oppover for å gå den flotte og harde turen til Samlen. Det er skilta parkering frå Åsleite, derifrå går ein vidare 10 min på hovedveien før det står eit skilt på venstre sida til Samlen. Stien opp er godt merka så her er det berre å følga den raude T-en. Den første halvtimen var rett opp, og i ulendt terreng med steinar, det var hardt syns eg🥵😅. Resten av turen var ganske hard den òg, men ein liten % mindre bratt😉. Etter 1,5 timar var me på toppen, og du hendelse så vakkert! Her snakkar me panoramautsikt over Hardangerfjorden, både innover og utover, Folgefonna og ned til Herand🤩. Dette er den flotteste fjellturen eg har gått! Litt fordi det var så bratt, og mest for utsikten. Ein er så nærme Hardangerfjorden og ser alt så tydeleg. Det er ein krevjande tur og merka raud i løypekartet, eg er veldig glad eg ikke hadde med ungane då det var så bratt, det var veldig sleipt enkelte plassar, så eg hadde nok med meg sjølv;) Vel nedatt var det tid for å smaka pizzaen på Meieriet som ligger nede ved Kaien i eit gult hus, innreda i sjarmerande gammal stil. Pizzaen med samma navn så fjellet me akkurat hadde bestige; Samlen, var nydeleg🍕. Det er flott å reisa inn til Herand med båt og leggja til på kaien der. Vil ein overnatta i nærheten er Hardanger House i Jondal virkelig å anbefala. Her får du stilrein overnatting i natuskjønne og rolege omgjevelsar med gode matopplevingar. Ein ferjetur over på hi sia av fjorden og eit kvarters tid innover kjeme ein til "sentrum av Hardanger", tettstadane Norheimsund og Øystese. Her har ein fleire aktivitetar å gjera, samt butikkar, overnattingsplassar og restauranter. I Norheimsund er det butikkar ned mot havna, her finner du óg det ærverdige og flotte hotellet Thon Hotel Sandven. Ein tur opp til Steinsdalsfossen er eit must når ein er der inne. Fossen har eit fritt fall på 50 meter og ein kan gå under. Det er ganske fasinerande faktisk! Det er fint laga til med vei opp der, så ein kan gå med både barnevogn og rullestol eit stykke oppover🌼💦. Nokon minuttar lenger innover kjeme ein til Øystese, der kan ein få fartsfylte eventyr både inne i Hardangerbadet med sklier, varmebasseng og hinderløype i vatnet. Samt ute på Fjorden i Rib Båt med Hardangerfjord Adventure. Eg var så heldig å fekk vera med på Basic fjordsafari som går ifrå brygga i Øystese ved hotellet🚤. Første plassen me passerte var Kvamsøy som eg kun har sett på avstand fra veien. Då er det jo ekstra kjekt å komma nermare å sjå. Vidare gjekk turen over fjorden til Herand. Ein tur rundt den sjarmerande Herandsholmen, som tidlegare var ein handelsstad. No er det mogeleg å overnatta og ha selskap der. Naturen er litt annleis på denna sida av fjorden, idyllisk med svaberg og gule bygningar. Båtføraren fortalte interessante historiar fra kvar plass me stoppa. Eg lærte isåfall masse nytt frå mine nabobygder, så veldig kjekt med litt lokal historie😄. Me kjørte over til andre sida av fjorden, inn ein fjordarm av Hardangerfjorden, under Fykesundbrua og inn til den veglause bygda Botnen. For ein spektakulær natur det var innover der, det eina fossefallet etter det andra nedover dei høge fjellsidene. Detta var ein fantastisk opplevelse, sjølv for meg så er vakse opp ikkje langt unna🤩. Når ein ser ut i Hardangerfjorden så er ein masse fiskeoppdrett, det er ei stor næring i Hardangerfjorden. Det kan du kombinera med ein av safariene til Hardangerfjord Adventure🐟🐠. Sørfjorden er ein anna fjordarm til Hardangerfjorden, der finner du sidergardane oppover fjellsidene på begge sider av fjorden. Det er eit nydeleg landskap i Sørfjorden med sine høge fjell og den tirrkvite Folgefonna på toppen. Fjorden er ikkje så vid, så fjell og fjord kjeme endå tettare på kvarandre her! Dei fleste sidergardane tilbyr sidersmaking, som