top of page

Oppdag Oslobukta – Guide til Restauranter, Hotell og Opplevinger

Forfatterens bilde: Eva Eva

🌆Mine beste tips til Restauranter, Hotell og Opplevinger i Oslobukta:

Oslobukta har blitt eit av mine favorittområde i Oslo! Her finn du spennande restauranter, herleg atmosfære og kjekke aktivitetar for ein kvar smak🍴🖼️🛶 Kanalane slyngjer seg mellom dei stilige bygga og skapar luftig og urbant preg på byromområdet. Det er rett og slett ei glede å rusle rundt her og berre sjå🤩.


Når eg reiser til Oslo, vel eg ofta å bu og eta i Oslobukta. Området er urbant, men har likevel ei rolegare stemning enn andre delar av byen🌟. Kvaliteten på maten er høg, servicen er god, og atmosfæren gjer opplevinga komplett.



Overnatting

Mitt favoritt hotell Clarion Hotel Oslo, ligg sentralt plassert med trikk og buss like utanfor døra, berre fem minutt å gå frå Oslo S.

Dette hotellet har alt eg ser etter: topp service, delikate rom og ein nydeleg frukost. Allereie i det eg kjem inn, møter eg ein behageleg duft, imøtekomande personale og stilrein innreiing. Romma er lekkert designa, og eg ber alltid om utsikt mot Barcode. Sengene er komfortable, badet romsleg, og dusjprodukta av god kvalitet.

Frukosten er blant dei beste eg har smakt i Oslo, med eit godt utval av førsteklasses råvarer. Dei serverer blant anna eplejuice av høg kvalitet, spekeskinke, ostar og ein utruleg god kjøleskapsgraut. Dei har også godt utval av gluten- og laktosefrie alternativ.

Pluss: Sentrale rom, topp frukost, hyggeleg personale. NB: Kan vera populært, så bestill i god tid!




Restaurantar og kafear

Eg prøver ofte nye restauranter når eg er i Oslo, men nokre favorittar vender eg alltid tilbake til:


Asiatisk mat

  • Dinner og Nodee Sky – Begge har skikkeleg god mat i stilige lokale med topp service. Vil du nyte ein drink med utsikt eller fantastisk asiatisk mat, bestill bord på Nodee Sky i 14. etasje. Eg elskar dumplingsane og money bags-a på Dinner!🤩

  • Koie Ramen – Eit nyare tilskot i Oslobukta som byr på autentiske og smaksrike ramenrettar. Servitøren guida oss gjennom menyen, og me valde heilt andre rettar enn me fyrst hadde tenkt – noko me ikkje angra på! Ekstra pluss for god service.👏🏽


Europeisk mat

  • Lutlaget – På dagtid er dette eit bakeri med dei deiligaste bakverka, og på kveldstid ein flott restaurant med nedpå stemning. Me starta med kamskjell og biff tartar – heilt nydeleg! 👍🏽Biffretten deira med den berømte café de paris sausen var òg ein innertiar. Eg avslutta kvelden med ein perfekt miks av dessert og cocktail: ein Porn Star Martini🌟.


Vin og drikke

  • Vin Bjørvika – Ein liten og intim vinbar med stilrein innreiing og bilete frå ulike vinområder. 🍷Dei har eit imponerande utval av vin, heile 130 slag på glas og over 600 ulike typar vin på flaske🌟. Menyen er smart laga med druer og symbol som gjer det enkelt å finna noko ein likar🍇🍷Servicen er fantastisk – vinkelnaren hugsa til og med kva eg drakk sist gong! Eg har smaka på både speke og ostetallerken, der ostane er para med gode syltetøy og gelèar🧀🥖.

  • Hammer Hai – Ein cocktailbar med kult interiør og kreative drinkar🍹

  • I Baren- Ein gastrobar med godt utvalg av drikka og nokon gode mat rettar tilpassa sesong. Her kan ein nyta utsikten utover Oslobukta.🍻


Cafear:

  • Talormade- Her finner du donut i lekre fargar og smakar. Dei sklei rett ned hos oss!🍩

  • Paradis- Detta må vera den beste sorbet isen eg har ete! Sitron var favoritten! Så freshe og fargerike lokaler til å bli glad av!🍧


Mat du kan ta med heim

  • Annies Oslobukta – Perfekt for dei som vil ha med seg noko godt heim. Her finn du kjøt av alle slag, eit stort utval av ostar og masse godt tilbehør. Me pleier å ta med oss heim ein tørrhengt T-bone steak til helgekosen!🥩




Aktivitetar i Oslobukta

Oslo Badstuforening

Ein av dei mest forfriskande opplevingane i byen! 🤩 Her kan du varma deg opp i ei av badstuene med panoramautsikt over Oslofjorden, før du hoppar i det kalde vatnet. Dette er ein sosial og litt utfordrande aktivitet – perfekt for vennegjengar eller dei som vil teste komfortsona si🎖️Pris: 220-260 kr for ikkje medlemar for 1,5 time. Det er òg mogleg å leiga ei heil badstu for vennegjengen. Hugs å ta med hengelås eller kjøp på staden. Booking skjer via nettsida. 🏊🏼‍♀️

Operahuset

Operahuset er eit av dei mest ikoniske bygga i Oslo. Det er populært å gå tur på taket, sole seg på sommaren eller oppleva ein klassisk konsert. 🎼Det er også ein kafé med uteservering her om sommaren.

Deichman Bjørvika

Oslos nye hovudbibliotek er ein arkitektonisk perle. Perfekt for å jobba, lese eller ta med barna for å skapa leseglede. 📚

Munchmuseet

Dette imponerande bygget ruvar over Oslobukta og husar kunsten til Edvard Munch🖼️. I tillegg til utstillingane har museet ein kafé med lekre fristelsar og ein bar på toppen med fantastisk utsikt.

Sørenga

Går du over brua til Sørenga, finn du restaurantar på rekke nedover. Eg har prøvd Coyo, ein autentisk mexicansk restaurant, og Castillo, ein tapasrestaurant med hyggeleg stemning. 🌵Ytterst på Sørenga kan du ta eit forfriskande bad på den fine sandstranda eller leige kajakk.🛶

For barn:

I Oslobukta kan ein fint kosa seg heile familien. Det er ein spennande leikeplass med klatring og sklibane midt på torget. Itillegg er det barneavdeling på Deichman bibliotek som byr på leseglede. For ikkje å gløyma dei spennande donutsa ein kan kosa seg med på Talormade, dei var super gode! Mine barn syns det var kjekt å berre gå rundt å sjå på husa, kanalane og folka!👧🏼👦🏽




Oppsummering

Oslobukta er verkeleg ein av dei beste plassane i Oslo for mat, overnatting og opplevingar.🤩 Enten du vil nyte god mat, sjå vakker kunst eller berre slappe av i ein badstue med utsikt over fjorden, så er dette staden! Har du nokre favorittar i Oslobukta? Del gjerne i kommentarfeltet!




コメント


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
bottom of page