Riga er ein akkurat passe stor by så kan passa dei fleste med byvadring, rik historie, flotte bygg, nydeleg mat, spa og flotte hoteller :) Ikkje minst er det ein rimelig by! Her deler eg mine tips frå turen me hadde i vår der eg var invitert av turistkontoret i Riga.
Me flydde frå Oslo til Riga med Air Baltic som kun tok 1 time og 15 min! Behagelig tur og kjapt å komma seg inn til bysentrum med taxi, ca 20 min. Vel framme på hotellet Gran Poet by Semarah fekk me satt ifrå oss bagasjen før det bar ut i Rigas gater. Hotellet ligger 5 min spasertur frå gamlebyen i Riga, og 10 min frå den nyare delen. Så midt i smørauga. Eg vil anbefala å ha på seg gode sko når ein går rundt i byen for det er brusteinar i forkjellig høgde.
Her kjeme mine anbefalingar til eteplassar, opplevelsar og overnatting. Håpar du vil ta vare på tipsa til Riga tur :)
Mat og drikke
Agenskalns marked som ligger ca 10 min med taxi frå Gamlebyen. Det var eit kjempe flott bygg frå 1898, som har blitt renovert i nyar tid. Her selger dei kjøt, ostar, frukt, grønt mm så ein kan kjøpa med seg heim, samt dei hadde mange eteplassar oppe der ein kunne nyta god mat mens ein skua utover det flotte bygget. Me fekk ein nydeleg vegansk lunsj. Spennande smaker frå tradisjonell Latvisk kjøkken blanda med nyare kokkeinspirasjon.
Chefs Corner- denna restauranten var høgdepunktet for turen. Ein stilig innreda restaurant med topp service og nydeleg mat. Me fekk servert carpaccio, tunfisktartar og øysters til forrett, det trøffel og parmesanskummet altså :D Til hovedrett fekk me eit heilt nydeleg kjøt servert med grønnsaker, sausar og poteter. Avslutta med ein deilig passjonsfruktdessert og drink.
La Kanna- Er du glad i kaker og søtsaker er detta plassen, her hadde dei så masse godt i disken!
Ferma- Her diska dei opp med nydelege rettar som var flott dandert. Me hadde ein 3 retters med god vin til.
Herbârijs/ Herbary- Ein takrestataurant oppå shoppingsenteret Galleria. Lokalet var litt som eit drivhus med store vinduer så ein fekk utsikt utover byen. Maten var innovativ og smakte nydeleg. Me åt litt småretter; hummus, halloumi, scampi og kylling satay. Eg likte godt atmosfæren og interiøret!
Rozengrals- Ein middelaldrande restaurant frå 1100 tallet der servitørane gjekk i gammaldagse drakter og det var dempa belysning inni lokalet som var veldig stemningsfult. Her serverte dei tradisjonell latvisk mat og vin i tjukke vinglas. Me smakte ikkje på maten her då me berre skulle ha ein vinstopp, men det såg smakfult ut.
Piana Vyshnia- Ein liten kirsebærlikør bar som var stillig innreda. Likøren smaka veldig godt!
Cloud Nine Coctail Bar- Detta var ein skikkelig koselig og stilig bar så kunne å laga drinkar. Lun stemning.
Peters Brew House- Perfekt å sitta ute å nyta god mat og drikka mens ein ser på folkelivet
Skyline Bar- Ligger på toppen på Radisson Blu Latvija Conference & Spa hotel, her får du virkelig utsikt over byen! Heisturen opp i utvendig glasheis var ein kjekk opplevelse og servicen var topp! Eg rakk akkurat å nyta ein kald fanta før me skulle ta turen heim.
Som du sikkert skjønnar så fekk me nytt masse god mat og drikka på denna turen! Dei er gode på mat i Latvia, sjølv om me ikkje åt så masse husmanskost frå Latvia så fekk me smaka på masse anna god mat. Det er masse barar med godt øl og drinkar som ein kan sitta både ute og inne.
