top of page
  • Forfatterens bildeEva

Øyhopping i Oslofjorden

Sola er oppe tidleg, det er òg folk i Oslo! Det er yrande folkeliv på Aker brygge før kl 10 på morgonen. Her er det ein god blanding av fastbuande og turistar, eg høyrer både amerikansk, tysk og svensk! Det er så kjekt at turistane endeleg kjeme til Norge igjen etter eit par års pause🤗


På Aker Brygge stiller eg meg i kø for å ta båten ut til øyane. Det er godt merka kva kø eg skal stilla meg i. Billetten har eg allerede kjøpt i appen til Ruter, det er ein vanleg billett innen sone 1. Sia eg skal innom fleire øyar og bruka heile dagen har eg kjøpt ein 24 times billett.

Båtane går hyppig, så her er det berre å komma seg ombord😅 Ein kan velga mellom å sitta ute eller inne, oppe eller nede. Eg setter meg opp på soldekk og nyter sola mens me kjører utover. "Neste stopp er Hovedøya" annonseres det over høgtalerannlegget når me har kjørt i 5 min. Mange går av her inkl meg. Det er godt skilta kor ein kan gå, og tilrettelagte veiar både for barnevogn og rullestol. Eg møter på ein koselig kafe der mange allerede har sikra seg ein is🍦

I dei gamle klosterruinane er det skuleklassar som har historieundervisning, men dei fleste er mest opptatt av å leika gjøymsel i ruinane😅 Ei smal trapp fører meg opp i eit lite tårn, her får eg utsikt utover.

På dei store slettene nedanfor er ungdommane i full gang med ballspel og andre aktivitetar. Det er ein flott dag å ha utflukter, avslutningar ol på☀️


På stranda er det full aktivitet både på stranda og i vatnet. Folk badar, leikar i sanden, grillar og nyter det fine véret😎⛱. Det er herlig temperatur i vatnet, så eg burde jo hatt med meg bikini👙 Vil ein vera litt meir for seg sjølv så kan ein gå lenger bak på øya og finna nokon små viker, der er aktivitetsnivået litt rolegare. Utsikten til naboøyane er nydelig, bitte små hus i forskjellige fargar🏡.


Eg går tilbake til kaien der båten tar meg med vidare til neste øy som ligger kun 5 min kjøretur. Allerede frå båten ser eg kor sjarmerande Lindøya er, med sine grønne, gule og raude små hus. Her snakkar me idyll🥰 Barna leitar etter krabbar i fjøra mens dei voksne steller i dei velstelte hagane sine🌸🌺🌾 Eg spurte ei hyggelig dama om det var lov å gå den veien, då fekk eg til svar at "her på går vi nett som vi vil" og at eg berre måtte sjå meg rundt😊. Koslegare nabolag skal ein leita lenge etter. Midt på øya, ved landhandleriet sitter eit par menn å skravler, dei har nok pause i jobbinga si og nyter sola. Eigen krok for blomautsal har dei òg her, det skjønnar eg, for dei er gode på å pynta opp hagane sine her🌷 Skal ein frakta nokon tunge/store varer så brukar dei dei freshe trillebårer sine. Roen og sjarmen på øya her er heilt fantastisk! Sørvest er det eit par badeplassar. Husk at det ikkje er noko toalett på denna øya for gjester.

Båten kjeme akkurat i det eg er nedatt på kaien, så det er berre å hoppa ombord og vera klar for ny øy. Nokon minuttar i båt så hoppar eg av på Gressholmen. Det er ikkje så godt tilrettelagt for rullestol, og barnevogn kjeme ein seg fram med dersom ein har gode hjul. Eg kjenner lukten av mat, så eg går mot Gressholmen Kafe. Her setter eg meg for ein liten matbet. Det er så varmt at eg finner meg eit bord i skuggen☀️ Borda er dekka med fine blomar, og det er tydelig at folk skal ha selskap da fleire bord er reservert🌸. Eg bestiller enkelt via QR kode på telefonen og dei kjeme ut med maten. Det gjorde godt med eit iskaldt glas vatn no!

Rutetidene står godt merka på kaien og i Ruter Appen/En tur appen. Eg er klar for å utforska litt meir, og der kjeme båten som tar meg med til Langøyene. Å sitta oppå dekk så eg får sjøbris er heilt nødvendig i dag! Pensjonistparet ved sia av meg har full kontroll på kva øyane heiter, kva det er å gjera der og kortid båten går tilbake derifrå. Det er fint for meg å veta, for det har ikkje eg sjekka! På Langøyene er det fult liv på stranda med folk så kosar seg i vatnet💦 🏓🏊🏽‍♀️ Eg skjønnar det godt, for her er det ei flott strand. Det er populært å ha med telt å sova over på Langøyene. Bra toalettanlegg og avfallssortering.

Ei herlig segling tilbake til Oslo. Eg sitter attmed nokon Amerikanera så er veldig glade for å kunna komma til Norge igjen, og har lagt opp ruta for kva dei skal besøka når dei kjem til lands. Det er jo eit hav av ting og plasser å besøka i Oslo!


Eg valgte absolutt ikkje feil dag å reisa ut til øyene! Heilt nydelig vér☀️ Øyhopping i Oslofjorden kan virkelig anbefalast om du vil vera i ro på ei øy, eller sjå fleire på samme tur⛵️



Nokon tips til turen:

☀️ Båt B1 og B2 går ut til øyane frå Pir E på Aker Brygge

☀️ Møt opp i god tid, ikkje forvent å komma med nett den båten du hadde tenkt dersom der er fint vér og ferie

☀️ Billetter kan kjøpast i Ruter billett appen, sone 1 gjelder.

☀️Har du med deg ungar, kan det vera greit å forbedreda dei på at det kan vera venting

☀️ Det er kiosk/kafe på nokon av øyane, lurt å sjekka opningstider

☀️ Det er egne plasser til å setta brukte eingongs grillar

☀️ Husk å bruk avfallsdunkane som er sett opp

☀️Er det fint vér kan det vera lurt å reisa ut tidleg både pga kø til båtane og plasen der ute

☀️ Går du litt unna dei store strendene så finner du små viker og berg

☀️ God tur⛵️

☀️ Trenger du ein plass å sova etter øyhoppinga, ta ein kikk på mine hotellanbefalingar i Oslo







126 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Kommentare


bottom of page