top of page

Reisebrev Rioja- eit eventyr blant vinbodegas og vinranker

  • Forfatterens bilde: Eva
    Eva
  • 17. juli
  • 3 min lesing

Me kjørte gjennom 3 forskjellige landskapstypar frå San Sebastian før me ankom Rioja. Her stod vinrankene bortover så langt auga kunne sjå, med høge fjell i bakgrunnen. Eit fantastisk landskap!

Me svinga inn til vingården me skulle bu på, Eguren Ugarte. Der fekk me eit flott rom på toppen av hotellet med utsikt over vinlandskapet. Detta var prima! Du kan sjå på bildene under.


 

Etter me hadde innlosjert oss gjekk me ned i bodegaen for omvisning og vinsmaking. Det var ein fantastisk flott vinkjellar! Guiden fortalte oss grundig om historien til vingården og familien. Etterpå fekk me smaka på 3 forskjellige vinar, bobler, kvit og raud. Eg la min elsk på den kvite, litt sånn rund med røykesmak!

 

Stemningen var å ta og føla på når resepsjonistane ikkje ytte service slik som me hadde forventa av ein sånn flott plass. Det legger ein demper på oppholdet. Me måtte reisa til nærmaste landsby og få oss litt mat sia det var fult i restauranten og dei ikkje kunne oppdriva ei lita skjeva til oss ein gong. Laguardia var ein veldig liten, men koselig landsby, som heldigvis serverte oss mat! Det var ein flott spott for solnedgang!

Vel tilbake på hotellet var det berre å nyta solnedgangen vidare med eit godt glas vin frå vingården. Neste morgon tok me oss ein tur i hagen og såg på vinranker, planter og vintønner. Detta var kjekt for både barn og vaksne.


 

Me satt kursen mot neste landsby; Haro. Her skulle me berre ha eit lite stopp, men det stoppet blei ganske langt, for her var det bodegaer frå ulike vinprodusenter på rad og rekke; Muga og López de Heredia Viña Tondonia for å nevna nokon kjente. Den eine koseligare enn den andre. Dei hadde alle veldig ulike bodegaer, og felles for alle var at alle folka var veldig hyggelige 😊 Me fekk smaka litt frå dei forskjellige produsentane, og det blei med nokon flasker i kofferten.

 Ein merka ein var i Rioja for alle rundkjøringane var så forseggjort med ulikt vintema i kvar av dei. Ein herlig stemning å vera her.



Me kjørte ca eit kvarter til vår neste og siste overnatting for roadtripen; Hotel Teatrisso, som var eit lite, familiedrevet hotell. Altså her var det skikkelig gjennomført med teater tema både i fellesområda og på romma. Eigaren møtte oss med ein varm velkomst og visa oss rundt på hotellet. Her kosa me oss veldig, slike unike overnattingsplassar som detta er så kjekke!


Me gjekk ut i den bittelille landsbyen Cuzcurrita de Rio Tiròn og fant oss eit bord på ein veldig lokal tapas bar. Her var det kun oss som turistar. Baren fylte seg opp med spanjolar i alle aldra, frå babyer til besteforeldre som skulle sjå kampen, og jammen kom ikkje Spania seg vidare til finalen! Då blei det stor stemning blandt dei ca 500 innbyggarane i landsbyen! Slike landsbyer som er så lokale med få turister er skikkelig artig å besøka :)



Neste dag var det opp tidlig for å setta kursen mot Madrid og hurtigtoget heim til Casaen. Noko som var ein opplevelse i seg sjølv.


Rioja var virkelig ein region som satte spor, med små landsbyer, vinbodegas og fantastisk vinlandskap! Her skal me tilbake til!


Takk for følge! No ventar 3 deilige veker på Casaen med sol og bad!


-Eva

 
 
 

Kommentarer


Eg svarar deg så snart eg kan.

Kontakt:

Eva Berge Reisermedglede 

  • Facebook
  • Instagram
  • LinkedIn
Reisetips rundtom i verden, reiser med glede
bottom of page