top of page
  • Forfatterens bildeEva

Eit eventyr midt på Hardangervidda- Halne Fjellstugu

Ein september dag i fjor reiste min sønn og eg Halne Fjellstugu der me skulle ha ei overnatting. Det er jo perfekt å ta eit stopp der når ein kjører over vidda enten til aust eller vest, for ein overnatting, middag eller kaffepause.

//reklame Halne Fjellstugu✨


Me fekk rom med utsikt utover Halnefjorden og det flotte viddelandskapet. Her var det virkelig ro i sjela - høgt over kvardagen som dei seier på Halne Fjellstugu🙌🏽 Romma er enkle men bekvem, med to enkeltsenger, skrivepult, do og dusj. Det finns òg større rom/leiligheter og hytter ein kan leiga🏘️

Det var tid for middag og me fekk eit koselig bord i spisesalen, det var fyr i peisen og folk kosa seg i hyggeleg lag🔥. På menyen stod det fiskasuppa til forrett, svinasteik til hovedrett og avslutta med sjokoladefondant🍴. Eg sa til den hyggelige servitøren at eg egentlig ikkje ete fisk(kvit fisk), men han sa at denna fiskasuppa laga av sjølvfiska fjellaure måtte eg berre smaka! Ok, eg fulgte anbefalingen hans og han hadde heilt rett, den var heilt nydeleg🤩👌🏽 Svinasteiken var intet unntak, kjempe gode smakar, det var frå villgrisane til eine eigaren, Geirmund. Kveldens måltid blei avslutta med ein lun sjokoladefondant, rennande i midten, akkurat slik den skal vera👌🏽 Ein skjønnar at dei har gode råvarer og ein god kokk når ein får servert eit så godt måltid🤩! Atmosfæren var heilt topp, og eg ser det hyggelig for andre òg å vera gjest her! Geirmund satt seg ned å slo av ein prat med alle gjestane. Detta er noko eg setter pris på og ser at andre gjestar føler seg heima her🥰 Mette og gode la me oss og sov godt gjennom natta. Sjølv om rommet vendte ut mot veien, var det godt isolert så me høyrte ikkje noko støy.


Neste morgon var det duka for frukost med utsikt! Det blei servert buffetfrukost med bra utvalg av pålegg, brød og korn. Og eit stort pluss for å kunna sitta å sjå utover det flotte naturlandskapet. Her var me høgt over kvardagen! Etter frukost kledde me oss og gjekk ned til fjorden, der har dei eit naust med badeståva med utsikt rett ut i fjorden, heilt fantastisk å berre sitta der i freden og skua utover😄 Det blei ingen bading på meg denna gongen, men fristar ved neste anledning👙

I Båtnaustet kan dei laga til selskap og kurs. Tenk deg så herleg å ha event i så flotte omgjevelsar, og ikkje minst at alle er samla! På seinhausten og vinteren ligger båten Halnekongen inni naustet, men den er i full drift ellers i året🛥️

Geirmund var klar med båten sin og skulle ta oss med utpå Halnefjorden, lite viste eg at det kunne bli endå meir magisk🤩 Eg har alltid drøymt om å reisa langt inn på vidda og berre kjenna på roen, og det fekk eg her. Halne Fjellstuggu har eit eget område lengst inn i Halnefjorden med 2 hytter. Detta er nett slik ein kan tenka seg for eit eventyr langt inn på vidda🤩👌🏽Halnefjordhytta er primitivt og sjarmerande med senger, godstolar, eteplass, peis og eit lite kjøkken til å laga mat, på gass. Halnefjordhytta er delt i 3 deler; vestre, midtre og østre. Utedoen fant ein attmed hytta. Nytt av fjordåret var Ragnhildbu som er modernisert med litt bedre komfort og stillig innreda. Her er det flott kjøken med gasskomfyr, dobbeltseng og sofa. Kor herleg høyres det ikkje ut med eit eventyr langt inne på vidda?😄 Neste gong får det bli ein overnatting der😄

Sola skein og me kosa oss ute, det var heilt fantastisk å vera så langt inne på vidda og ikkje høyra ein einaste lyd med naturen som leikeplass for små og store☀️😎. Her er det kun fantasien som setter stopper for leik, pinnar og lauv kan vera lika kjekt som bilar og dokker😄Det er flotte turløyper rett utanfor hyttene som ein kan gå så langt ein ønsker. Me satt å nytte nista vår i solveggen og berre kosa oss. Etterpå kom Greimund og kollegaen og henta oss med båten, dei dreiv å sjekka garna, me fekk vera med å setta garn , ein kjekk opplevelse for store og små.🚤 stilren frå båten rett mot Hardangerjøkulen var praktfull👌🏽 Eg kan ikkje få sagt nok kor heldige me var med vèret, blikkstille på fjorden og sola skein☀️! Når ein er ute på tur i naturen er det viktig å ta hensyn i naturen til dyra rundt og hald naturen reis for boss🦌


Geirmund er ein likandes fyr med mange jern i ilden og bedte meg oppatt ein månad seinare for å halda ein workshop med klassen hans i salg, service og reiseliv VG2 på Ål Vidaregåande skule. Sjølvsagt ville eg det 😁 Det var ei glede å få gjera! I oktober kom eg tilbake og kosa meg med flotte skule elevar, både dei og eg fekk lært litt om reiseliv, blogging, markedsføring og fotografering! Berre sjå desse flotte haustbildene. Halne Fjellstugu var heilt fullbooka, og mange av dei var jegera som var ute på jakt på dagen og hadde det hyggeleg saman på kvelden!


Ser ikkje detta herlig ut så veit ikkje eg :) Håpar de lot dåka frista til eit eventyr på vidda enten det er oventatting eller ein stopp for eit nydeleg måltid! Her sveva me høgt over kvardagen🤩


89 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page