du kan booka enkeltvis eller med siderbåten Vision of the Fjords. Då er du innom fleire sidergardar på ruta. Eg har vore på sidersmaking på Aga Sideri, der kan ein få omvisning og lunsj på Agatunet tillegg til sidersmaking. Det er kjekt å høyra historien til garden og bakgrunnen til at sideren smakar som den gjere. Her fekk me ulike ostar til kvar sider🍏🍎. Gardsbesøka til Hardangerbonden og Hardangergutane kan de lesa meir om her. Ein ting så er felles for alle siderbondane er at dei er veldig hyggelige og likar å slå av ein prat. Ein pizza på kaien til Hardangergutane er virkelig verdt ein stopp, for den var skikkelig god🍕! Her kan ein kjøpa med seg juice og sider. Har ein med seg ungar er Mikkelparken i Kinsarvik, som ligger 20 min lenger inn i fjorden, eit eldorado for familien. Dette er ein utendørs fornøyelse og vannpark. Vil ein ta ein overnatting litt utenom det vanlege kan eg trygt anbefala Woodnest, ein natt i toppen av eit tre med utsikt over Sørfjorden🤩🏕🌳🌲. Fra Odda sentrum kjørte me 3 min oppover og parkerte i ein garasje som anvist i beskrivelsen. Derifrå gjekk turen rett oppover i ca 20 min i ulendt terreng. Nokon plasser var det laga til trapper med rekkverk. Her er det viktig å ha gode sko og ikkje for tung børa på ryggen. Det er to hytter som ligger i passe avstand mellom kvarandre. Ein rampe førte oss inn i hytta som ser ut så ein kongle utenpå og skikkelig forseggjort inni. Dette er det me kan kalla luksus tretopphytta med innlagt vatn, straum, dusj og do. Ja ein kan ta seg ein dusj og sjå opp i trea etter ekkorn og fuglar🐿🦉. Me hadde med oss ost, skinka og sider fra dei lokale produsentane i området. Kvelden gjekk med til å sitta å sjå utover det nydelige landskapet med høge fjell, kvite toppar og fjorden, samstundes så me kosa oss med god mat og hyggelig prat🥂. Senga var god, men ein bør kjenna den ein skal sova med for det er ikkje den breieste senga. Å legga seg til stjernehimmel og våkna opp til nydelig soloppgang var heilt fantastisk🌄🌅! Sola farga dei ellers så kvite fjelltoppane rosa og orange. Frukosten blei sjølvsagt nytt med utsikt og lokal juice. Prisen er inkludert sengakle og utvask. Ein kan bestilla frukostpakke om ein ynskjer. Vel ned i Odda blei det tid til ein lunsj og rusling i dei koselige gatene. Vil du lesa meir av den veneste bygd i Hardanger, ta deg gjerne ein kikk på blogginnlegget frå Strandebarm, som er mi heimbygd. Håpar ein tur til Hardanger fristar og at du har plukka med deg eit tips eller to😁 Og du, vil du sjå meir bilder og videoer kan du gå inn på Instagram profilen min, @reisermedglede der har eg lagt ut masse frå dei ulike turane📸

  • Palma- Lille Barcelona

    Det er ikkje uten grunn Palma blir kalla lillel Barcelona. Ein nydeleg by, men med mykje lavare puls enn storesøstera. Ja her har du òg alt, sjarmerande gater, deilig tapas, vakre bygg, havn, små torg, strandklubber og sjølvsagt eit katedral. Palma by er flott både som storbytur for par, venner og familiar, samt fint som ein dagstur dersom ein ferierar på øya. Det er enkelt å komma seg ned der, då Norwegian, Flyr og Sas flyr direkte frå Oslo, Bergen og Stavanger, samt båt og fly fra fastlandet i Spania. Kanskje øyhopping mellom Mallorca, Menorca og Ibiza kan vera fristande! Ein ting er sikkert, du får både palmesus og krystall klart turkist hav. Å rusla rundt i dei koselige gatene i Palma by er heilt herlig, atmosfæren er roleg, det luktar god mat og ein høyrer hestar så går, folk så har det hyggelig og lite bilstøy. Det er masse små torg der ein kan setja seg ned å ta seg ein iskald sangria og litt tapas. Eg må sei at tapasen i Palma var noko av det bedre eg har ete. Kvaliteten var veldig bra og dei laga den på ein litt anna måte enn i andre spanske byer. Er