top of page

Topp 5 hotell i Oslo; komfort, frokost og stil midt i byen

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • 31. mai 2022
  • 5 min lesing

Oppdatert: 30. okt.

Kva er vel deiligare enn å legga seg i ei god seng, gjerne med tre hotellputer, ta ein lang dusj med deilige såper og vakna opp til ein delikat frokost? 🙌🏽


I Oslo kan du få alt dette! Her finn du hotell som passar for alle, enten du vil ha noko enkelt og greit, god komfort med fine fasilitetar, eller litt ekstra stil og luksus. 🏩

Når eg vel hotell i Oslo, tenker eg først på kva del av byen eg skal vere mest i, deretter komforten, frukosten og stilen på hotellet. Eg har ein svakhet for dei sjarmerande og stilige hotell med litt personlegheit og særpreg. ✨ Her er mine topp 5 hotell sentralt i Oslo:

ree


🏩 Amerikalinjen

🏩 Clarion hotel Oslo

🏩 Radisson Red Oslo City Centre

🏩 Clarion Hotel The Hub

🏩 Hotel Christiania Teater

🏩 Comfort Hotel Karl Johan


Innlegget er ikkje sponsa av Strawberry, men eg trivst godt i denne hotellkjeda. 👌🏽


Ein bonus er at du samlar poeng når du bur på fleire av hotella i kjeda – meir om det kjem i eit eige innlegg snart.




🏩Amerikalinjen: Lukten så møtte meg i lobbyen var nydelig👌🏽


Resepsjonistane var både profesjonelle og vennlege, noko eg set stor pris på 😄

Rommet var delikat og stilreint innreidd, med mange kule detaljar. Sjå berre på veggen ved senga på det første bildet under ☎️Eg likte badet spesielt godt, klassisk med svarte og kvite fliser, og lekre svarte detaljar 🛁

Ein tur ned i baren er eit must! Her kan dei verkeleg det med drinkar 🍹Ikkje kva som helst drinkar heller, alle har tema og namn inspirert av Amerika 🗽 Dei var både stilige, forseggjorte og, viktigast av alt, veldig gode 🤩Stemninga var herleg, og bartendarane dedikerte og blide.

Sengene var så gode at det nesten var umogleg å stå opp, men frukosten lokka 😉Den frukosten er noko av det beste eg har ete i Oslo, og ja Norge! 👌🏽Etterpå blei det ein liten frukostkvil før utsjekk.

I’ll be back, Amerikalinjen 👋🏽


🏩 Clarion Hotel Oslo: Eit stilreint og lekkert hotel i Bjørvika.


Allereie i den delikate lobbyen skjønte eg at her kjem eg til å trivast 👌🏽Så mange stilige detaljar at eg blei ståande og berre beundra, og ja, det blei nokre bilder òg 📸

Eg fekk eit moderne rom med delvis utsikt mot fjorden og ei særs behageleg seng. På badet venta baderomsartiklar frå Rituals, noko eg alltid set pris på, spesielt når eg slepp å dra med meg shampo og bodylotion sjølv.


Det ovale speglet ved skrivepulten gav rommet eit ekstra løft, eit ekte blikkfang og eit perfekt fotoobjekt ✨Etter ei god natt søvn var det tid for frukost: delikat, variert og av høg kvalitet, det er nok ein av dei beste hotellfrukostane eg har hatt i Oslo. Eit pluss for skinka, ost, eplejuice frå ein gård og den deilige brownisen 🥐☕Eg sat lenge og berre nøyt både maten og den lune stemninga i det akkurat passe store frukostrommet. Det blir noko heilt anna når salen ikkje er for stor, det følest meir personleg og roleg.

Hotellet ligg perfekt til for å oppleva alt det kjekke Bjørvika, Oslobukta og Sørenga har å by på! 

