top of page

Slik samler eg SAS EuroBonus-poeng av heilt vanleg shopping, og hotellbooking!

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • 18. nov.
  • 2 min lesing

Visste du at du kan spara bonuspoeng til flyreiser, oppgraderingar og nye eventyr, berre ved å handla det du uansett handlar på nett og i butikkar? Dette er ein av mine favorittmåtar å byggja opp reisebudsjettet på, utan at det kostar ein krone ekstra.


Eg brukar ViaTrumf når eg bestiller hotell og når eg handlar på nett. Og det geniale? Trumf-bonusen blir automatisk til SAS EuroBonus-poeng. Så detta gjelder òg dersom du handlar i daglegvarebutikkar som har Trumf oppsparing!

Det betyr fleire poeng → fleire reiser → fleire opplevingar! Her er korleis det fungerer:


ree

1. Logg inn på ViaTrumf

ViaTrumf er ein bonusportal der du får Trumf-poeng på alt du kjøper. Du finn hundrevis av butikkar, inkludert: Hotels.com, Radisson og andre Booking-relaterte sider, Klesbutikkar, Elektronikk,Velvære, Sport, og masse meir!


 2. Velg butikk eller hotell og bestill som vanleg

Eg går alltid via ViaTrumf når eg bestiller hotell og togbillettar. Du klikker deg vidare til feks hotels.com eller Radisson, og fullfører bestillinga akkurat som du pleier. Poenga kjem av seg sjølv.


3. Trumf-bonusen går automatisk til SAS EuroBonus

Når du har kobla Trumf-kontoen til SAS-profilen din, blir bonusen overført og omgjort til poeng. Det betyr at du sakte men sikkert bygger opp ein poengsaldo du kan bruke til:  Flyreiser  Oppgradering til Plus/Business ogl  andre EuroBonus-fordelar Eg syns det er ein heilt genial måte å få “gratispoeng” på, spesielt for oss som reiser mykje og likar gode deals.

Detta gjelder òg for handling på butikkar som er med i Trumf avtalen, så altså handlar du på Kiwi eller Meny og registrerer Trumf handelen der, så blir desse poenga ført over til Sas EuroBonus kontoen din! Du kan òg velga å berre lagra Trumf poenga i Trumfkontoen din og nytta dei der.


 Bonus tips

• Legg ViaTrumf som bokmerke, så du ikkje gløymer det

• Sjekk om det er kampanjar, nokon gonger er det dobbel eller trippel bonus

• Sjå gjennom lista for å bli overraska, det er så mange butikkar som er med!


Kvifor eg deler dette

Eg brenn for å gjera reising enklare, rimeligare og meir tilgjengelig. Dette er eit av dei enklaste triksa eg brukar sjølv, og no håper eg det kan gi deg litt ekstra reiseglede òg! Eg har bestilt fleire reiser med Bonus-poeng. Du kan velga å delbetala eller bruka alle poenga på flyreisa. Genialt syns eg :D Har du spørsmål om ViaTrumf eller EuroBonus? Legg gjerne igjen ein kommentar, så svarar eg deg!



Kommentarer


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page