det ikkje det så er litt kjekt då, at dei har litt forskjellig fra by til by :) Eit par restauranter som er verdt å notert seg er Ombu med nydeleg tapas på bildene under, og La Paloma med den deiligste t-bone steaken i dei flotte lokala. Den beste drinken eg nokon sinne har drukke var på Bar Nicholas. Det var 3 åringen som bestilte seg ein drink, og satt spent i baren å fulgte med, dei gjorde seg virkelig flid her. Og ein liten smaksprøve på frukta fekk ho sjølvsagt sia ho sjarmerte dei ;) Me var enige om at henas drink danka ut dei vaksne sine. Det var berre domt eg ikkje noterte navnet. Vil ein ha ein drink opplevelse utenom det vanlege så bør ein ta ein tur innom Abaco. Du går inn ei svær, tung dør, der ligger det masse frukt dekorert i heile lokalet. Stemningen er rolig og herlig, folk pratar og det er bakgrunnsmusikk. I bakgården er ein stor oase med palmer, planter, fontene, fugler i bur og flott dekor på veggane. Her er det appelsiner som er i fokus i drinkane. Jentungen fekk deilig ferskpressa appelsinjuice i stettaglas, det var stas, og ikkje minst å sjå på fuglane i buret. Me vaksne fekk kvarsin drink av noko slag med appelsin. Det var så leskelig og godt. Å sitta i bakgården å berre nyta var ein nydeleg opplevelse. Det kjeme alltid godt med med tips til skjulte skatter, så takk til den lokalkjente reiselivs tanta mi! Ein tur innom katedralen var fint å gjera mens ein rusla rundt i dei sjarmerande gatene. Det er både lokale butikkar der ein finner unike kle, vesker, sko ol, samt kjedebutikkene. I gatene avenyene Avinguda Jaume III og Passeig des Born finner ein butikker for ein kvar smak. Vil ein få litt mein luft under vingene er det godt å komma seg ned på havna, der er det ein del barar og restauranter så ein kan slappa av og nyta god mat og drikka i forskjellige prisklasser. Midt på sommaren er det godt å kunna kjøla seg ned litt, då ein er midt inn i ein storby. Me tok taxi ut til Zhero Beach Club . Det var ca 10 min kjøretur. Eg ringte å booka plass i forveien. Me gjekk ned ei trapp fra hovedveien og kom til dei flotte klippene, eit basseng, restaurant og område ved havet. Eg hadde ikkje sett klarere og meir turkist hav før, dette var drops for auga. Det var ingen strand på denna beach klubben, men klipper, trapper og steger. Greit å merka seg at det kan vera litt bølger, så om ein har små ungar så er ivrige på å leika i sanden og vassa uti vatnet så er kanskje ikkje detta plassen. 3 åringen syns det var stas å hoppa uti og likte seg godt både i havet og i bassenget. Maten me fekk var nydelig, og for ikkje å snakka om utsikten og location. Det var heilt perfekt! Det er mange beach clubber innen 20 min frå Palma By, nokon av hotella har eigne beach clubber òg. Reiser ein på austsida av byen, mot flyplassen finner ein meir strender, mens på vestsida mot Illes er det meir klipper. Noko så gjere det meir vakkert, syns eg då. Ein betalar ein sum for å få handkle og solstol, så kjøper ein det ein vil ha av mat og drikka. Eg syns det var topp å ta den nest siste dagen på beach clubben, då hadde me fått sett oss litt rundt, gått oss litt varme og var klare for ein dukkert. Det er masse hotell å velga mellom, men dei fleste hotella har ikkje store plassen inni gatene der, men ein takkar/restaurant har mange av hotella. Me budde på Almundaina Det låg oppe i byen, med akkurat passe avstand til streeten med severdigheter, restauranter og butikkar. Rommene var bra, reine og lite støy. Høgdepunktet var takbaren med utsikt til bla katedralen. Silen var ganske kvit og lekker, med god plass til gjestane. Ein drink og litt nøtter blei rituale før me gjekk ut å åt på kvelden. Deilig å sitta å skua utover byen og ned på havna mens ein kvilte beina sine etter dagens vandring i gatene. Palma - Eg kjeme tilbake! Og då skal eg reisa rundt og oppleva meir av kva den vakre øya har å by på! Det er jo rart at ein reiselivsentusiast som meg ikkje kom seg til Mallorca før eg var 35 år gammal ;) Når eg ser gjennom kamerarullen så har eg tatt veldig lite bilde ifht kor vakkert det var der🤩 Men eg håpar du blei frista lell😁

