top of page
  • Forfatterens bildeEva

Sveva høgt over Voss

Oppdatert: 15. mai

Det første så møter meg ved Vangsvatnet på Voss er kajakker og SUP brett så står i vannkanten. Det ikkje vanskeleg å skjønna at Voss byr på mange forskjellige aktivitetar for ein kvar smak, for alle aldrar og til alle årstider. Ta ein kikk vidare i innlegget og la deg frista av både utendørs og innendørs aktivitetar og opplevingar.



Kidsa tok med seg sparkesyklane og satte kursen mot Voss Aktivitetsparken som ligger ved Voss Camping og Vangsvatnet. Eit eldorado for familiar med flott leikestativ, treningsområde, volleyballbanar, skatepark og fleire benkar. Her var det yrande folkeliv! Ei fin sandstrand er det òg der, så om ein ynskjer ein dukkert er det gode moglegheter! Det var satt opp ein do som var tilgjengelig og ikkje minst rein når me var der. Bur ein på Voss Camping så har ein alt detta rett attmed. Alle desse aktivitetane er gratis og kjekt å kunna bruka av heile familien :D



Eg tok meg ein liten kjøretur rundtom på Voss for å sjå etter nokon naturperler, og trur du ikkje eg fant den eine etter den andre?! Det er mange flotte turkise elver, men grunna høg vassføring er det greit å vera forsiktig, og gjerne fleire i følge dersom ein har tenkt å bada. Desse elvane var lika flotte som instabildene eg har sett🩵

Ved Tvinde Camping finner du den flotte Tvindefossen. Her er det verdt eit stopp!


Eg har høyrt om det mektige Bordalsgjelet og sett litt bilder fra bekjente, men det var ein eigen opplevelse å vera der sjølv. Eg parkerte på parkeringsplassen, der var det eit kart og forklaring på dei forskjellige punkta. Eg gjekk bortover veien og kom til eit le der det stod Bordalsgjelet på. Inn gjennom léet førte stien meg bortover, det er gjerde langs heile stien, heldigvis. Stien er smal, så det kan fort bli litt kø dersom det er fleire på tur. Det er òg litt ulent terreng og trappetrinn. På regnvèrsdagar kan det vera greit å gå varsamt da det kan vera litt sleipt. Men gurimalla så kult gjel! Den grønne vegetasjonen mot dei mørkefjellsidene og den brusande elva var drops for auga! Eg lar bilda tala for resten.



Me budde på Scandic Voss som ligger i samme bygg som Gondolen, altså veldig sentralt. Her hadde me eit romslig og fint familierom med køysenger til barna og deilige senger til oss vaksne som kan justerast opp og ned, her sov eg som ei prinsessa heila natta! Ikkje minst var det flott å vakna opp til utsikt over Vangsvatnet og dei snødekte fjella. Hotellet har godt utstyrt treningsrom og romslig badstu med utsikt utover Vangsvatnet, så her er det berre å slå seg laus. Frukosten hadde godt utvalg, pluss i margen for små "juiceshottar" så ein våkna litt. På kvelden hadde me ein god middag i restauranten med smakfull soppsuppa og burger, alle var fornøyde! Baren på hotellet kunne drinkar, dei hadde godt utvalg i drinkar, både med og uten alkohol. Shufflebordet i baren var veldig populært for alle aldersgrupper. Eg kan virkelig anbefala Scandic Voss for heile familien!

//Reklame Scandic Voss


Lunsjen inntok me i luftige omgjevelsar, her er det berre å pusta med magen for dei som er høgderedde og komma seg opp i gondolen. Ja no skulle me til topps. Me fekk flott utsikt over heile Voss og omegn. Etter ein 10 min kjøretur opp og 818 høgdemeter seinare var me på Hangurstoppen. Her nytte me ein god pizza med panoramautsikt over Voss. Tar ein banen opp kan ein gå/sykla flotte turar innover.


Mat og drikka på Voss:

  • Restauranthuset Malin Masse gode retter på menyen og heile følget var fornøyde med serveringa! Biffgryta eg fekk hadde masse gode smaker, men eg må sei eg svetta litt innimellom. Eigen sushi takeaway.

  • Vinkjeller på Park Hotell er ein av verdens største og beste vinkjellar med 47.000 flasker på lager. Veldig stillig og flott lokale, men det var fult i baren når me kom der. Det får bli neste gong.

  • Haik Restaurant på Scandic Hotell Voss. God heimalaga mat med flott utsikt på vindusborda. Om sommaren er uteserveringa open. Gode drinkar i baren.

  • MUNNGODT, Frk. Engsbråten, altså så sjarmerande godteributikk som er drops for både augo og ganen.

  • Cafe Vangen serverar tradisjonsrik mat, alt frå smørbrød til salatar til komler. Det er ein populær cafe.



På turen heim til Hardanger tok me ein avstikkar og fant den kulaste doen, eller "dass with a view". Den fant me på rasteplassen oppe ved Skjervet. Me tok gamleveien med alle dei svingane nedover, og kom til den flotte Skjervsfossen. Av og til er det kjekt å ta nokon avstikkarar og sjå noko anna, eller noko gammalt så er kjekt å sjå oppatt.



Det er fleire ting ein kan gjera på Voss; Vossavind, rafting, bowling, turar i naturen, Vossabadet mm. Du kan lesa om alle aktiviteane på Visit Voss. Og du, fredag 21.juni begynner Ekstremsportveko, ei innhaldsrik og aktiv veka på Voss. Eg har vore der før og det er veldig kjekt


Ein ting er sikkert, Voss har noko å by på for heile familien og det ligger godt til rette for ein aktiv ferie om ein ynskjer det.


Detta innlegget har eg skreve etter 2 opphald på Voss, det siste opphaldet var i samarbeid med Scandic Voss, men det er ikkje lagt føringar for kva eg skal skriva. Alle opplevelsane er egne meiningar og skildringar.








105 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Vennetur

Comments


bottom of page