top of page
  • Forfatterens bildeEva

Rusletur langs Akerselva

Oppdatert: 13. jun. 2022

Gjøvikbanen stoppar på Kjelsås stasjon og eg hoppar av. Her begynnar ein flott rusletur langs akerselsva!


(Har ein med seg barn kan det vera fint å begynna med ein tur på Teknisk Museum øverst på Kjelsås. Her er det kjekke opplevelser for barn og vaksne. Ein kan fint spandera eit par timar der dersom ein ønsker).


Det er veldig mange så brukar Akerselva som tursti både til gåing, jogging og sykling. Det skjønnar eg godt, for ein er så sentralt i Oslo mens ein får roen av elva så sildrer og fuglane så syng.


Eg plugga i airpodsa, finner fram Voice of Norway appen og høyrer på historie etter historie frå plassane mens eg ruslar nedover elva! Voice of Norway er ein audioguide som forteller om plasser/parker/museum/ol akkurat når du ønsker om den plassen du besøker. Ikkje nok med det, tjenesta er gratis å bruka dei fleste plassar😄


Eg kjenner på den urbane stemningen med ein gong eg kjeme til Nydalen, her har det virkelig blitt utbygd dei siste åra. Folk sitter på benken med ein kaffe eller smoothie i handa og nyter livet, snakkar med bekjente, ja nokon kjøler seg til og med ned i elva. Rett nedanfor er det ein kjekk leikeplass for kidsa.

Litt lenger ned langs elva på venstre side går eg innom Lilleborg. Ein rolig og koselig del av byen. Midt på plassen er det eit lite torg med den beste Pizza restauranten, Villa Paradiso, og andre små kafèar. Husa i den gamle fabrikken er sjamerande og dannar eit koselig nabolag.

Ferden går vidare ned til Torshov parken, folk sitter å kosar seg i sola med piknikk pledd og kurvar med noko godt i. Eg går på sida av parken langs med dei små fargerike trehusa med små hagar og vakre blomar. Sagene Lunsjbar er ein plass å anbefala for ein matbet dersom ein vil stoppa opp der.

Eg ruslar vidare nedover, folk sitter å nyter ein kaffe og vaffelkake på Hønse-Lovisas hus. I den bratte bakken like ved møter eg nokon sprekingar så spurter oppover brattebakken, det er jammen meg god trim, men eg helde meg til rusleturen min i dag. Midt i bakken ser eg det flotte fossefallet ved Wallmanns. Her er det flott uansett årstid, men bilde fra i haust når det var god vassføring i elva og fargane i naturen var på sitt vakreste var nydelig å få oppleva.

Eg går over den kvite hengebrua, her veier det godt når fleire går over samtidig. Litt lenger nede kjeme eg til ei bru med mange hengelåser som er skreve koselige ord på. Eg skimtar kuba parken der borte, då tikkar det inn historien på øyra om kvifor det heiter Kuba. Har du lurt på det óg, kvifor ikkje slå på Audioguiden og prøv sjølv! Denna turen har eg gått x-antall gonger når eg budde i Oslo men turen blei jo kjekkare når eg fekk små historier frå plassane!


Området Vulkan har blitt skikkelig utbygd sia eg jobba der i 2011. Det er komt ein stor flott mathall med masse restauranter og butikker poppande opp rundt. Ein tur inn i Mathallen er ein opplevelse som alltids, her finner ein masse forskjellig mat som ein enten kan sitta ned å nyta eller kjøpa med seg godsaker heim. Eg har så masse gode matopplevelser fra Mathallen at det må komma i eget blogginnlegg🍴🥂🌮

Nokon min gange nedover møter eg på området Blå. Her er det masse flott gatekunst på veggene, folk driver med forskjellige kunstneriske prosjekter og det er alltid god stemning med enten live musikk eller musikk på popannlegget. Her kan ein nyta ein drink i elvesus og god stemning. Masse flott historie frå Blå kommer inn i det eg bevega meg inn på området. Eg har no lært kvifor Blå heiter Blå.

Ein har grunerløkka tett ved, så om ein ønsker ein liten avstikker til alt Grunerløkka har å by på er det fult mulig. Men eg rusla vidare nedover denne gongen.

Nesten nederst, i Oslo bukta er det høge hus og høgt tempo, det har skjedd så masse her dei siste åra, så det er ikkje alle så har fått utforska denne delen endå. Det er ein av mine favoritt område. Her har du ein kjempe kjekk leikeplass dersom kidsa har meir energi igjen. Det er sjarmerande å sjå husa så har egen trapp og båtplass ved huset. Det er det ikkje alle i Oslo så kan skimta med. Her har ein både Deikmanske bibliotek, Munch museumet og Operaen. Ein leskelig drikk på toppen av Much museumet smakte godt, og med flott utsikt utover Oslobukta. På baksida av operahuset er det nokon fine badestrender og lekestativ. Her snakkar me bystrand, så ny og fresh, og den opna i fjor.

Eg følger stien utover og går forbi dei kule badstuene så ein kan leiga, mange bruker dei med vennegjengen, utdrikningslag ol. Tenk deg å hoppa uti Oslofjorden for så å varma seg i ei badstu etterpå! Etter å ha gått over flytebrygga til Sørenga er det herlig og kul stemning. Nokon hoppar uti fjorden fra den høge bryggekanten, mens andre nyte sommerdagen på den kjekke sandstranda litt lenger ut på tuppen. Eg tar ein leskelig mexicansk drink og nachos på Coyo, for ein herlig stemning det er her! Ein gjennomført restaurant med masse kule detaljer. Før eg setter kursen heimover må eg berre ha litt spanske vibber på Castello. Spansk jamon og manchego med ein herlig Sangria mens eg lar meg fasinere over den kule bebyggelsen i Oslobukta og Barcode. Det har skjedd så masse kult i Oslo sia eg budde der! Så masse kjekt ein kan sjå og gjera!


Ein rusletur langs Akerselva er lika fint å gjera begge veier, og ein kan ta nokon små etapper av turen. Det fine er jo at det er det du som bestemmer. Det er masse flott å sjå på turen, sjarmerande plasser, flotte bygningar, fin natur, museum, ja kjekke plasser å besøke både for store og små. Takk for turen😀


Trenger du ei god seng å sova i etter rusleturen kan du sjekka ut min topp 5 overnatting i hovedstaden:


144 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page