  • Øyhopping i Oslofjorden

    Sola er oppe tidleg, det er òg folk i Oslo! Det er yrande folkeliv på Aker brygge før kl 10 på morgonen. Her er det ein god blanding av fastbuande og turistar, eg høyrer både amerikansk, tysk og svensk! Det er så kjekt at turistane endeleg kjeme til Norge igjen etter eit par års pause🤗 På Aker Brygge stiller eg meg i kø for å ta båten ut til øyane. Det er godt merka kva kø eg skal stilla meg i. Billetten har eg allerede kjøpt i appen til Ruter, det er ein vanleg billett innen sone 1. Sia eg skal innom fleire øyar og bruka heile dagen har eg kjøpt ein 24 times billett. Båtane går hyppig, så her er det berre å komma seg ombord😅 Ein kan velga mellom å sitta ute eller inne, oppe eller nede. Eg setter meg opp på soldekk og nyter sola mens me kjører utover. "Neste stopp er Hovedøya" annonseres det over høgtalerannlegget når me har kjørt i 5 min. Mange går av her inkl meg. Det er godt skilta kor ein kan gå, og tilrettelagte veiar både for barnevogn og rullestol. Eg møter på ein koselig kafe der mange allerede har sikra seg ein is🍦 I dei gamle klosterruinane er det skuleklassar som har historieundervisning, men dei fleste er mest opptatt av å leika gjøymsel i ruinane😅 Ei smal trapp fører meg opp i eit lite tårn, her får eg utsikt utover. På dei store slettene nedanfor er ungdommane i full gang med ballspel og andre aktivitetar. Det er ein flott dag å ha utflukter, avslutningar ol på☀️ På stranda er det full aktivitet både på stranda og i vatnet. Folk badar, leikar i sanden, grillar og nyter det fine véret😎⛱. Det er herlig temperatur i vatnet, så eg burde jo hatt med meg bikini👙 Vil ein vera litt meir for seg sjølv så kan ein gå lenger bak på øya og finna nokon små viker, der er aktivitetsnivået litt rolegare. Utsikten til naboøyane er nydelig, bitte små hus i forskjellige fargar🏡. Eg går tilbake til kaien der båten tar meg med vidare til neste øy som ligger kun 5 min kjøretur. Allerede frå båten ser eg kor sjarmerande Lindøya er, med sine grønne, gule og raude små hus. Her snakkar me idyll🥰 Barna leitar etter krabbar i fjøra mens dei voksne steller i dei velstelte hagane sine🌸🌺🌾 Eg spurte ei hyggelig dama om det var lov å gå den veien, då fekk eg til svar at "her på går vi nett som vi vil" og at eg berre måtte sjå meg rundt😊. Koslegare nabolag skal ein leita lenge etter. Midt på øya, ved landhandleriet sitter eit par menn å skravler, dei har nok pause i jobbinga si og nyter sola. Eigen krok for blomautsal har dei òg her, det skjønnar eg, for dei er gode på å pynta opp hagane sine her🌷 Skal ein frakta nokon tunge/store varer så brukar dei dei freshe trillebårer sine. Roen og sjarmen på øya her er heilt fantastisk! Sørvest er det eit par badeplassar. Husk at det ikkje er noko toalett på denna øya for gjester. Båten kjeme akkurat i det eg er nedatt på kaien, så det er berre å hoppa ombord og vera klar for ny øy. Nokon minuttar i båt så hoppar eg av på Gressholmen. Det er ikkje så godt tilrettelagt for rullestol, og barnevogn kjeme ein seg fram med dersom ein har gode hjul. Eg kjenner lukten av mat, så eg går mot Gressholmen Kafe. Her setter eg meg for ein liten matbet. Det er så varmt at eg finner meg eit bord i skuggen☀️ Borda er dekka med fine blomar, og det er tydelig at folk skal ha selskap da fleire bord er reservert🌸. Eg bestiller enkelt via QR kode på telefonen og dei kjeme ut med maten. Det gjorde godt med eit iskaldt