Detta er mitt favoritt hotell og her har eg budd ganske mange gonger no😄






🏩 Radisson Red Oslo City Centre: Hotell med detaljar sentralt i Oslo🔴


Her var det verkeleg gjennomført med raude detaljar – frå lobby til hotellrom ❤️Det første som møtte meg var den store, raude buen i lobbyen som ramma inn rommet og gav hotellet eit særpreg frå første stund. Dei raude detaljane heldt fram i baren og resten av fellesområda, og alt føltes både moderne og leikent på same tid🔴

Rommet var romsleg, med sovesofa til barna og ein av dei mest komfortable sengene eg har sove i i Oslo! For meg er gode senger eit stort pluss, og eg tippar det er det for deg òg 🛏️ Stemninga på rommet var lun, med mørke tredetaljar og eit stort bilde over senga. Dei same kunstmotiva gjekk att over heile hotellet, til og med på badet 🖼️

Badet var passeleg stort, med gode såper, frisk dusj og eit stilig motiv frå golv til tak i dusjen, sjølvsagt med ein raud detalj der òg. Frukosten hadde eit fint utval av både varme og kalde rettar, akkurat passeleg stort. Einaste minuset var at maten stod på høge diskar, noko som gjer det litt mindre rullestol- og barnevennleg.

Servicen var god, og det stod alltid kaldt vatn og drops tilgjengeleg i lobbyen. Ungane fekk kvar sin is medan me kosa oss med kaffi, eit lite, men veldig hyggelig pluss!

Hotellet ligg flott plassert, berre eit par sidegater frå Karl Johan. Her skal eg definitivt tilbake!❤️




🏩 Clarion Hotel The Hub: Glam midt i sentrum

Det første som møtte meg i resepsjonen var gull og glam på delikat vis, akkurat slik eg likar det 🤩For å ta heisen opp til rommet måtte eg velje etasje før eg gjekk inn i heisen, noko som kjentes både moderne og litt luksus.

På rommet blei eg møtt av ein kul fyr på veggen over senga, eit lite kunstverk som sette tonen. Rommet var innbydande, med masse hotellputer og gode baderomsartiklar. Romstorleiken varierer litt frå type til type, men det er alltid bra med plass. Eg har budd her nokre gongar, og dessverre har det vore småting med rommet kvar gong, men dei har ordna opp i det.

Eg spente på meg joggeskoa og tok turen ned i kjellaren for ei effektiv treningsøkt, etterfulgt av eit forfriskande bad i motstraumsbassenget og ein runde i badstua 💦Etterpå syns eg absolutt at eg hadde fortent ein drink på uteserveringa på toppen av hotellet, utsikta derfrå er verdt turen i seg sjølv! 🍸

Den sentrale beliggenheita midt på Jernbanetorget gjer at du har alt innan rekkevidde; shopping, restaurantar, trikk og buss like utanfor døra. Eg avslutta kvelden med ein drink i den stilige baren ved inngangen, elegant, men avslappa stemning.

Dagen etter vakna eg både utkvilt og svolten, og godt er det, for her er det mykje å velje i! Alt frå ulike typar korn og yoghurtar, til grønt, pålegg, ostar og varme rettar i eigen stasjon. Og som prikken over i-en: frisk frukt og makronar til dessert 🥐🍓

Her får du alt, sentral beliggenheit, komfort og ein frukost verdt å stå opp for! Eg kjem gjerne att.




🏩 Hotel Christiania Teater; Der frukostsalen stjel showet 🍳


Eg kom inn i ein delikat lobby og lobbybar, så innbydande at eg like godt sette meg ned med eit glas før innsjekk 🥂Ein blid resepsjonist tok imot meg, og rommet eg fekk var både romsleg og fint. Stilen kunne kanskje hatt eit lite løft, men det var likevel både triveleg og komfortabelt 😉

Det var litt lytt ut mot gangen, men senga var så god at eg sov som ein stein gjennom natta 😴

Frukostrommet var derimot opphaldet sitt høgdepunkt! Mørkt og stilfullt innreidd med store speglar, gullfuglar i bur og mengder av spennande detaljar, akkurat slik eg likar det 🤩

Frukosten hadde eit godt og passe stort utval, og kvaliteten på maten var topp 👌🏽Eg hugsar enno den deilige gulrotkaka eg tok til dessert, akkurat passe stykke for å runde av frukosten på beste vis 🥕🍰

Dette er ein frukostsal ein gjerne blir sittande lenge i, berre for å nyte stemninga og atmosfæren. Eg kjem definitivt tilbake, om så berre for frukosten! 🍳🥓🥝





Hadde Hotel Cæsar funnest, så hadde eg nok likt å tatt ei natt der, men eg seier meg veldig fornøyd med mine topp fem hotell i Oslo 👌🏽


Kanskje det blir ein Oslotur på deg snart? Då håpar eg du finn eit hotell som passar akkurat deg, kanskje eit av desse 😄Eg veit om fleire som deler dei same favorittane!



God tur, og god hotellfrukost! 🥐☕️











Kommentarer


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page