top of page
  • Forfatterens bildeEva

Meet the Locals- ein stor del av reiseopplevelsen

Eg satt på ein sakkosekk på stranda på Gili Air, Indonesia og nytte ein frisk appelsin juice og såg utover det turkise havet🩵. Paradis, og heilt rolig stemning😎 Etter ei stund kom det bort ein hyggelig mann frå "boden" sin og slo av ein prat. Han hadde masse spennande å fortella om seg og sitt liv, og var nyskjerrig på mitt liv, korleis det er å bu i Norge, all snøen og hadde fått med seg at me er "rike", rike ifht dei. Ja, det er store kontraster, sjølv om dei er lika glade om ikkje meir enn oss vestlige😄.


"What is your wife working with"? spør eg han,

"She is not working" og var kjapp å legga til, "or she is working home in the house with the kids, get them to school, clean the house and fix the garden". 🌸🏡

Ein sånn mann så seier noko slikt🙌🏽 her har me noko å læra🤩. Han såg verdien i det ho gjere for familien i huset 🥰🩷

Det var ein fin prat, etterpå gjekk eg opp i "boden" eller skuret hans og såg på tinga han solgte, masse av det laga han sjølv og noko solgte han vidare frå ein produsent😄 Men alt representerte Indonesia, skilpadder, figurar/folk frå Indonesias historie, Lombok perler og dyr🐢🐒. Han hadde nokon historiar å fortella tilknytta produkta. Eg kjøpte sjølvsagt noko souvenirar frå han, og tok familien min med tilbake til han ein dag seinare så dei kunne velga seg noko frå han😊 Det er så fint å kunna støtta lokale, hyggelige folk. Han viste oss "senga" eller benken som han sov på kvar natt som var bak kassen. og ei lita vifta så han hadde, på størrelse med ein fotball. Litt myggbet fekk han og litt stiv i ryggen blei han av å sova sånn, men detta var levebrødet hans så då blei det slik. Han var veldig takknemlig for det me kjøpte og at me hadde tid å slå av ein prat med han🥰 Ungane fekk sjå korleis han budde og skjønte at me har det veldig godt. Det er så viktig å visa ungane korleis folk lever rundtom i verden. Og at det er forskjeller🙌🏽


Når eg er ute å reisa så er halve opplevelsen å sjå korleis dei lokale lever, og ta del i den lokale kulturen😄 Me har så masse å læra av kvarandre. Itillegg er det kjekt å smaka på den lokale maten, sjå kulturarv, naturhistorien og korleis dei har det💛


presseturen til Nord-Makedonia i fjor vår fekk eg virkelig ta del i den lokale kulturen. Folka var så vennlige og interessert i oss turistar, ville visa og fortella🥰 Det er så kjekt! Det er på den måten ein virkelig får oppleva ein plass. Me fekk smaka på så masse god lokal mat og dei fortalte og me fekk ta del i matlaginga. Dei serverte med stolthet🤩


I spania har eg både på egenhand og via pressetur fått tatt del i den lokale kulturen. På museumet "Museo Escolar de Pusol" utanfor Elche i Costa Blanca fekk me vera med eigarane og sjå korleis dei brukte palmane til fletting av kurvar og andre produkter🌴 Nokon av produkta blei produsert til litt høgare personar i landet, og det var kun der dei laga detta. På turen vår til Casaen no i vinterferien besøkte me sitrusfarmen Huerto Gourmet utanfor Elche, der dei dyrkar sitrusfrukter som dei sel til restaurantar og barar rundtom i Spania🍊🍋. Det var kjempe interessant å gå rundt der saman med eigaren Santiago der me fekk smaka på dei ulike fruktene og han forklarte kva dei brukast til😎


Thailand er jo eit land me har besøkt mange gangar, som står vårt hjerte nærme 🩷 Å kunna ta del i kulturen deiras er veldig kjekt for oss. Eit eksempel var når me var på eit fint hotell på Koh Samui og kosa oss på stranda. Olivia og eg blei med utpå med båten til han eine så jobba der, mens me segla rundt snakka me litt om hans og vårt liv⛵️. Det var så fjernt å sitta der som ein happy family mens han fortalte at han budde i den eine kanten av Thailand mens barna budde heima med besteforeldra i nord😳. Dei såg kvarandre kanskje eit par gongar i året eit par veker🥰. Så snart kåna var klar og babyen nokon måneder måtte dei reisa tilbake til jobbane sine i sør. Heldigvis for facetime📲! Detta er så langt ifrå vår kvardag. Men det er slik det er i den delen av verden. Dei hadde gode jobbar på kvarsine hotell og tente nok bra penger til å vera i Thailand. Så husk å smil og sei hei til dei du møter på din vei😄👋🏼


Det er så masse spennande kultur i verden, ja innad i Norge òg! Eg gler meg til fleire opplevelsar 😄



79 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page