glas vatn no! Rutetidene står godt merka på kaien og i Ruter Appen/En tur appen. Eg er klar for å utforska litt meir, og der kjeme båten som tar meg med til Langøyene. Å sitta oppå dekk så eg får sjøbris er heilt nødvendig i dag! Pensjonistparet ved sia av meg har full kontroll på kva øyane heiter, kva det er å gjera der og kortid båten går tilbake derifrå. Det er fint for meg å veta, for det har ikkje eg sjekka! På Langøyene er det fult liv på stranda med folk så kosar seg i vatnet💦 🏓🏊🏽‍♀️ Eg skjønnar det godt, for her er det ei flott strand. Det er populært å ha med telt å sova over på Langøyene. Bra toalettanlegg og avfallssortering. Ei herlig segling tilbake til Oslo. Eg sitter attmed nokon Amerikanera så er veldig glade for å kunna komma til Norge igjen, og har lagt opp ruta for kva dei skal besøka når dei kjem til lands. Det er jo eit hav av ting og plasser å besøka i Oslo! Eg valgte absolutt ikkje feil dag å reisa ut til øyene! Heilt nydelig vér☀️ Øyhopping i Oslofjorden kan virkelig anbefalast om du vil vera i ro på ei øy, eller sjå fleire på samme tur⛵️ Nokon tips til turen: ☀️ Båt B1 og B2 går ut til øyane frå Pir E på Aker Brygge ☀️ Møt opp i god tid, ikkje forvent å komma med nett den båten du hadde tenkt dersom der er fint vér og ferie ☀️ Billetter kan kjøpast i Ruter billett appen, sone 1 gjelder. ☀️Har du med deg ungar, kan det vera greit å forbedreda dei på at det kan vera venting ☀️ Det er kiosk/kafe på nokon av øyane, lurt å sjekka opningstider ☀️ Det er egne plasser til å setta brukte eingongs grillar ☀️ Husk å bruk avfallsdunkane som er sett opp ☀️Er det fint vér kan det vera lurt å reisa ut tidleg både pga kø til båtane og plasen der ute ☀️ Går du litt unna dei store strendene så finner du små viker og berg ☀️ God tur⛵️ ☀️ Trenger du ein plass å sova etter øyhoppinga, ta ein kikk på mine hotellanbefalingar i Oslo

  • Rusletur langs Akerselva

    Gjøvikbanen stoppar på Kjelsås stasjon og eg hoppar av. Her begynnar ein flott rusletur langs akerselsva! (Har ein med seg barn kan det vera fint å begynna med ein tur på Teknisk Museum øverst på Kjelsås. Her er det kjekke opplevelser for barn og vaksne. Ein kan fint spandera eit par timar der dersom ein ønsker). Det er veldig mange så brukar Akerselva som tursti både til gåing, jogging og sykling. Det skjønnar eg godt, for ein er så sentralt i Oslo mens ein får roen av elva så sildrer og fuglane så syng. Eg plugga i airpodsa, finner fram Voice of Norway appen og høyrer på historie etter historie frå plassane mens eg ruslar nedover elva! Voice of Norway er ein audioguide som forteller om plasser/parker/museum/ol akkurat når du ønsker om den plassen du besøker. Ikkje nok med det, tjenesta er gratis å bruka dei fleste plassar😄 Eg kjenner på den urbane stemningen med ein gong eg kjeme til Nydalen, her har det virkelig blitt utbygd dei siste åra. Folk sitter på benken med ein kaffe eller smoothie i handa og nyter livet, snakkar med bekjente, ja nokon kjøler seg til og med ned i elva. Rett nedanfor er det ein kjekk leikeplass for kidsa. Litt lenger ned langs elva på venstre side går eg innom Lilleborg. Ein rolig og koselig del av byen. Midt på plassen er det eit lite torg med den beste Pizza restauranten, Villa Paradiso, og andre små kafèar. Husa i den gamle fabrikken er sjamerande og dannar eit koselig nabolag. Ferden går vidare ned til Torshov parken, folk sitter å kosar seg i sola med piknikk pledd og kurvar med noko godt i. Eg går på sida av parken langs med dei små fargerike trehusa med små hagar og vakre blomar. Sagene Lunsjbar er ein plass å anbefala for ein matbet dersom ein vil stoppa opp der. Eg ruslar vidare nedover, folk sitter å nyter ein kaffe og vaffelkake på Hønse-Lovisas hus. I den bratte bakken like ved