Spa
ESPA- på Radisson Blu Latvija Conference & Spa hotel var ein topp opplevelse i fleire etg. Eg likte meg skikkelig godt i øverste etg, der var det forskjellige dusjer, badstuer, relax avdeling og eit lite utendørsbasseng, heilt i fred og ro, 16 års grense. 1.etg den var det basseng, boblebad og fleire badstuer, der nede var alle aldersgrenser velkommen. I mellom desse etg var det behandlingsrom om ein ønsker å nyta det! Det var eit lekkert spa med reine garderobar og vennlig betjening. Badekåpa, slipperser og handkle fekk ein ved inngangen. Sjekk bildene under kor lekkert!
Hedonic Spa- på Gran Poet Hotel Semarah med badstu, basseng og boblebad. Me kunne bruka badekåper og slippers som låg på rommet.
Kultur og historie
Byvandring- Me hadde ein innhaldsrik byvandring med historie frå ein utrulig dyktig lokal guide, Mareks. Me gjekk saman med han rundtom i 3 timar og han fortalte så masse interessant om byen, historien og bygga.
Art Nouveau distirktet- I gatene Elizabetes og Alberta finner du dei flottaste bygningane i Jugend stilen. Her var det artig å berre gå rundt å sjå opp på bygga! Her er det mange kafeer og restauranter å velga mellom viss du vil setta deg ned litt mellom byggetittinga.
Frihetsmonumentet- står ved inngangen til Gamlebyen og representerer friheten Latvia fekk i 1991. Ein flott statu, som sjølvsagt betyr masse!
Gamlebyen- som er på UNESCO verdsarvlista er koselig å rusla rundt å sjå på alle dei flotte bygga, setta seg ned og ta ein matbeta, gå innom eit av dei mange museuma, og berre nyta bylivet.
Museum of Decorative Arts and Design- her var det mange skattar frå gammalt og nytt handtverk. Smykker, tepper, krukker, kunst mm.
Shopping
Shoppingsenter Galleria, her finner du kjente butikker H&M, Springfield, the Body Shop, Triumph mm. Fleire eteplassar på toppen.
Gamlebyen- er det fleire lokale småbutikker, samt nokon kjeder som New Yorker.
Overnatting:
Gran Poet by Semarah- Eit stilig hotell nett slik eg likar det! Rommet romslig med stilige detaljar. Det er både restaurant, bar og spa. Frukosten hadde eit godt utvalg og heilt super, ja til og med bobler ;) Folka så jobba der var veldig vennlige og me blei godt tatt i mot! Hotellet ligger 5 min spasertur frå gamlebyen i Riga, og 10 min frå den nyare delen. Det var litt harde senger, me fekk ei overmadrass og då gjekk det bedre.
Radisson Blu Riga- Ligger sentralt til rett ved Gran Poet. Store og luftige rom, med både dusj og badekar på badet, samt toalettartiklar. Vennlig betjening og god frukost.
Transport
Fly: Både Norwegian og Air Baltic flyr til Riga på 1,5 time.
Trikk og buss: Det er fleire linjer som tar deg rundt i byen, og over på andre sia av elva
Taxi- masse taxier rundtom i byen som var rimelege.
Håpar du blei inspirert av ein tur til Riga og tar med deg nokon av tipsa mine til din Riga tur :)
Eg blei invitert av det offentlige tuistkontoret i Riga, det er ikkje lagt føringar for kva eg skal skriva, alt er mine egne opplevelsar. Opphold, mat og aktivitetar er bekosta av turistkontoret i Riga, men nokon av barane har eg funne sjølve. Har du spørsmål utover desse tipsa, send meg gjerne ein melding eller legg igjen ein kommentar, så svarar eg deg😄Eg har delt nokon innlegg på soiale medier og lagt alle storyane frå turen under høgdepunkter på Instagram. Du er velkommen til å ta ein kikk📸
Comments