Eva
Ekstremsportbygda Voss
Det første så møter meg ved Vangsvatnet på Voss er kajakker og SUP brett så pryder ein ellers så grå dag. Her er det ikkje vanskeleg å skjønna at Voss byr på masse forskjellige aktivitetar for ein kvar smak alle årstider.
Eg tok meg ein liten kjøretur rundtom på Voss for å sjå etter nokon naturperler, og trur du ikkje eg fant den eine etter den andre?! Den blå elva som er så masse omtala på instagram var lika vakker i virkeligheten så på bilder, men grunna høg vassføring og sleipt etter regnet er det greit å vera forsiktig. Det vart ikkje noko bad på meg denna gongen, men kven veit om sola skin neste gong er på Voss.
Like ved veien ved Tvinde Camping ser eg den mektige Tvinde fossen. Det var fleire så trossa regnet for å sjå på fossen.
Eg har høyrt om det mektige Bordalsgjelet og sett litt bilder fra bekjente, men det var ein eigen opplevelse å vera der sjølv. At det var regn gjorde det berre endå meir spektakulært. Eg parkerte på parkeringsplassen, der var det eit kart og forklaring på dei forskjellige punkta. Eg gjekk bortover veien og kom til eit le der det stod Bordalsgjelet på. Inn gjennom léet førte stien meg borover, det er gjerde langs heile stien, heldigvis. Stien er smal, så det kan fort bli litt kø dersom det er fleire på tur. Det er òg litt ulendt terreng og trappetrinn. På sånne regnvèrsdagar kan det vera greit å gå varsamt da det kan vera litt sleipt. Men gurimalla så kult gjel! Den grønne vegetasjonen mot dei mørkefjellsidene og den brusande elva var drops for auga! Eg tar bilda tala for resten.
Det var tid å gå inn å varma seg litt i regnvèret så då booka me oss ein bowlingbane og fekk opp dampen der. Det er leikeland i samma hus, så veldig praktisk dersom ein har ungar i forskjellig alder. Me hadde eigentleg tenkt oss i Vossabadet, men det var dessverre under rehab. Det får bli neste gong, for her var det eit eldorado for heile familien; med stort basseng, sklie, varmt basseng, badstove, stupetårn og den kjekke hinderløypa Wibit.
Lunsjen inntok me i luftige omgjevelsar, her er det berre å pusta med magen for dei som er høgderedde og komma seg opp i gondolen. Ja no skulle me til topps. Tru det eller ei, men det var faktisk opplett både når me kjørte opp og ned, så me fekk flott utsikt over heile Voss og omegn. Etter ein 10 min kjøretur opp og 820 høydemeter seinare var me på Voss tak, Hangurstoppen restaurant. Her nytte me ein god pizza med panoramautsikt over Voss ( ja innimellom når skodda ikke var for tjukk). Tar ein banen opp kan ein gå/sykla flotte turar innover, eller kanskje ein er av den tøffe sorten og vil prøva paragliding. Mulighetene er mange.
Gondolen ligger i samme bygget som både togstasjonen og vårt hotell for helga; Scandic Voss. Me fekk eit luftig familierom med dobbeltseng og køyesenger. Utsikten var det heller ikkje noko å klaga på, for her fekk me sjå heile Vangsvatnet. Baren på hotellet kunne drinkar, dei hadde godt utvalg i både alkoholfrie drinker og med alkohol. Så her fekk me prøvd litt av kvart. Shufflebordet i baren var veldig populært for alle aldersgrupper. Vil ein heller ta ei treningsøkt etterfulgt av badstu så kan ein gjere det i toppen med flott utsikt over Vangsvatnet. Det merkast at folk er svoltne på å finna på noko, for det var ganske fult i frukostsalen. Godt utvalg på frukosten, ja alt fra youghurt og korn til forskjellige eggtypar til godt brød. Pluss i margen for avokado og småtomater til frukost.
Middagen blei ein sterk og nydelig affære på Restauranthuset Malin. Den biffgryta hadde masse gode smaker, men eg må sei eg svetta litt innimellom. Masse gode retter på menyen og heile følget var fornøyde med serveringen. Måltidet blei avslutta med alt frå banansplitt til heilt perfekt steikt sjokoladefondant. Det var ønskelig å avslutta kvelden med ein tur å smaka på vin frå ein av verdens største og beste vinkjellar på Park Hotell, men det var sjølvsagt fult i baren.
På turen heim til Hardanger tok me ein avstikkar og fant verdens kuleste do, eller dass with a view. Den fant me på rasteplassen oppe ved Skjervet. Me tok gamleveien med alle dei svingane nedover, og kom til den flotte Skjervsfossen. Av og til er det kjekt å ta nokon avstikkarar og sjå noko anna, eller noko gammalt så er kjekt å sjå oppatt no.
Det er ganske masse meir ein kan gjera på Voss på sommarstid; Vossavind, rafting, vandring mm. Du kan lesa om alle aktiviteane på Visit Voss. Og du, på søndag 26.juni begynner Ekstremsportveko, ei innhaldsrik og aktiv veka på Voss. Eg har vore der før og det er veldig kjekt
For å komma deg til Voss kan ein kjøra fleire veier, og det er masse kjekt å sjå på dei forskjellige veiane, om det er gjennom Hardangerfjorden, Sognefjorden eller over fjellovergangane eller fra Bergen by.
Ein ting er sikkert, Voss har noko å by på for heile familien og det ligger godt tilsettes for ein aktiv ferie om ein ynskjer det.