møter eg nokon sprekingar så spurter oppover brattebakken, det er jammen meg god trim, men eg helde meg til rusleturen min i dag. Midt i bakken ser eg det flotte fossefallet ved Wallmanns. Her er det flott uansett årstid, men bilde fra i haust når det var god vassføring i elva og fargane i naturen var på sitt vakreste var nydelig å få oppleva. Eg går over den kvite hengebrua, her veier det godt når fleire går over samtidig. Litt lenger nede kjeme eg til ei bru med mange hengelåser som er skreve koselige ord på. Eg skimtar kuba parken der borte, då tikkar det inn historien på øyra om kvifor det heiter Kuba. Har du lurt på det óg, kvifor ikkje slå på Audioguiden og prøv sjølv! Denna turen har eg gått x-antall gonger når eg budde i Oslo men turen blei jo kjekkare når eg fekk små historier frå plassane! Området Vulkan har blitt skikkelig utbygd sia eg jobba der i 2011. Det er komt ein stor flott mathall med masse restauranter og butikker poppande opp rundt. Ein tur inn i Mathallen er ein opplevelse som alltids, her finner ein masse forskjellig mat som ein enten kan sitta ned å nyta eller kjøpa med seg godsaker heim. Eg har så masse gode matopplevelser fra Mathallen at det må komma i eget blogginnlegg🍴🥂🌮 Nokon min gange nedover møter eg på området Blå. Her er det masse flott gatekunst på veggene, folk driver med forskjellige kunstneriske prosjekter og det er alltid god stemning med enten live musikk eller musikk på popannlegget. Her kan ein nyta ein drink i elvesus og god stemning. Masse flott historie frå Blå kommer inn i det eg bevega meg inn på området. Eg har no lært kvifor Blå heiter Blå. Ein har grunerløkka tett ved, så om ein ønsker ein liten avstikker til alt Grunerløkka har å by på er det fult mulig. Men eg rusla vidare nedover denne gongen. Nesten nederst, i Oslo bukta er det høge hus og høgt tempo, det har skjedd så masse her dei siste åra, så det er ikkje alle så har fått utforska denne delen endå. Det er ein av mine favoritt område. Her har du ein kjempe kjekk leikeplass dersom kidsa har meir energi igjen. Det er sjarmerande å sjå husa så har egen trapp og båtplass ved huset. Det er det ikkje alle i Oslo så kan skimta med. Her har ein både Deikmanske bibliotek, Munch museumet og Operaen. Ein leskelig drikk på toppen av Much museumet smakte godt, og med flott utsikt utover Oslobukta. På baksida av operahuset er det nokon fine badestrender og lekestativ. Her snakkar me bystrand, så ny og fresh, og den opna i fjor. Eg følger stien utover og går forbi dei kule badstuene så ein kan leiga, mange bruker dei med vennegjengen, utdrikningslag ol. Tenk deg å hoppa uti Oslofjorden for så å varma seg i ei badstu etterpå! Etter å ha gått over flytebrygga til Sørenga er det herlig og kul stemning. Nokon hoppar uti fjorden fra den høge bryggekanten, mens andre nyte sommerdagen på den kjekke sandstranda litt lenger ut på tuppen. Eg tar ein leskelig mexicansk drink og nachos på Coyo, for ein herlig stemning det er her! Ein gjennomført restaurant med masse kule detaljer. Før eg setter kursen heimover må eg berre ha litt spanske vibber på Castello. Spansk jamon og manchego med ein herlig Sangria mens eg lar meg fasinere over den kule bebyggelsen i Oslobukta og Barcode. Det har skjedd så masse kult i Oslo sia eg budde der! Så masse kjekt ein kan sjå og gjera! Ein rusletur langs Akerselva er lika fint å gjera begge veier, og ein kan ta nokon små etapper av turen. Det fine er jo at det er det du som bestemmer. Det er masse flott å sjå på turen, sjarmerande plasser, flotte bygningar, fin natur, museum, ja kjekke plasser å besøke både for store og små. Takk for turen😀 Trenger du ei god seng å sova i etter rusleturen kan du sjekka ut min topp 5 overnatting i hovedstaden:

  • Du Verden så flott!

