Har du nokon gong drøymt om å våkna opp til ekorn som hopper fra tre til tre og utsikt over fredelege skoger? Det får du hos Lauv Tretopphytter, som ligger i Eidsvoll kommune, kun 1 times kjøring frå Oslo. Reklame// Lauv Tretopphytter.
Eg vil jo sei at slagordet til Lauv Tretopphytter : Logg av stress- Logg på hvilepuls, symboliserer akkurat opplevelsen der!
Det var første fredag i Desember og me satt oss i bilen etter skule og jobb for å reisa ned til Feiring og Lauv Tretopphytter. Sekken var pakka med kosekle, pølser og spel, for no skulle me på hyttetur! Heile familien gledde seg og var spente på å sjå tretopphyttene. Me blei møtt av eit vakkert vinterlandskap på vei opp. Marit som driver Lauv Tretopphytter kom gåande nedover vegen med hesten sin. Me slo av ein prat før me gjekk oppover vegen. Det var ca 300 meter å gå frå parkeringen til tretopphyttene, Ospero, som me budde i, og Knausen som låg like ved. Men med nokon tre mellom så me såg ikkje den andre hytta.
Eg opna spent døra til Ospero og såg kor flott hytta var inni, her var det eit flott skandinavisk design med heimakoselig stemning. Rett innanfor døra var det ein godt utstyrt kjøkenkrok med steiketopp, steikeovn, kjøleskap, innlagt vatn og godt med kjøkenredskaper og service! På kjøkkenbenken stod det sjokolade frå Gjøvik Sjokolade og venta på oss, midt i blinken! Bak kjøkkenet var det eit bad med toalett, vask og dusj. Veldig god komfort vil eg sei! Eit par steg opp kom me til stova med store glas, her var me rett i naturen! Med sofa attåt begge vindauga, bord, eit par stolar og vedovn hadde me det me trengte! På hemsen var det to senger. Utsikten og roen slo meg med ein gong! Her var det kvilepuls!
Eg fyrte i peisen og tok meg ein foto session inne mens ungane og mannen fyrte i bålpanna og leika ute. Det var dags for litt pølser og marshmellows på bålpanna. Det smaka godt! Me kosa oss med aking, lommelykt tur i mørket og trugene som var tilgjengelig for oss før me gjekk inn og resten av gjengen fekk utforska hytta. Det er klart det var spennande å klatra opp på hemsen og sjå både ut og ned på resten av hytta. Me hadde med oss spel og quiz. Veit du kva ein av dei beste tingene med hytteturen var? At det ikkje var dekning der, mobilane låg i sekken og fokuset var på familiehygge. Noko så koselig. Alle har godt av ein SoMe detox! Det hadde isåfall eg :)
(Men det er mogeleg å få internett tilkobling i hytta dersom det er eit must. Eg anbefalar det ikkje).
Etter litt speling og hygge kjente me at me var svultne att, i kjøleskapet stod det ferdig laga speke og ostefjøl som ein kan bestilla. Flatbrød frå Holmen Crisp spekepølse fra Totenkjøtt, ost, grønsaker og bær. Detta kosa me oss vel og lenge med! Den heimalaga rips gelèen var så god, me satt å lurte på smakane, og fekk svar på det i detta instagram innlegget seinare;)
Ungane begynte å kjenna at det var fredagskveld og puta ropte på dei, så det bar opp på hemsen der dei sovna søtt etter ein kjekk dag! Lars og eg satt oss i sofaen nede og berre nytte roen og hadde gode samtalar. Du veit når du snakkar med nokon til vanlig, og nesten alltid ila ein samtale må inn å sjekka noko av samtaleevnte på mobilen, om det er vèret for morgodagen eller noko ein skal gjera neste dag. Det eksisterte ikkje, altså så herlig :D Sitta å sjå på flammane i ovnen mens ein kosar seg, det er hyttekos det! Det er to senger oppe på hemsen og to senger nede, under sofaen så finner ein sengakle til å ligga nede. Siden det er store glas så fekk me sovemasker.
Me sov som nokon steinar, og når me våkna låg me berre å såg ut glaset jammen kom det ikkje eit ekorn hoppande frå tre til tre på jakt etter frukost! Det var magisk for heile familien å berre ligga å sjå ut på det! Frukosten stod klar i kjøleskapet og me kosa oss vel og lenge med heimalaga rundstykker, pålegg, egg og grønskaer. Både spekefatet og frukostpakken kan du legga til i bestillinga, På Lau Tretopphytter har dei fokus på bruk av lokale råvarer og brukar lokale matprodusenter. Kvilepulsen var der fortsatt hos alle oss, så me hadde lite lyst å forlata detta flotta tretoppeventyret! Me pakka saman, vaska oss ut og satt oss på akematta ned til gården. Å hei hvor det går!
Nede på garden slo me av ein prat med vertane og fekk vera med å sjå på dyra deiras, sauene var i fjøset, pusen luska rundt oss på tunet og hestane stod på beitet. Dei var så rolige alle sammen, me skjønnar at dei er flinke med dyr her. Me er jo ein familie som er så glad i dyr, så detta var heilt topp avslutning på eit fantastisk kvilepuls eventyr!
Dette var ei helg som ga oss meir energi enn me kunne forestille oss. Eg håpar du tar deg tid til å oppleve den same roa blant tretoppane! Fram til 1.april får du 20% på overnatting hos Lauv Tretopphytter ved å bruka koden: Eva20
Praktisk info:
Beliggende i Feiring, heilt nord i Eidsvoll kommune, er hyttene lett tilgjengelige, kun ein time fra Oslo og 45 minutter fra Oslo Lufthavn.
Hyttene inneheld: Godt utstyrt kjøkken med steikeovn, koketopp, kjøleskap, service og kjøkkenredskap
300 meter frå parkeringen til hyttene
Mulighet for å bestilla
Opplevelser på gården: Guida fottur eller trugetur i nærområdet med lunsj og god drikke. 3- retters middag med drikke. Middag serveres i veslehuset på tunet, ca 200 m fra hyttene.
Dei tilbyr pick up fra togstasjon eller Gardermoen.
Det er fleire opplevelser ein kan gjera i området rundt; Eidsvoll bygningen, Feiring Jernverk, isfiske, Skeikampen mm.
På Trip advisor har Lauv Tretopphytter fått 5 av 5 , noko så eg kan sei meg enig i!
Nettside: https://lauvtretopphytter.no/
Takk for eit fantastisk kvilepuls eventyr blant tretoppane! Me kjeme gjerne tilbake :)
Detta var eit samarbeid med Lauv Tretopphytter. Det er ikkje lagt føringar for kva eg skal skriva, detta er mine eigne skildringar!
Commentaires