    Kjøreturen ut til Verdens ende var ein opplevelse i seg sjølv, så masse koselige hus, hagar og natur. Lags veien låg det sjarmerande utsalget Tjøme Kolonial, der måtte me sjølvsagt stoppa. Det første så møtte oss var dei fargerike stolane og borda på utsida, her var det berre å slå seg ned på bordet med favorittfargen! Hyllene var lekkert og delikat fylt opp med godsaker. Masse deilige oster, skinker og andre delikatesser. Ei eiga hylla for sjokolade, noko så passar ein sjokolade elskar som meg godt. Ja kva skal ein velge her då! Nabo butikkane var òg nisje butikkar, ein med barnekle, ein med vaksen kle og ein for dei med strikkedilla. Me kjørte litt vidare før me seg ein rosa truck stod på høgre sida, her var det altså den mest sjarmerande rosa foodtrucken eg har sett. Her var det godt utvalg av asiatisk mat og slush for ein kvar smak. Me kjørte ned ei gate som var så smal at spegla tok borti hekken på kvar sia, nokon meter ned så kom me til ei sjarmerande strand og brygga. Her kan ein kosa seg med bading og hygge. Meir sjarmerande nabolag skal ein leita lenge etter. Ein liten stopp på Toråas fort som er nedlagt kystfort med masse historie. Her kan du ta ein historisk vandring med eller uten guide, samt besøka museumet som viser fram ein del av utstyret som blei brukt av Stay Behind organisasjonen etter krigen. Ved eit ridesenter stoppa veien og me parkerte bilen. Ein liten vei med god vegetasjon leda oss ut til verdens ende. Altså, der var det så vakkert, fyret, masse skjær og holmar i havet, folk så åt is, kosa seg i båtane sine og berre nytte det fine pinsevèret. Her er det god plass å legga til kai for båtane. Nokon hadde hoppa uti og tatt ein dukkert, mens andre leika i vannkanten, nokon gjekk ein tur mens andre berre satt heilt i ro å nytte- sånn som underteikna. Her ute var det ein heilt egen ro og atmosfære. Eg kunne berre vore der heile dagen. Vippefyret pryda Verdens Ende, det er bygd med rullestein fra Tjømes strender. Det nærma seg lunsjtider og me fekk eit bord ute på restauranten med flott utsikt utover vippefyret og heile skjærgården. Her snakkar ein lunsj with a view! Tenk deg å ta middagen i solnedgang her då! Det har eg satt på do do reiselista mi. Me fekk servert ein deilig lunsj; biffsandwich med ein god bernè og akkurat passe steikt kjøtt. At lunsjen blei nytt i så flotte omgivelser gjorde heile opplevelsen topp! Eg skjønnar godt at det er populært å ta ein matbete her! Eg hadde ikke lyst å reisa frå denna vakre plassen, men det er greit å veta at her skal eg tilbake :) På vei tilbake stoppa me innom den kuleste restauranten. Det var som å komma til syden, her var det palmar både høgt og lavt, skilt som viser vei til eksotiske reisemål, ja eg fekk til og med sand myddlo tedna. Skikkelig sydenstemning! Fengande musikk, kule drinker og god mat har dei har òg. Eg har skjønt at det er ein ting som gjelder i Vestfold, og det er å ha båt. Så mange kule og flotte plassar ein kan stoppa innom enten for å kosa seg på ein holme eller eta ein god mat på ein kafe i ei havn. Det er rett og slett vakkert! Prekæs!

  • Det blømer i Hardanger

    Mai er nok den vakraste måneden å reisa til Hardanger, syns eg. Rett og slett for då står epleblomen i full blomst, fjella er delvist snøkledde og fjorden grønn! Ja, for ikkje å gløyma at folk kler seg opp i Nasjonalen og viser den stolt fram på 17.mai mens det Norske flagget veier i vinden mot fjord og fjell. Eg trenger ikkje sei så mykje meir, bilda taler for sitt Eg er frå denna flotta bygda Strandebarm i Hardanger, og i medio mai i år var eg heima og fekk oppleva denna vakra tia. Fjorden var på sitt vakraste, med ei kalkalge så farga fjorden grønn, ein kunne tru ein var i eit eksotosk land, der palmane var bytta ut med blømande frukttre. Det er mange fruktbønder som har stor jobb og gleda av desse vakre frukttrea, ja for her blir det masse god juice, sider og andre godsaker🍎🍏🍒🍐 Eg var så heldig å få besøka eit par fruktgårdar i Sørfjorden, nermare bestemt Sekse i Ullensvang kommune. Her var det ein god blanding av nyplanta epletre og god gammeldagse frukttre som brer seg flott utover. Når eg kjørte frå Odda og utover mot Sekse blei eg bergtatt av det flotte landskapet, her snakkar me høge fjell med tirrkvit snø frå folgefonna så går ned i den Sørfjorden. Epletrea var i full blom, så detta var postkort motiv. Første stopp var hos Hardangerbonden, her var bonden sjølv, Ingrid og Drengen i full jobb på tunet. Det var ein hyggelig prat om korleis livet på garden er, epleproduksjon og planane framover. Desse to ligger ikkje på latsida, for her skjer det masse kjekt framover! Trenger du ein dose humor og innsikt i livet på gården er det kjekt å følga dei på @hardangerbonden på instagram📸 Ingrid er ei dama så byr på seg sjølv og det likar eg🤩👌🏽 Eg gler meg allereie til å besøka det nye gardsutsalget neste gong, men eg fekk handla med meg masse godt og har smaka meg gjennom litt allerede🥂 Dei driv å lagar til lokale for sidersmaking på garden òg, så det blir kjekt å prøva når det er klart. Kanskje det blir eplespa på menyen òg, kven veit😉🍎🛁 Turen gjekk vidare nokon gårdar bortover til Hardangergutane. Her blei eg godt tatt imot av Inger og Kristian, så er to av tre eigarar. Eg fekk først sjå på nedsida av floren, her stod både eit gammalt pære-og epletre i full blom. Noko så vakkert🤩 Ein sjarmerande bekk rant nedover bakken, det var skikkelig forseggjort. Etterpå blei det ein tur oppover bakkane der me nytte dei nydelege epletreea, biene så susa i blomane og utsikten over gården, fjorden og fjella. 🌸 Det er ute i felten kreativiteten bobler over og ideane kjeme på løpande band. Masse flott potensiale. Eg gledar meg til å følja med på fortsettelsen. Etterpå tok me ein tur ned på produksjonslokalet på Børve, der var det eit luftig lokale med både tankar og maskiner for sider og most laging, siderståva der dei har sidersmaking og utsalg.🍾 På sommaren har dei pizzaservering, der du kan nyta ein kald sider med ein nybaka pizza på brygga. Eg handla med meg litt forskjellig, og har allerede testa ut litt forskjellig, Skyfri sider var min favoritt, den kjeme på polet snart! På kaien ved utsalet på Børve legger hybridbåten Vision of the fjords til kai for gjester som skal på sidersmaking i sommarsesongen. Ein kan ta båten frå sidergård til sidergård på omvisning og smaking. Dette er ein flott måte å oppleva den vakre naturen, få historie og smaka og læra meir om siderkulturen i Hardanger. Sidersmaking blir det eit eige innlegg på seinare. Skal du ta turen til Hardanger i sommar eller kjøra forbi er eit besøk på frukt/sidergard og sidersmaking ein kjekk aktivitet å gjera. Det er berre å planlegga neste års blømingstur til Hardanger, eg reknar med du har sett kor vakkert det er🤩 Eg gledar meg allerede til neste sidergardsbesøk🍎🥂

Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page